Hjem
Det psykologiske fakultet
Dette bør du vite om praksis ved Det psykologiske fakultet

Alt om praksis

Skal du ut i praksis eller ta imot studentar i praksis? Her finn du generelle rettar, reglar og plikter som du må kjenne til, og kva som særleg gjeld kvart enkelt studium.

Hovedinnhold

Politiattest

Ved studiestart blir du bede om å senda inn ein gyldig politiattest. Denne må vera på plass før du kan starte i praksis. Du søkjer om politiattest gjennom Studentweb.

Les meir om krav til politiattest på denne sida: Krav om politiattest | UiB student

Taushetsplikt

Det er viktig at du set deg godt inn i reglane for taushetsplikt. Som student i praksis er du underlagt dei same reglane for taushetsplikt som personalet ved praksisinstitusjonen, jf. Universitets- og høgskulelova § 4-6

Ver merksam på at du ikkje kan legge ut informasjon eller dele bilder som omhandlar praksisplassen eller aktivitetar knytt til denne på private eller offentlege sosiale medier eller annan kommunikasjon som kan føre til brot på taushetsplikta.

Du signerer for taushetsplikta når du godkjenner utdanningsplanen din i Studentweb.

Tilrettelegging i praksis

Viss du har ei funksjonsnedsetjing, sjukdom eller andre særskilde behov som gjer det utfordrande for deg å gjennomføre praksis, kan du har rett på tilrettelegging. 

Du må søkja om tilrettelegging så tidleg som mulig før du skal ut i praksis. Jo tidligare du søkjer om tilrettelegging, jo betre hjelp kan vi gi. Søknadar uten dokumentasjon vil ikkje bli behandlet. 

Les meir om tilrettelegging av praksis og finn søknadsskjema på denne sida: Tilrettelegging i praksis | UiB

Skikkethetsvurdering

For studenter som skal bli lærarar, psykologar, logopedar eller spesialpedagogar blir det stilt krav til skikkethet for yrket. På desse utdanningane blir studentane løpande skikkethetsvurdert gjennom gjennom heile studiet.

Les meir om skikkethetsvurdering på denne siden: Skikkethetsvurdering i utdanning | Det psykologiske fakultet

Krav til oppmøte

Krav om oppmøte går fram av studieplanen eller emneplanen din. Du finn også nærare informasjon knytt til fråvær på praksisnettsidane for dei einskilde utdanningane.

Gyldig fravær

Følgande forhold tel som gyldig fravær: 

  • eigen sjukdom og born sin sykdom, med de avgrensingane som går fram av arbeidsmiljøloven § 12-9
  • dødsfall i nær familie eller hos andre studenten har et nært forhold til, dersom dødsfallet skjer innan to veker før eksamen, se § 6-6
  • begravelse eller bisettelse, jf. føregående punkt
  • pålegg frå offentleg myndigheit om at studenten pliktar å møte fram ein annan stad når vurderingen finn stad
  • forhold utanfor studenten sin kontroll som gjer det sterkt urimeleg å kreve at studenten gjennomfører ei vurdering.

Krav til dokumentasjon

Sjukdom kan dokumenterast med ein attest frå lege, psykolog eller anna sakkunnig person. Du finn meir informasjon om kvar du sender inn denne dokumentasjonen på det aktuelle emnet i MittUiB.

Skade under praksis

Dersom skade skjer i praksisstudiar, er det praksisplassen som har arbeidsgivaransvar for studentane og studentane har de same rettane som andre tilsette på praksisplassen. Praksisstaden følgjer opp studenten etter eigne retningslinjer for handtering av slike saker.

Forsikringsordninger

Yrkesskadeforsikringsloven gjeld i utgangspunktet ikkje for studentar. Dersom studentar er i praksis kan det likevel på visse vilkår utbetalast ytingar etter yrkesskadeforsikringslova i tillegg til ytingar etter folketrygdlova.

Les meir om yrkesskadeforsikring på denne sida: Forsikringsordninger | UiB

Bu- og reiseutgifter

Du kan få dekka bu- og reiseutgifter knytt til praksis.

Les meir om korleis du går fram for å søke om refusjon på denne sida: Refusjon av utgifter for studenter | Det psykologiske fakultet

Klagerett

Du kan ikkje klage på sluttvurdering i praksis. I Universitets- og høyskoleloven § 5-3 femte ledd (2005) står følgjande: «Bedømmelse av muntlig prestasjon og vurdering av praksisstudiet eller lignende som etter sin art ikke lar seg etterprøve, kan ikke påklages». 

Kvalitet i praksis

Godt samarbeid, erfaringsdeling og informasjonsutveksling mellom studentane, praksisfeltet og fakultetet er sentralt for å sikre god kvalitet i praksis. Dette vert mellom anna sikra gjennom samarbeidsavtalar og eigne praksisavtalar mellom Det psykologiske fakultet og aktørane som tar i mot studentane våre. 

Vi har også eit eige varslingssystem der studentar kan melde frå om kritikkverdige forhold og uønska hendingar. Les meir om Si fra-systemet og meld ifra om kritikkverdige forhold på denne siden: Si ifra! | UiB