Ny og revidert studieplan for master i barnevern høst 2023
Dette er studieplanen som gjeld for deg som startar hausten 2023. Her finner du også kva emner du skal ta i og kva rekkefølge
Hovedinnhold
I tråd med Forskrift om nasjonal retningslinje for masterutdanning i barnevern (2021) har vi utvikla eit studieløp som både styrkar den faglege fordjupinga for barnevernspedagogar og inkluderer eit tverrfagleg studiemiljø på relevante emner. Desse endringane gjeld frå studieåret hausten 2023.
I den nye studieplanen for master i barnevern styrker vi profileringa for masterstudiet med eit fagspesifikk introduksjonsemnet Borns utvikling og velferd (MABARN326, 15 stp). Her får studentane ein innføring sentrale teoriar og forsking om barns utvikling og velferd. I tillegg til at ein utviklar evner i å bruke kunnskapsdatabaser og akademisk skriving. I neste emne Barnevernet sine beslutningsprosessar og rettslære (BARN402, 15 stp) vil studentane få avansert kunnskap om juridisk metode relevant for barnevernsfeltet. I BARN402 vil undervisninga vere saman med masterstudentar i barnevernsarbeid.
Vårsemesteret startar med ei fordjuping i anten kvalitativ forskingsmetoder (HEM303, 15 stp) eller kvantitative forskingsmetoder (HEM304, 15 stp) som gjer avansert kunnskap til å innhente og analyser vitskapleg data. Undervisning i dette emnet skjer saman med andre masterutdanningar ved Instituttet for helse, miljø og likeverd. På vårsemesteret vil det vere ei fordjuping i emnet Forsvarleg rettsbruk og rettstryggleik i barnevernet (MABARN329, 15 stp). Studentane får inngåande kunnskap i sentrale rettskjeldar og utvikle evner i å nytte denne kunnskapen i praktisk barnevernsarbeid.
På andre året av studieløpet startar haustsemesteret med emnet Endringsarbeid, tiltak og prosjektplanlegging (MABARN431, 15 stp) her får ein avansert kunnskap i teoriar og modellar relevant i endringsarbeid med barn og familiar, både på individ og systemnivå. I dette emnet vil delar av undervisninga vere saman med masterprogram i barnevernsarbeid. Dette emnet vil vere med å førebu studentane for emnet MABARN435 (15 stp) Kunnskapsbasert barnevernfagleg praksis på individ- og systemnivå.
Siste vårsemester arbeidar studentane med Masteroppgåve i Barnevern (MABARN330, 30 stp). Her arbeidar studentane i parvis med å handsame ein barnevernfagleg problemstilling under fagleg rettleiing.