Søk om sommarstipend
Polyfon lyser ut sommarstipend for musikkterapistudentar kvart år. Ved utlysing kan opp til 2 stipend verte øyremerkte priortiterte prosjekt. Søknadsfrist: 1. februar kl. 13.00. Det vert lagt opp til rask sakshandsaming.
Hovedinnhold
Studentar i musikkterapi eller musikk og helse ved Norges musikkhøgskole og studentar i musikkterapi ved Griegakademiet (UiB) er velkomne til å søkje sommarstipend. Stipenda er på kr. 40.000 (trekkfritt inntil grensa for frikort) og svarar til 6 vekers fulltidsarbeid. Det er også mogeleg å søkje om halvt stipend på kr. 20.000, der to studentar går saman om å søkje eit stipend. Det er ikkje mogleg for avgangsstudentar å søkje.
Søknader og førespurnader om faglege råd sendast til polyfon@uib.no
Generell informasjon om ordninga
Nokre sommarstipend går til prosjekt som studentar sjølve har tatt iniativ til, andre går inn som del av eit forskarinitiert prosjekt. I begge tilfelle må studentane ha rettleiing av ein forskar. Er du motivert for å søkje om sommarstipend, tilrår vi difor at du i god tid før søknadsfristen tar kontakt med ein forskar ved CREMAH eller GAMUT og diskuterer mogelegheiter.
Søknader vert evaluerte av ein ekstern vitskapleg komité. Kunnskapsklyngas administrative koordinator tar seg av formelle og administrative sider av vurderings- og tildelingsprosessen. Klyngeleiar kan gje faglege råd i arbeid med søknadar og prosjekt, og kan formidle forslag om potensielle samarbeidspartar, der det er ønskje om det.
Krav til søknader og til rapportering
Søknader skal vere korte og konsise og skal innehalde:
- Ei prosjektskisse på ca. 1200 ord, med tydeleg presentasjon av bakgrunn for prosjektet, problemstilling(ar), teori, metode, og etiske aspekt
- Der det er relevant, kan IMRAD-formatet brukast til å strukturere prosjektskissa
I eit vedlegg til prosjektskissa, skal søkjaren skissere:
- Personalia (namn, adresse, tlf. og e-postadresse) på student og rettleiar
- Intendert såkornfunksjon (t.d. korleis prosjektet kan fremme fag- eller praksisutvikling eller korleis det kan peike fram mot publisering eller eit framtidig ph.d.-prosjekt)
- Tidsplan for gjennomføring
- Planar for formidling (maks 50 ord)
Søknadar skal vere underteikna av både student og rettleiar. Ein kort prosjektrapport vert sendt inn til Polyfon seinast ein månad etter avslutta stipendperiode.Vi inviterer alle studentar med sommarstipend til å dele funn og erfaringar på framtidige Polyfon-konferansar. Følg med på utlysing/call for papers!