Hjem
Spesialsamlingene
Språksamlingane

Namnegransking

Språksamlingane inneheld ei rekke samlingar med namn, i hovudsak stadnamn. Dei vert brukte både i forsking og i forvaltinga av Lov om stadnamn. Nokre samlingar er digitalisert, men ikkje alle er på nettet i skrivande stund. Nedanfor omtalar vi dei største samlingane.

Hovedinnhold

Norske stedsnavn | Norske stadnamn
Språksamlingane har utvikla ein nettstad for vising av digitaliserte datasett med stadnamn. Norske stedsnavn | Norske stadnamn er ein plattform for å vise alle digitaliserte datasett på nettet i ein samla portal. Denne plattforma kan handtere datasett anten dei inneheld få eller mange stadnamn. Det er òg mogleg å lenke til eksterne stadnamndatasett gjennom nettenester/API.

Portalen er ei nettbasert teneste til bruk for alle frå namegranskarar, historikarar og geografar, til alle interesserte i norske stadnamn – til allmenneige for alle.

Den nasjonale stadnamnbasen
Den nasjonale stadnamnbasen inneheld om lag 700 000 namn totalt i Stedsnavnarkivet og Oppslagsarkivet. I tillegg inneheld basen 3 700 originale innsamlingskart i Kartarkivet.