Hjem
Senter for vitenskapsteori
Holbergprisvinnar 2023

Joan Martinez-Alier: konfliktar rundt miljø og fastsetjing av verdi

I dette seminaret vil Zora Kovacic vil gi ei oversikt over sentrale omgrep utvikla av Holbergprisvinnaren i 2023, Joan Martinez-Alier.

Picture of Joan M. Alier and the logo of the Holberg Prize
Holbergprisen 2023 blir tildelt den katalanske forskaren Joan Martinez-Alier for forskinga hans innanfor økologisk økonomi, politisk økologi og miljørelatert urettferd.
Foto/ill.:
Joan Vidal, Holberg Prize

Hovedinnhold

Holbergprisen, ein av dei største internasjonale prisane som årleg blir tildelt forskarar innanfor fagfelta humaniora, samfunnsvitenskap, jus og teologi, gjekk i 2023 til den katalanske forskaren Joan Martinez-Alier.

Martinez-Alier er professor emeritus ved Institute of Environmental Science and Technology, Universitat Autònoma de Barcelona (ICTA-UAB). Han kjem til å ta i mot prisen under ein seremoni i Universitetsaulaen i Bergen 8. juni.

Martinez-Alier får prisen for si banebrytande forsking innanfor økonomi, politisk økologi og klimarettferd. Han er kjent for å kritisere rådande økonomisk teori og den dominerande forståinga av økonomisk vekst. Han har også ein framståande posisjon både som fagperson og offentlig intellektuell innanfor den stadig vaksande rørsla for agroøkologi og "nedvekst" ("degrowth").

I dette seminaret kjem Zora Kovacic til å fokusere på Martinez-Alier si forsking på fattige sine miljøkampar, såkalla "verdispråk" (valuation languages) og miljørettferd. Arbeidet hans har bidrege til kritikken av verdivurderingar av miljøet basert på kroner og ører, samt til utviklinga av alternative tilnærmingar med mål om å synleggjere urfolks- og lokalkunnskap. Martinez-Alier blir sett på som ein av grunnleggarane av fagfeltet økologisk økonomi.

Webinaret er ope for alle interesserte, og for å delta treng du berre å klikke på Zoom-lenka kl. 12, måndag 24. april.

--

Zora Kovacic er førsteamanuensis II ved Senter for vitskapsteori (SVT) ved UiB og Ramón y Cajal Research Fellow ved Urban Transformation and Global Change (TURBA) lab, Universitat Oberta de Catalunya. Ho har ein ph.d. frå samme institutt som Martinez-Alier, ICTA-UAB, der ho skreiv om bruken av kompleksitetsteori i vurderinga av vitskap for politikkutforming.