Hjem

Psykologi, profesjon, 6-6,5 år

For å bli autorisert psykolog, må du ha profesjonsstudiet i psykologi. Om du lurer på kvifor vi menneske er slik vi er, og gjer slik vi gjer, er dette studiet for deg.
  • Lengde6 År
  • Ordinær66
  • Primær58
  • Plassar100
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng360
  • StartHaust

Hovedinnhold

Varsel om endringar: Frå og med hausten 2021 er det nokre mindre justeringar i studieplanen grunna oppdaterte nasjonale retningslinjer for alle grunnutdanningar innan helse- og sosialfag (RETHOS). Les meir om dette lengst nede på denne sida.

Det kan også forekomme andre og mindre justeringer av emnene i studieplanen.

Som psykolog kan du bidra til å hjelpe og løfte menneske i ein vanskeleg livssituasjon. Du er med på å fremje psykisk helse i samfunnet, og du kan spele ei viktig rolle for andre menneske.  

Det er i dag stort behov for fleire psykologar. Stadig fleire unge slit med si psykiske helse, noko som også har store økonomiske konsekvensar for det norske samfunnet. Også i næringslivet er det eit aukande behov for psykologar, som ein konsekvens av at fleire opplever psykiske utfordringar.  

Profesjonsutdanninga varer i seks år, og du vil lære å forstå, førebygge og behandle psykologiske problem og dysfunksjonell åtferd. Men fokuset femner også om mykje meir enn sjukdom: 

  • Du lærer om korleis menneska sitt kjensleliv oppstår og fungerer, kva det eigentleg vil seie å vere bevisst og sjølvbevisst, og kva tankar eigentleg er. 
  • Du lærer om personlegdom, kva personlegdom eigentleg er, korleis erfaringar og hendingar i barndommen kan påverke deg seinare i livet, og om korleis vi menneske påverkar kvarandre i sanntid.  
  • Du lærer om korleis vanar og ubevisste val kan påverke deg, kvifor det kan vere så vanskeleg å endre seg, sjølv om vi vil, og kvifor du likar nokon og mislikar andre.  

Alle desse temaa undersøkjer vi med variert forskingsmetodikk. Du vil få innblikk i korleis vi forstår og gjennomfører forsking. Du får lære mykje om psykiske sjukdommar, korleis dei vert sette i kontekst til kvar enkelt sin situasjon (alder, sosialt nettverk, personlegdom), og korleis dei kan behandlast med psykologiske metodar. Du får òg møte menneske som har psykiske plager, og hjelpe desse til å få det betre, i samarbeid med ein erfaren psykolog.  

Psykologifaget vil passe for deg som interessert i menneske og som synest det er spennande å utforske problem som ikkje alltid har opplagde eller enkle løysingar. Du får bruke eit breitt spekter av dine eigne personlege eigenskaper i arbeidet som psykolog. Du får bryne deg på ei rekke interessante problem og møte mange ulike mennesketypar. 

Jobb

Cand.psychol.-graden gir grunnlag for autorisasjon som psykolog. For tida er det mangel på psykologar i mange sektorar, både i det offentlege og det private, og arbeidsmarknaden er derfor god. 

Dei vanlegaste arbeidsområda for psykologar er: 

  • helsevesenet 
  • forsking og undervisning 
  • skolevesenet 
  • organisasjonar 
  • sosialsektoren
  • privat praksis og private verksemder, for eksempel som konsulent 

Du kan gå vidare etter cand.psychol.-graden: 

Du kan blant anna søke opptak til ph.d.-programmet. Doktorgraden (Philosophiae doctor, ph.d.) kvalifiserer for faste stillingar innan forsking og høgare utdanning. Du kan også ta spesialistutdanning for psykologar, for eksempel innan arbeidspsykologi, familiepsykologi eller nevropsykologi.

Meir informasjon under

Oppbygging

Profesjonsstudiet i psykologi er eit integrert 6-årig masterprogram (12 semester).  

Første studieår 

  • Du får ei brei innføring i psykologifaget.

Andre studieår 

  • Du lærer om korleis mennesket utviklar seg gjennom heile livet, biologisk, kognitivt, sosialt og personleg. Dette året lærer du òg meir om dei ulike metodane vi har for å kunne forske innan psykologien, samtidig som du lærer meir om kognitive og emosjonelle prosessar og hjernens funksjon.

Tredje studieår 

  • Du møter dine første pasientar og skal anvende kunnskapen din i praksis. Du lærer om korleis fordommar oppstår og om korleis grupper påverkar den enkelte.

Fjerde studieår 

  • Du lærer meir om korleis du kan behandle ulike psykiske lidingar hos barn, ungdom, vaksne og eldre. Du lærer også om korleis fordommar oppstår og om korleis grupper påverkar den enkelte. 

Femte studieår 

  • Dette året lærer du om kva samfunnsmessige faktorar har å seie for psykisk helse og livskvalitet, og korleis ein kan førebyggje sjukdom og fremje helse gjennom lokalsamfunnsbaserte tiltak og tiltak på systemnivå.

Sjette studieår 

  • Dette året får du erfaring som praktiserande psykolog under systematisk rettleiing og blir førebudd på oppgåver du vil få som yrkesaktiv psykolog. Dette året skal du også skrive hovudoppgåve med eit relevant tema som du sjølv skal velje.

