Hjem

Barnevern, master, 2 år

Barnevernet har eit særleg ansvar for å sikre viktige samfunnsverdiar som barn sin rett til vern og omsorg. På studiet lærer du korleis utsette familiar skal bli møtte med god fagleg kunnskap, openheit og dialog.
  • Lengde2 År
  • Plassar25
  • KarakterkravC
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Programmet er blitt revidert i 2023. Sjå her for meir informasjon

For deg som starta hausten 2021 og 2020 og følgjer gammal utdaningsplan, vil den utdanningsplanen og studieplanen du starta på gjelde til du er ferdig. 

Barnevernfagleg kompetanse byggjer på bidrag frå fleire ulike fagdisiplinar, mellom anna psykologi, juss, pedagogikk og sosiologi. Utdanninga skal gje progresjon som byggjer fagleg bru mellom bachelor i barnevern og master i barnevern.

Studiet skal få fram barnevernspedagogar som kan reflektere kritisk over eigen praksis, samt vurdere samanhengar mellom samfunnsmandat, politiske diskursar, teori, forsking, gjeldande regelverk og relevant rettspraksis. Utdanninga skal setje kandidaten i stand til å forstå og forvalte dei verkemidla barnevernet rår over, slik at barn og unge som lever i utsette livssituasjonar får riktig hjelp til rett tid.

Masterprogram i barnevern gjev kandidatane kompetanse til å utøve kunnskapsbasert praksis i tenestene.  Etter enda utdanning har kandidaten avansert kunnskap om barnevernsfaglege arbeid med barn, unge og familiar som lever i ein utsett livssituasjon. Det barnevernfaglege arbeidet inneber førebygging, rettleiing, utgreiings- og endringsarbeid, samt forvalting, saksbehandling og kritisk tenking i avgjerdsprosessar.

Meir informasjon under

Master i Barnevern

Producer:
UiB

I tillegg til master i barnevern tilbyr vi også master i barnevernsarbeid. Begge masterutdanningane er utvikla i tråd med Forskrift om nasjonal retningslinje for masterutdanning i barnevernsarbeid og i barnevern. I desse retningslinjene er det fleire fellesmoment, blant anna styrking av barnevernsfagleg juridiske kompetanse, mangfald- og kulturkompetanse og å fremje analytisk og kritisk tenking. Det unike ved master i barnevern er at utdanninga vil gje ein ytterlegare fordjuping på det det meir direkte arbeidet retta mot barn og familier. Master i barnevernsarbeid vil på si side gje ein ytterlegare fordjuping innan førebygging, innovasjon og å sjå barn og familiar i utsette livssituasjonar i ys av større samfunnsmessige forhald.

Med ulike opptakskrav svarer begge masterutdanningane til kompetansekravet skildra i barnevernslova som trådte i kraft 1. januar 2022. Alle som ønsker å utføre kjerneoppgåver i det kommunale barnevernet etter 2031, må ha mastergrad i barnevern eller barnevernsarbeid.

Jobb

Vanlege arbeidsområde er kommunalt og statleg barnevern, i og utanfor institusjon. Kandidatane vil tileigne seg kompetanse som også vil kunne vere relevant for arbeid med barn og unge si psykiske helse, kriminalomsorg og for arbeid i barnehage og skole.Utdanninga skal også kvalifisere til arbeid i ulike kompetansemiljø, forskings- og utdanningsinstitusjonar.

85 prosent av dei med utdanning frå Det psykologiske fakultet seier dei er i relevant jobb to år etter at dei avslutta studia.

Meir informasjon under

Sølve B. Randal master i barnevern
Jeg ville ha en tydeligere akademisk plattform
Sølve B. Randal
Avdelingsleder

Oppbygging 

Masterprogrammet i barnevern er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.    

NB: Studieplan for dei som starta på programmet hausten 2022.  Om du starta på studiet hausten 2022, skal du fullføra etter den studieplanen som var gjeldande då du starta studiet.   NY studieplan høsten 2023!I 2023 ble studieplanen revidert. Studentar som startar på programmet hausten 2023 vil følgje den nye studieplanen: 

Første semester 

  • MABARN326 Barns utvikling og velferd (15 stp.)
  • MABVA402 Barnevernet sine beslutningsprosessar og rettslær (15 stp)

Andre semester 

  • MABARN329 Forsvarleg rettsbruk og rettstryggleik i barnevernet (15 stp.)
  • HEM303 / Qualitative Methods and Research Planning eller HEM304 / Quantitative  Methods and Reaserch Planning (15 stp.)

Tredje semester

  • MABARN431 Endringsarbeid, tiltak og prosjektplanlegging (15 stp)
  • MABARN435 Kunnskapsbasert barnevernfagleg praksis på individ- og systemnivå (15 stp.)

Fjerde semester

 

Studiekvardag 

Master i barnevern er eit heiltidsstudium på 2 år. Utdanninga skal gje progresjon som byggjer fagleg bru mellom bachelor i barnevern og master i barnevern. Det er eit mål å vidareutvikle kandidaten si evne til analytisk tenking og til å bruke barnevernsfagleg kompetanse i arbeid med barn og familiar. Utdanninga skal integrere teori, empiri og ferdigheitstrening.

Master i barnevern blir tilbyde Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) ved Det psykologiske fakultet.Grunnlaget for studiet er førelesingar og arbeid i seminargrupper. Du har seks obligatoriske emne. Emna leiar fram til arbeidet med masteroppgåva, som du kan finne tema for i samarbeid med fagmiljøet.  

Undervisinga vil i hovudsak vere på norsk, men noko av undervisinga vil vere på engelsk.  

Kva lærer du

Med ein mastergrad i barnevern får du: 

  • avansert kunnskap om omsorgsvilkår og kva oppvekstvilkår har å seie for barn si utvikling og helse
  • avansert kunnskap om kjelder til kunnskapsbasert praksis i utgreiings-, vedtaksprosessar og tiltaksarbeid.
  • inngåande kunnskap om sentrale rettskjelder i barnevernet og kunnskap om barnet si stilling som rettssubjekt og den rettslege reguleringa av familielivet
  • inngåande kunnskap om samfunnsvitskaplege metodar, vitskapsteori, og forskingsetikk med relevans for barnevernfeltet
  • avansert kunnskap om kommunikasjon og brukarmedverknad i arbeid med barn og deira familie
  • inngåande kunnskap om fagleg leiing, kollegarettleiing og tverrfagleg og tverretatleg samarbeid

Full liste med læringsutbyte

Utveksling 

Du kan ikkje reise på utveksling i dette studiet. 

Korleis søkje

For å søke dette studieprogrammet må du: 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her