Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
Retningslinjer

Søk om Polyfon forskingsstøtte

Søknadsfristar: 1. februar og 1. oktober kl. 13.00. Dersom desse faste fristane fell på ein fridag, vert fristen utsett til kl. 13.00 første kvardag etter dette. Det vert lagt opp til rask sakshandsaming.

Instrument
Polyfon deler ut forskingsstøtte til eit breitt spekter av forskingsprosjekt som kjem praksisfeltet til gode.
Foto/ill.:
Wes Hicks

Hovedinnhold

Tilsette hjå Polyfons klyngedeltakar er velkomne til å søkje om forskingsstøtte. Både fagpersonar, erfaringskonsulentar og leiarar kan søkje, gjerne i samarbeid. Ein kan svært gjerne samarbeida med ulike eksterne aktørar, men prosjektleiar må vera tilsett hos ein klyngedeltakar.

Søknader vert evaluerte av ein ekstern vitskapleg komité, medan Polyfons sekretariat tar seg av dei administrative sidene av vurderings- og tildelingsprosessane.

Sekretariatet gjev gjerne råd til deg som arbeider med søknadar og prosjekt. Førespurnader om råd og rettleiing sendast til: polyfon@uib.no

Sjå gjerne denne oversikta over kva prosjekt som tidlegare har fått støtte.

Krav til og rammer for søknader

    Søknader skal innehalde ei prosjektskisse med tydeleg presentasjon av bakgrunn, problemstilling(ar), teori, metode, og etiske aspekt. Der det er relevant, kan IMRAD-formatet brukast til å strukturere prosjektskissa. Såkornfunksjon, tidsplan, finansieringsplan og formidlingsplan må også vere med.

    Dersom ein søkjer midlar til eit prosjekt som tidlegare har fått Polyfon-støtte, må dette gjerast eksplisitt og søkjar må gjere greie for i) kor langt prosjektet er kome, og kva som står igjen ii) korleis tidlegare tildeling er brukt, iii) kvifor det er behov for ytterlegare støtte.

    Det kan søkjast om støtte til drift og/eller til frikjøp av person eller gruppe i klynga, til engasjement av ekstern ekspertise og/eller til engasjement av student(ar) i forskarassistentoppdrag. Aktuelle søknadssummar er avgrensa nedover til kr. 20 000, – og oppover til kr. 120 000,-.

    Søknader skal vere godkjende av leiinga hjå aktuell deltakar i klynga. Ei slik godkjenning skal dokumenterast ved at ein i det digitale søknadsskjemaet lastar opp ein e-post der leiinga eksplisitt stadfestar at den konkrete søknaden er godkjent.

    Normalt er det forventa at klyngedeltakaren stiller med ein eigeninnsats som minst svarar til den summen det vert søkt om. Eigeninnsats kan t.d. vere avsett forskingstid eller permisjon med løn til prosjektarbeid. Dersom fleire klyngedeltakarar samarbeider om eit prosjekt, kan eigeninnsatsen fordelast mellom aktuelle klyngedeltakarar. Det er då viktig at søknaden er tydeleg forankra hos kvar av dei samarbeidande klyngedeltakarane, og at det kjem fram reell eigeninnsats hos kvar av dei samarbeidande klyngedeltakarar.

    Ved tilslag, vert støtte utbetalt til søkjande klyngedeltakar, som forvaltar tildelinga.

    Søknaden sender du inn på det elektroniske søknadsskjemaet.

    Retningslinjer for vurdering av søknader

    Den vitskaplege komiteen som vurderer innkomne søknader, arbeider etter følgjande retningslinjer:

    • Det fagfeltet kunnskapsklynga Polyfon arbeider med er musikk og helse i vid forstand, inkludert musikkterapi. Klynga arbeider tverrfagleg innan dette feltet, så det er ikkje eit vilkår at søkjaren skal kome frå musikkterapifaget
    • Prosjektkvalitet er eit hovudkriterium ved vurdering, samstundes som det vert gjort ei heilskapleg vurdering ut i frå klyngas visjon, verdiar, målsetjingar og satsingar (sjå gjeldande strategidokument)
    • Midlane skal ha ein såkornfunksjon, slik at prosjektsøknader bør peike fram mot vidare utvikling og gjerne også ekstern finansiering
    • Søknader må vise at det blir lagt til rette for brukarmedverknad så langt dette er mogeleg og relevant. I folkehelserelaterte prosjekt kan dette eventuelt realiserast som folkeforsking (citizen science)
    • Der det er relevant, kan søknader gjerne leggje til rette for samarbeid med master- eller ph.d.-prosjekt, med andre klyngedeltakarar og med fagpersonar frå ulike tradisjonar
    • Søknader skal formelt og fagleg vere forankra hos aktuell klyngedeltakar