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardagen

Profesjonsstudiet går over seks år og har mykje obligatorisk undervisning. Derfor er det også ei sterk kullkjensle, og du blir godt kjend med medstudentane dine. Som student hos oss har du også gode moglegheiter for å engasjere deg i studentforeiningar og ta del i mange sosiale studentaktivitetar og tilbod. Du får tett oppfølging av dyktige og engasjerte førelesarar, og blir godt kjend med dei ulike fagområda. 

Studiet er bygd opp av: 

  • forelesingar 
  • seminargrupper 
  • laboratoriumsøvingar og praktiske øvingar 
  • ekskursjon  
  • individuelle oppgåver 
  • munnlege presentasjonar 

I ei typisk veke har du ca. 30 timar undervisning. I tillegg må du rekne med tid på lesesalen med pensumlitteraturen. Praksis er også ein viktig del av studiet. Periodane med praksis er fordelt slik:  

  • 3. semester: PRPSYK302 Barnehagepraksis: 1 veke 
  • 5. semester: PRPSYK306 Klinisk nevropsykologi: 2 veker 
  • 6. semester: PRPSYK307 PPT-praksis: 4 veker 
  • 8.-10. semester: PRPSYK314 Intern-klinisk praksis: 6-8 timar i veka i 54 veker
  • 10. semster: PRPSYK315 Samfunnspraksis, 4 veker
  • 11. semester: PRPSYK316 Ekstern fordjupingspraksis: 5 dagar i veka i 19 veker 

For deg som startar studiet i 2021 vil emnekoden vere PRPSYK (feks PRPSYK302)

Alle emna på profesjonsstudiet er obligatoriske, også praksisemna. Mykje av undervisninga er obligatorisk, og krava til frammøte er strengare enn ved mange andre studium. Det er fordi du ikkje kan tileigne deg ein psykologisk tenkemåte berre ved å lese pensum. Undervisninga er derfor slik at den integrerer teori, metode og praktisk erfaring.  

Som del av studiet skal du skrive ei hovudoppgåve som omhandlar psykologiske problemstillingar i brei forstand under rettleiing av ein erfaren psykolog. Som psykologistudent vil du halde til ved Det psykologiske fakultet i Bjørn Christiansens Hus, Christies gate 12 i Bergen sentrum og i Alrek helseklynge, Årstadveien 17. Du vil også få undervisning i auditorium og seminarrom ved Det samfunnsvitskaplege fakultet like ved. 

Kva lærer du?

  1. Eit breitt spekter av ferdigheiter innan psykologisk utgreiing og behandling.
  2. Planlegging og utvikling av behandling og tiltaksprogram på eit vitskapleg grunnlag.
  3. Planlegging, leiing og gjennomføring av førebyggande arbeid samt utviklings- og endringsarbeid hos individ, grupper, organisasjonar og miljø.

Utveksling

Ved Det psykologiske fakultet er det forventa og fagleg tilrådd at du reiser på utveksling i løpet av studietida di. På grunn av koronasituasjonen er det visse innskrenkingar, men som profesjonsstudent kan du ha fleire utvekslingsopphald, også utanfor Europa. Du beheld plassen din på kullet og følgjer normal studieprogresjon, sjølv om du er på utveksling. 

  • Dersom du har valsemesteret i ditt 5. semester, kan du reise på utveksling og ta valfrie kurs ved universitetet du utvekslar til.
  • Du kan òg reise ut i ditt 7. semester. Då må du passe på at emna du tek erstattar dei obligatoriske emna du har som profesjonsstudent Universitetet i Bergen same semester.
  • I tillegg kan du søke om å få ta din eksterne fordjupingspraksis i ditt 11. semester ved tre utvalde klinikkar i Cape Town i Sør-Afrika og ved The Berkeley Clinical Science Practicum Experience Program, UC Berkeley i USA.

Som profesjonsstudent kan du utveksle gjennom Det psykologiske fakultet sine avtalar i tillegg til UiB sine sentrale avtalar. Du kan reise på utveksling til blant anna Australia, New Zealand, Sør-Afrika, USA, Canada, Norden, og fleire andre europeiske land.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søker du?

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her

 

 

RETHOS – Nye nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane  

Dei nye nasjonale retningslinjene for helse- og sosialfagutdanningane (RETHOS) skal sikre at utdanningane er framtidsretta og i tråd med behova både hos brukarane og tenesteytarane. RETHOS definerer sluttkompetansen for kvar utdanning og utgjer ein såkalla minstestandard for kompetanse. Forskrifta skal sikre eit nasjonalt likeverdig fagleg nivå, slik at uteksaminerte kandidatar har ein felles sluttkompetanse, uavhengig av kvar dei tek utdanninga si.  

 

RETHOS og dei norske profesjonsutdanningane i psykologi 

Forskrift om nasjonal retningslinje for psykologutdanning gjeld for universitet og høgskular som tilbyr psykologutdanning og som er akkreditert etter lov om universiteter og høyskoler § 1-2 og § 3-1. Forskrift om nasjonal retningslinje for psykologutdanning gjeld for 6-årig profesjonsutdanning i psykologi som består av 360 studiepoeng og gir graden cand.psychol.

For dei fire norske profesjonsutdanningane i psykologi (Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim) gjeld RETHOS frå og med haustsemesteret 2021.   

Meir informasjon finn du på den nasjonale RETHOS-sida