Hjem
Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Alumniportrett

Lektorutdanning kan òg føre til anna arbeid enn lærarjobb

Erlend fullførte lektorprogrammet ved NT-fakultetet i 2022 og arbeider no i Aqua Kompetanse.

Hovedinnhold

Kvifor valde du å ta lektorprogrammet?

Då eg skulle bestemme meg for kva eg skulle søke var eg i tvil, og var innom mange ulike studieretningar. Felles for alle alternativa var at det innebar mykje realfag. Når eg oppdaga at ein ved lektorprogrammet er det stor grad av reine disiplinfag i tillegg til didaktikk og pedagogikk vart valget enkelt. Eg kunne godt sjå for meg å jobbe som lærar, og det er godt muleg eg havnar der til slutt, men det føltes mindre bindande ved at ein også får ein god utdanning innafor faga du velger. 

Kva stilling har du i dag, og kvar arbeider du?

I dag jobbar eg som rådgivar i vanndynamikkavdelinga i Aqua Kompetanse. Det vil seie at det er innanfor konsulentvirksomheit i akvakulturnæringa.

Kan du fortelje om arbeidsoppgåvene dine, og korleis du får nytte av utdanninga di i jobben?

Ein stor del av jobben som rådgiver/konsulent er å kunne formidle dei resultata/konklusjonane til ein kunde eller forvaltninga. Det vil seie å kunne forklare større og mindre komplekse problemstillingar og metodar til andre som ikkje har samme bakgrunn innafor tema. I denne delen av jobben kjem det godt med å ha erfaring med undervisning og praksis frå utdanninga. Til tross for at det ikkje er ein skuleklasse ein skal undervise til i eit tema, er det ein del av dei samme pegagogiske verkemidlane som går igjen her. 

Kan det vere aktuelt å bytte til læraryrket seinare?

Det kan absolutt være aktuelt. Største grunnnen til at eg valgte å søke jobb utanfor skulen i første omgang var nok følelsen av at reint fagleg kunnskap visnar først. Men å kunne ta med seg erfaring frå anna arbeidsliv inn i læreryrket ved ein seinare anledning trur eg kun er positivt.  

Kva var det beste med studietida di?

Det må nok utvilsamt være friheten ein har som student. Men eg vil og trekke fram det gode samhaldet eg opplevde på lektorutdanninga og NT generelt. Eg opplevde at organiseringa av faga er lagt godt til rette for samarbeid med medstudentar, som gjorde det enkelt å komme i kontakt med medstudentar på tvers av studieretning. Samhaldet på lektorutdanninga vil eg trekke fram som veldig god, og eg har framleis mykje kontakt med fleire av medstudentane frå den tida. 

Vil du tilrå andre å ta lektorprogrammet?

Det vil eg absolutt anbefale ja:)