Home

Professional studies in psychology

This programme is taught in Norwegian and you must document Norwegian language proficiency to be considered for admission. The programme description is only available in Norwegian.
  • Years6 Years
  • ECTS360
  • StartAutumn

Main content

Velkommen til studiestart på profesjonsstudiet i psykologi!

Frammøte: Det psykologiske fakultet tilbyr mentorordning. Måndag 12. august går med til å bli kjend med Det psykologiske fakultet og mentorgruppa di. Mentoren din vil ringe deg i veke 32 for å informere om tidspunkt og møtestad.

Obligatorisk velkomstmøte

  • Tid: Onsdag 14. august kl 10.30.
  • Stad: Auditorium 129, Christies gate 12.
  • NB: Dersom du ikkje kan kome på velkomstmøtet, må du melde frå skriftleg så snart som råd info.psyfa@uib.no og dokumentere gyldig fravær. Manglande oppmøte kan elles føre til at du mister studieretten. 

Program: Her finn du program for studiestarten og anna nyttig informasjon om oppstarten og fakultetet. 

Ta med: når du møter den første dagen treng du ikkje ta med deg noko.

Bli klar som student: Meir informasjon om det du treng å vite og gjere før studiestart, finn du på Ny student-siden

Krav til politiattest: Du må vise fram politiattest ved studiestart. Politiattesten søker du om på studentweb.uib.no, etter du har aktivert brukarkontoen. Du får politiattesten innan to veker frå politiet fekk søknaden viss du har oppretta digital postkasse. Politiattesten lastar du opp til UiB innan 1. september

Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 98 50 eller info.psyfa@uib.no

Følg oss på SOME