Spesialpedagogikk, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- Ordinær48,1
- Primær42
- Plassar23
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Alle menneske har ulike føresetnader for læring. I bachelorstudiet i spesialpedagogikk får du eit breitt fagleg fundament for å kunne hjelpe barn, unge og vaksne med særlege behov. Dette kan vere unge som er svært evnerike, så vel som unge med ulike lærevanskar og personar med utviklingshemming. På studiet lærer du korleis du kan avdekke barn og unge sine styrker og utfordringar, og korleis du kan identifisere barrierar som kan hindre dei i å delta i eit inkluderande fellesskap.
Viktige tema innan spesialpedagogikk er:
- Korleis kan vi legge til rette for å inkludere barn i barnehagar og skular?
- Korleis kan vi tilpasse opplæringa for barn og unge med ulike funksjonsnedsettelsar gjennom utdanningsløpet?
- Kva rettigheiter er det viktig at vi kjenner til, og korleis kan ein sikre at opplæringsinstitusjonane klarar å ivareta rettigheitene til barn og unge med særlege behov?
Du lærer korleis den enkelte kan få den beste hjelpa, men også om korleis vi varetar alle sine behov ved å utvikle eit godt system for samanheng og samarbeid mellom heim, barnehage/ skole.
Under studiet får du også kjennskap til aktuelle lovverk og andre styringsdokument som regulerer det spesialpedagogiske arbeidet.
Jobb
Spesialpedagogisk kompetanse blir etterspurt i utdanningssektoren. Med ein bachelorgrad i spesialpedagogikk kan du t.d. arbeide som assistent i barnehage og skule.
Andre relevante stillingar er for eksempel som konsulent innanfor fylkes- eller kommunesektoren, eller i helse- og omsorgssektoren.
Med bachelorgraden i spesialpedagogikk er du også kvalifisert til å søkje deg videre til ulike masterprogram ved Det psykologiske fakultet som:
- Master i spesialpedagogikk
- Master i pedagogikk
- Master i pedagogikk deltid (nettbasert)
- Master i logopedi
- Master i helsefremmande arbeid og helsepsykologi
- Master i barnevernsarbeid (krev minst eit års relevant yrkeserfaring, sjå opptakskrav for nærare beskriving)
Meir informasjon under
Oppbygging
Bachelorprogrammet i spesialpedagogikk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved UiB. Obligatoriske emne på studiet er 15 studiepoeng innføringsemne og 125 studiepoeng spesialisering. I tillegg kan du ta 30 valfrie studiepoeng.
Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste på emnesidene.
Studiekvardag
Velkomen til eit bachelorprogram i spesialpedagogikk! Vi starta opp i 2016 med fokus på blant anna språk, lese –og skrivevanskar. Som student i spesialpedagogikk blir du del av eit godt studiemiljø.
Studiet er bygd opp av:
- Forelesingar
- Seminargrupper
- Praktiske øvingar
- Bacheloroppgåve
- Praksis
- Sjølvstudium
- Ekskursjon
I ei typisk veke på studiet må du rekne med om lag 4-6 timar undervisning, for det meste i form av forelesingar og seminar.
Praksis er ein viktig del av studiet. Du får ei veke praksis i barnehage og ei veke i grunnskule der du vil få eit kort innblikk i kva som kjenneteiknar livet i barnehagen og i grunnskulen, alt organisert av Det psykologiske fakultet.
Eitt semester av studiet (til saman 30 studiepoeng) er valfrie emne. Det vil seie at du kan velje blant relevante emne(lenke) som blir undervist ved UiB, og skreddarsy graden til dine karriereplanar og interesser.
Spesialpedagogikkstudentane kan lese på fakultetet sine lesesalar i Christies gate 12 og i lesesalar i U. Pihls hus. På fakultetet er det også grupperom som kan nyttast.
Kva lærer du?
I bachelorstudiet får du gjennom teoriundervisning på campus og observasjonspraksis i barnehage og skule kunnskap om og innsikt i kva som kjenneteiknar det spesialpedagogiske fagfeltet. Meir konkret får du kunnskap om og mogelegheit til å arbeide med tema knytt til ulike funksjonsnedsettingar, samt korleis lovverk, etikk og profesjonstenking påverkar utviklinga av det norske utdannings- og støttesystemet. Bachelorstudiet har fokus på utdanning og opplæring for alle, eit inkluderande fellesskap, samt forsking som er relevant for å iverksette ulike tiltak retta mot barn og unge med ulike føresetnader for læring.
Sjå liste over heile læringutbytet
Utveksling
På bachelorprogrammet i spesialpedagogikk er det forventa og fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i ditt 5. semester, og tar 30 valfrie studiepoeng i eit anna land. Det er viktig å reise på utveksling for å få nye perspektiv og erfaringar frå andre stader og eit anna universitet. UiB og Det psykologiske fakultet har mange gode avtaler å velje mellom, og du kan sjølv velje om du vil reise på utveksling til universitet i Norden, Europa, eller til land utanfor Europa som er særleg relevante for deg som studerer spesialpedagogikk. Vi kan til dømes anbefale universitet i USA, Canada, Australia, Sør-Afrika, New Zealand, Danmark, Storbritannia, Nederland og Spania.
Slik går du fram for å reise på utveksling.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.