Hjem
Senter for vitenskapsteori
Holbergprisen 2022

Korleis kan ein studere vitskap og teknologi som sosial handling?

Dette er eit sentralt spørsmål i forskinga til årets Holbergpris-vinnar, Sheila Jasanoff, som har samarbeida med forskarar ved Senter for vitskapsteori ved UiB i ei årrekke.

A woman with brown hair, a purple and orange sari and a read necklace
13. mars 2022 blei det kjend at årets Holbergpris gjekk til den amerikanske forskaren Sheila Jasanoff for hennar banebrytande forsking innanfor vitskaps- og teknologistudiar.
Foto/ill.:
Sheila Jasanoff: Martha Stewart. Logo: The Holberg Prize

Hovedinnhold

Jasanoff, som er ein pioner innanfor vitskaps- og teknologistudiar (STS), mottok prisen for si banebrytande forsking innanfor feltet. STS handlar om korleis "vitenskap og teknologi påvirker samfunn, politikk og kultur – og motsatt."

– Eg er særs nøgd med Holberg-juryen si avgjersle, seier professor Roger Strand ved Senter for vitskapsteori (SVT) ved UiB, Holbergprisen sin ekspertkontakt for årets vinnar.

I følgje Strand har SVT samarbeida med Jasanoff i 20 år. I denne perioden har ho støtta senteret som styremedlem i rådgivande utval for forskingsprosjekt, gjennom samarbeidsavtalar mellom Bergen og Harvard ved Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO) og i mange andre samanhengar.

Rasmus Slaattelid, senterleiar ved SVT, seier det følgande om årets Holbergpris-vinnar:

– Sheila Jasanoff forskar på kontaktflatene mellom vitskap, teknologi og samfunn. Korleis er dei spleisa saman? Utgangspunktet er at vitskap og teknologi ikkje eksisterer isolert frå samfunnet elles, men er innvovne i sosiale praksisar og er sjølve sosial handling. Korleis kan ein studere vitskap og teknologi som sosial handling? Det er eit grunnleggjande spørsmål som Jasanoffs forsking har forsøkt å finne svaret på. Resultata av forskinga hennar har hatt stor innverknad på fagfeltet vitskaps- og teknologistudiar.

STS ved SVT

Ei rekke forskarar ved SVT bidreg innanfor STS-feltet. Forskarane bak Centre of Actionable Knowledges (AcKnowledges), som er med i finalen om å  bli Senter for framifrå forsking (SFF), nemner STS som eitt av felta dei bygger senterideen på. I SFF-søknaden er Jasanoff sin artikkel frå 2021, Humility in the Anthropocene, nemnd som eitt av fleire sentrale døme på litteraturen om kontaktflatene mellom vitskap og samfunn som AcKnowledges tek utgangspunkt i. Dersom det blir finansiert kjem senteret til å starte opp ved SVT mot slutten av 2022.

Sosiotekniske førestillingar

Ei viktig inspirasjon for SVT sitt arbeid er det Jasanoff kallar sosiotekniske førestillingar ("sociotechnical imaginaries"), i følgje Roger Strand.

I artikkelen Containing the Atom: Sociotechnical Imaginaries and Nuclear Power in the United States and North Korea gir Jasanoff og medforfattar Sang-Hyun Kim følgande definisjon av konseptet: "… collectively imagined forms of social life and social order reflected in the design and fulfillment of nation-specific and/or technological projects."

– Dette konseptet har vore spesielt inspirerande for CCBIO og arbeidet i det nyleg avslutta Horisont 2020-prosjektet MAGIC, der SVT var partnar, seier Strand.

Sosiotekniske førestillingar er også sentrale i ei nyleg publisert bok av Strand og SVT-kollegaen Anne Bremer, Precision Oncology and Cancer Biomarkers (tilgjengeleg for gratis nedlasting). Frå introduksjonen:

"In addressing the issues at stake and matters of concern around precision oncology and cancer biomarker research, the authors come to see precision oncology as a sociotechnical imaginary, around which a high degree of confusion between hope and reality is observed, and where debates around the feasibility and desirability of precision medicine are altogether political, social, ethical, scientific and medical."

Semje oppstår i samspel mellom vitskap og politikk

Få dagar etter at Holbergpris-vinnaren blei annonsert skreiv Strand og SVT-kollegaen Kjetil Rommetveit ein artikkel i Aftenposten om årets vinnar. Artikkelen blei publisert i Viten, avisa si satsing på forsking og vitskap som forskarar og fagfolk frå heile landet bidreg til.

I artikkelen, Hvorfor blir vi enige om noe som helst?, skriv Strand og Rommetveit:

 – Med årets vinner har Holbergprisen slått et slag for et mer nyansert syn på vitenskapens offentlige rolle i demokratiske samfunn.

I følge forfattarane er Jasanoff sitt enkle, og kanskje provoserande svar på spørsmålet i tittelen at semje oppstår i samspel mellom vitskap og politikk.

Roger Strand publiserte også eit essay om Sheila Jasanoff i Morgenbladet i juni: Hvorfor kan ikke rektorer og statsråder sette seg inn i kunnskapen om forskningspolitikk?

Seminarserie om Jasanoff sitt arbeid

For å feire utnemninga av Jasanoff til årets Holbergpris-vinnar og utforske arbeidet pristildelinga baserer seg på, arrangerer SVT ein seminarserie leia av forskarar ved senteret:

Serien kjem til å introdusere Jasanoff sitt arbeid, vise ulike døme på korleis ein kan bruke dei sentrale konsepta hennar i praksis, og diskutere dei normative implikasjonane av forskinga hennar.

Sjå også Roger Strand i samtale med Jasanoff her: Holbergsamtalen 2022.

Tilknyttet innhold