Hjem
Spesialsamlingene
Språksamlingane

Termportalen

Velkommen til Termportalen ved Språksamlingane – ein nasjonal portal for terminologi! Termportalen gir fri tilgang til norsk terminologi på ei lang rekkje fagområde via éi felles søkjerute. Det er mogleg å søkja på tvers av fagområde, termbasar og språk.

Hovedinnhold

I Noreg har det i lang tid vore etterlyst eit initiativ for å etablera ein nasjonal termportal som eit verktøy for å sikre utvikling og tilgjengeleggjering av norsk terminologi. Dette arbeidet er no godt i gang i regi av Universitetet i Bergen. I Termportalen utviklar me ein infrastruktur for terminologi der flest mogleg av allereie etablerte nasjonale terminologiske ressursar blir integrerte via éi felles søkjerute.

Termportalen gjev brukarar fri tilgang til norsk terminologi innanfor ei lang rekkje fagområde, og målet er å samla flest mogleg eksisterande terminologiressursar i portalen og samstundes utvide med terminologi på nye fagområde. Dei fleste termbasane har terminologi på bokmål, nynorsk og engelsk, mens ein del termbasar òg har terminologi på andre språk.

I tillegg til søkjesida til Termportalen er det utvikla ein redigeringsapplikasjon som kan brukast fritt til registrering av terminologi. Ta kontakt med oss på termportalen@uib.no dersom du ønsker å komme i gang med terminologiarbeid på ditt fagområde.

Termportalen er ein del av Språksamlingane ved Universitetet i Bergen, og arbeidet med terminologi skjer i samråd med Språkrådet. Termportalen er finansiert av Kunnskapsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet.