Hjem
Middelalderklyngen
føredrag

Kong Magnus og fransiskanarane

I dette føredraget i Bergen Domkirke vil du mellom anna møta Kong Magnus både som juridisk reformator – lovbøtaren – og som kongeleg byggherre.

Kong Magnus
Kong Magnus Lagabøtar frå koret i Stavanger Domkirke.
Foto/ill.:
Landslovsprosjektet

Hovedinnhold

Då Kong Magnus Lagabøtar døydde 9. mai 1280, hadde han valt seg gravstad i fransiskanarkyrkja i Bergen, dagens Bergen Domkirke. Kvifor valde Kongen å bli gravlagd hjå fransiskanarane og ikkje i Kristkyrkja, den tradisjonelle kongelege gravkyrkja som låg på dagens Bergenhus? Der låg kongane før han gravlagde, både far, bestefar og oldefar til Kong Magnus.

Føredraget tek opp interessa Kong Magnus hadde for fransiskanarane, ordenen som vart grunnlagt av Frans av Assisi i 1209 og som etablerte seg i Noreg og også i Bergen om lag 1240. Me veit at Kongen fylgde førelesingar hjå fransiskanarane. Kan me spora ideologien til fransiskanarane i Kongens styring? I føredraget vil du mellom anna møta Kong Magnus både som juridisk reformator – lovbøtaren – og som kongeleg byggherre. Du møter også to føredragshaldarar, juristen professor Jørn Øyrehagen Sunde, UiB og arkeologen fyrsteamanuensis Alf Tore Hommedal, UiB. Desse to møtest i mellomalderhistoria og freistar saman å gripa nokre av tankane og haldningane til Kong Magnus Lagabøtar.

Føredraget vert arrangert i samarbeid mellom Katedralforum, Bergen Domkirkes Menighet og Landslovsprosjektet og Mellomalderklynga ved Universitetet i Bergen. Det vert halde i Kong Magnus si gravkyrkje, dagens Bergen Domkirke, på årsdagen for Kongens død, 9. mai 2019 kl. 19.00.