Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Internasjonalisering

Frå tørke i Cape Town til våt haust i Bergen

– Så mykje vatn! Vatn over oss, ved sida, og under oss! Dei unge forskerspirene frå Sør-Afrika kikkar forbløffa utover fjorden.

Gruppa ved Dale
Suesheela McWatts, Susan Gredley, Rebecca Helman, Sara Heilevang, Maria Telles og Carmine Rustin tek ein pust i bakken på veg opp Bergsdalen ved Dale.
Foto/ill.:
Tomas Salem

Hovedinnhold

Dei ser på fossane som strøymer ned fjellsidene på andre sida og på regnet som piskar mot glaset. Sjølv om den jamne bergensar nok vil hevde at værgudane har velsigna oss vestlendingar med ein uvanleg flott haust, er kontrasten likevel stor til tørkeramma Cape Town, der innbyggjarane no må rasjonere vatnet i springen.

– Me får pakke sekken full av flasker før me fer heim att, seier ei av dei, til latter frå resten av PhD-kandidatane i bilen.

Me er på veg austover, til Nærøyfjorden og Flåm, for å vise fram den flotte vestlandsnaturen til dei fem PhD-studentane i kjønnsstudier som har gjesta SKOK sidan midten av september, finansiert gjennom universitetet sitt Strategiske program for forskings- og undervisningssamarbeid (SPIRE), og den svenske Stiftelsen for finansiering av høgare utdanning og forsking (STINT). Carmine Rustin, Susheela McWatts, Susan Gredley og Rebecca Helman er frå Sør-Afrika og arbeider til vanleg ved University of South Africa og University of the Western Cape, medan Maria Telles frå Finland er tilknytta Central European University i Budapest, Ungarn. Den norske kunstnaren Sara Heilevang og Tomas Salem ved SKOK er lokale guidar på turen og peikar stolt i alle himmelretningar medan dei forklarer at her regnar det mykje, så dette er så autentisk som det blir.

Tida i Bergen har bydd på eit travelt program, med skriveseminar i regi av Nina Lykke og Redi Koobak frå Linköpings universitet, samt PhD-stafett og PhD-kurs ved SKOK, der dei tilreisande forskarane har hatt mogelegheit til å treffe lokale PhD-kandidatar og få eit innblikk i kjønnsforskninga ved UiB. Dei har også presentert sine prosjekt ved fleire anledningar, og bidrege til eit levande og engasjert debattklima ved SKOK i dei vekene opphaldet har vart.

– Det sosiale aspektet under opphaldet har vært veldig viktig, seier Susan Gredley. – Og så var det veldig nyttig å kunne presentere våre eigne prosjekt og få tilbakemelding under PhD-stafetten, legg Carmine Rustin til. Susheela McWatts er samd, ho hevdar at arbeidet i gruppa har fått henne til å sjå sitt eige arbeid i nytt lys. For henne var det første gang ho fekk anledning til å legge arbeidet fram for andre.

Gruppa meiner dei har hatt stort fagleg utbytte frå opplegget ved SKOK. Rebecca Helman frå University of South Africa trekk særleg fram diskusjonane rundt høve mellom geopolitikk og kunnskapsproduksjon, og problematiseringa av Vesten si dominerande rolle i vitskapleg diskurs som interessante tema som vart drøfta. Gjennom dette arbeidet har studentane blitt meir medvitne på korleis maktførehald nedfelt i geografi får konsekvensar for kva som blir rekna som god vitenskap.

Under opphaldet i Bergen har dei lest og drøfta innsikt frå post-kolonial feministisk litteratur, og knytta innsikt frå dette feltet til deira eiga forsking. Maria Telles meiner at samtalene med forskarar frå ulike nasjonale kontekstar har vært produktiv og skapt rom for nye spørsmål:

– Men eg vil gjerne understreke at samarbeidet ikkje kjem til å ende her. Etter å ha blitt kjend med einannan kjenner me oss no komfortable med å kontakte kvarandre i framtida, for å samarbeide om kommande prosjekt.

Trass i høgt akademisk og sosialt utbytte er gruppa samd: Turen til Sognefjorden har absolutt vært eit høgdepunkt. Og sjølv om vêret ikkje er med oss i dag, legg det ikkje ein dempar på stemninga:

– Hadde det ikkje regna så hadde me ikkje sett så mange fossar, høyrer eg nokon utbryte entusiastisk bak i bilen på veg heim mot Bergen. Når sjølv ikkje tett tåke, tunge skyer, og vestlandsk striregn lukkast i å øydeleggje stemninga, ja då er turen ein suksess.