Hjem
Middelalderklyngen
mellomalderkloster i bergen

Klostera som sette spor

Bur du i Jonsvollkvarteret, på Klosteret, nær Nonneseter eller Munkebotn? Då ser du dagleg spora etter Bergen sine mellomalderkloster, i form av gate- og stadnamn.

Nonneseter i Bergen
NONNESETER KLOSTER: Framleis kan me sjå restane av klostertårnet attmed bybanestoppet Nonneseter, i tillegg til eit lite kapell nedst i Kaigaten.
Foto/ill.:
Åslaug Ommundsen

Hovedinnhold

Det fyrste klosteret me veit om som vart stifta i Bergen, er Munkeliv på Nordnes, som vart oppretta tidleg på 1100-talet. Dette var eit benediktinarkloster, eit hus for munkar som levde etter Sankt Benedikts regel.

Soga fortel at klosteret vart stifta av kong Øystein Magnusson (1088–1123), bror av den noko meir kjende Sigurd Jorsalfare. Øystein var soneson av Olav Kyrre, som grunnla Bergen, og han ville nok utvikla den nye byen som kyrkjeleg senter, i tillegg til å konsolidera si eiga makt der.

Velståande

Munkeliv vart eit velståande og prominent kloster, og det låg strategisk til. På det tidlege 1100-talet var Bergen framleis ein relativt ung stad, med mesteparten av folkesetnaden konsentrert i Vågsbunnen og området me no kjenner som Bryggen.

Klosteret på Nordnes har soleis lege i landlege omgjevnader, men med utsyn til byen og Kristkyrkja på andre sida av Vågen, og det har nok vore godt synleg for innbyggjarane, ei påminning om kongeleg og kyrkjeleg makt.

I 1393, mindre enn femti år etter Svartedauden, gjekk dei sokalla vitaliebrørne (i praksis sjørøvarar) til åtak på klosteret og gjorde stor skade.

Spor av klosteret

I 1536 vart anlegget øydelagt, og som arkeologen Øivind Lunde skriv, skulle den strategiske plasseringa vise seg "å bli klosterets skjebne". I ei tid då det galdt å få gjennomført den protestantiske reformasjonen, kunne ein ikkje lata eit potensielt militært støttepunkt for katolikkane få stå i fred.

Me kan ikkje sjå spor av klosteret over bakken, men det lever vidare i namn som Klosteret, Munkelivsgaten og Munkebekksmauet, og på Historisk museum kan me sjå bygningsdetaljar som vart tekne vare på etter utgravingar på 1800-talet, inkludert eit portrett av kong Øystein. Og frå toppen av Klosterhaugen er utsikta framleis flott.

Nonnene ved vatnet

Benediktinarklosteret Nonneseter vart truleg grunnlagt av anten kong Sigurd Jorsalfare eller bror hans, kong Øystein Magnusson.

Dersom Øystein stifta Nonneseter so vel som Munkeliv, må det ha hendt før han døydde i 1123. Men det er mogleg, slik mellomalderforskaren Åslaug Ommundsen har gjort framlegg om, at klosteret ikkje vart ferdig før Øystein gjekk bort, slik at etableringa vart fullført under Sigurd. Uansett er klosteret eitt av dei eldste i byen.

På denne tida var det me kjenner som Store og Lille Lungegårdsvann bundne saman av eit smalt sund. Det var her klosteret låg, med eigedomar som strekte seg sørover mot det som no er Nygård og nordaust mot sida av Fløyen.

Døypte Lungegården

Framleis kan me sjå restane av tårnet attmed bybanestoppet Nonneseter, i tillegg til eit lite kapell nedst i Kaigaten. Nonneseter har òg gjeve namn til Nonnestien, gangvegen som går på austsida av Store Lungegårdsvann.

Til liks med kollegaene i Munkeliv opplevde Nonneseter ein nedgang etter Svartedauden. På 1400-talet var det berre nokre få nonner att, og i 1528 gav kongen det til lensherren Vincens Lunge, og soleis vart klosteret heitande Lungegården – og gav dimed namn til dei to vatna òg.

Jonsklosteret

Jonsvollkvartalet har namnet sitt etter Jonsvollane, men kvar kjem namnet Jonsvollane frå? Kring 1150 vart eit nytt kloster stifta her i området mellom Engen og Strandgaten, nemleg Jonsklosteret, tileigna Johannes døyparen. Klosteret har gjeve namn til vollane det låg ved, sjølv om ingen andre synlege spor står att.

I motsetnad til Munkeliv og Nonneseter, som var benediktinarkloster, levde bebuarane i Jonsklosteret etter Augustins regel, kalla opp etter den store teologen Augustin av Hippo.

Jonsklosteret kan ha vorte grunnlagt av Erling Skakke (d. 1179), far til den unge kongen Magnus Erlingsson (1156–84). Magnus var ikkje kongsson, men mor hans, Kristin, var dotter av kong Sigurd Jorsalfare.

Kanskje Erling grunnla Jonsklosteret på oppmoding frå erkebiskop Øystein, både for å styrkja alliansen med kyrkja og som ein demonstrasjon av rikdom og makt? Ifylgje ei kjelde frå 1500-talet, Bergens fundas, skal han nemleg ha lova å grunnleggja augustinarhuset Halsnøy då sonen Magnus vart krona til konge. Frå sogelitteraturen veit me òg at Ingebjørg, dotter av Magnus og soleis barnebarn av Erling, budde i Jonsklosteret då ho vitja byen i 1208.

Gav namn til Munkebotn

I strid med daglegdags språkbruk er dominikanarane strengt teke ikkje munkar, men sokalla preikebrør. Preikebrørne skulle ikkje mura seg inne i kloster, men ferdast ute blant folk og spreia den rette katolske læra.

Dominikanarhuset i Bergen vart grunnlagt på 1240-talet og låg på Holmen, ved området som no heiter Bontelabo. Me har ingen fysiske spor av bygningane, som må ha vore av tre: Klosteret brann nemleg ned i 1528, og vart aldri bygd opp att.

Ironisk nok har kanskje dominikanarane, som jo ikkje er munkar i eigentleg forstand, gjeve namn til dalføret Munkebotn i Sandviken. Dette området høyrde til huset på Holmen, og dominikanarane dukkar òg opp i mange av legendene om munkefiguren i fjellsida.

Prega bybiletet

No kan det vera at det er denne fjellformasjonen som har gjeve namn til Munkebotn, men kanskje var det munkane sitt nærvær som gjorde folk merksame på at steinane i fjellsida kunne likna ein menneskeskapnad i kutte?

Det fanst andre ordenar i mellomalderens Bergen enn dei som er nemnde her. Verken fransiskanarane, antonittane eller birgittinarane har fått gater eller område kalla opp etter seg.

Til gjengjeld har særleg benediktinarklostera Munkeliv og Nonneseter fått prega bybiletet – og kanskje er det berre rett og rimeleg, med tanke på kor store og rike desse institusjonane var i sine velmaktsdagar.

Artikkelen stod først på trykk i Bergens Tidende