Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Forsking

Internasjonale PhD-studentar ved SKOK

Senter for kvinne- og kjønnsforskning (SKOK) husar no ei gruppe internasjonale PhD-studentar i kjønnsstudier frå institusjonar i Sverige, Ungarn og Sør-Afrika.

STINT stay-in residency
Foto/ill.:
Tomas Salem

Hovedinnhold

Studentane er del av eit forskningsprosjekt finansiert av den svenske Stiftelsen for finansiering av høgare utdanning og forsking (STINT): New Tools for Transnational Analysis in Postgraduate Intersectional Gender Research.

I løpet av dei neste vekene skal studentane delta i ein rekke gruppediskusjonar, arbeidsverkstader og seminar ved SKOK. Gjennom dette arbeidet håper dei å styrke det internasjonale samarbeidet og utveksle idear innan kjønnsforskingsfelten.

Oppstartskonferansen til forskaropphaldet vart halden i Ida Bloms hus på måndag og tysdag 18. og 19. september 2017, og hadde eit variert program med innlegg frå lokale forskarar, diskusjonar omkring nøkkelomgrep i kjønnsstudier, presentasjonar knytt til bokprosjektet som gruppa skal arbeide med, og sjølvsagt også tid til mingling og sosialt samvære, der deltakarane fekk mogelegheit til å bli betre kjend.

Tema for konferansen var geopolitiske dimensjonar ved transnasjonal feministisk forsking, og deltakarane fekk reflektere rundt variasjonen i meininga til ulike omgrep, som interseksjonalitet, transnasjonalisme og geopolitikk gjennom debattar og innlegg.

– Vårt mål med prosjektet er at me gjennom å samle folk frå ulike stader i verda, skal skape rom for å reflektere omkring korleis kunnskap er situert. Hierarkiske maktstrukturar som rase, klasse og kjønn er sett saman på ulike måter ulike stader i verda, og me håper at samtaler og debatt på tvers av landegrenser vil føre til ein auka bevissthet blant deltakarane om koreleis slike maktstrukturar påverkar formene for kunnskap som blir produsert, seier senterleier ved SKOK, Christine M. Jacobsen.

På måndagen heldt førsteamanuensis ved SKOK, Kari Jegerstedt, eit innlegg der ho drøfta korleis meiningsinnhaldet i post-kolonial teori endrar seg avhengig av den geopolitiske konteksten på stadene der teorien er utvikla og nytta. Ho trekte på si eiga omfattande forsking på sør-afrikansk litteratur, og viste korleis ei sakte lesing av litteratur, som både påverkar vår fantasi og våre ønsker, kan hjelpe oss å utfordre dei situerte posisjonane til både forfattar og lesar.

Jegersted analyserte eksisterande analyser av den sør-afrikanske overgangen frå apartheid gjennom to ulike Spivak-inspirerte lesingar av Zaka Mda's roman The Heart of Redness: ei lesing fokusert på kjønn og den andre på temporalitetane av post-kolonien som/og hendinga. Ho stilde spørsmål ved kor vidt post-kolonial litteratur har prioritert forklaringar med hovudvekt på identitetspolitikk og rase, og underspilt betydninga av dei materielle og sosio-økonomiske førehalda ved overgangen.

Tysdag kom statsvitar Torunn Wimpelmann frå Chr. Michelsens Institutt (CMI) til SKOK for å halde eit innlegg om hennar nye bok, The Pitfalls of Protection. I boka undersøker Wimpelmann ulike syn på vald mot afghanske kvinner som eit inntak til å forstå samspelet mellom ulike kjønnsideologiar, feministisk politikk, stat, og konkurrerande suverenitetar i dagens Afghanistan.

I innlegget sitt drøfta ho også dei etiske dilemmane som ho opplevde knytta til si rolle som vestleg forskar som forska på kjønn i Afghanistan, og reflekterte rundt dei geopolitiske aspekta ved boka hennas og vestleg kunnskapsproduksjon om Afghanistan. For Wimpelmann vart det i boka viktig å sjå på møtet mellom transnasjonale maktrelasjonar i landet, heller enn å fokusere på lokale kjønnsdynamikker, i anerkjenninga av dei etiske utfordringane ved tradisjonelle utviklingsstudier. 

PhD-kandidatane skal være ved SKOK dei neste vekene, og delta i skriveverkstader, SKOK sin årlege PhD-stafett, og det kommande PhD-kurset om kjønn, seksualitet og geopolitikk leia av Randi Gressgård. Både PhD-stafetten og PhD-kurset er opne for studentar ved UiB.