Hjem
Det psykologiske fakultet
Student

Avslutningsseremoni ved Det psykologiske fakultet

Avtroppende studenter våren 2024
Foto/ill.:
Silje Katrine Robinson

Hovedinnhold

Kandidatar som har fullført ein grad ved Det psykologiske fakultet blir invitert til ei markering for å feire dette.

Det er vanlegvis seremoniar to gangar i året, i januar/februar (profesjon) og i juni (alle). På avslutningsseremonien kan kandidatane feire at dei har fullført ein utdanning saman med medstudentar, vener, familie og representantar frå institutta og fakultetet. 

Kvar student får invitere to gjester.

Vi gjer merksam på at det ikkje vil vere utdeling av vitnemål under avslutningsseremonien. UiB har gått over til digitale vitnemål. Du vil få ditt vitnemål gjennom vitnemålsportalen når det er klart. 

Tidspunkt for avslutningsseremoni for profesjonsstudentar som fullfører graden haust 2024:

Tid: Fredag 31. januar kl. 12-14.

Stad: Info kjem

Tid og stad for komande seremoniar for bachelor-, master- og profesjonsstudentar kjem.

PPU og lektorutdanninga har eigen seremoni.