Hjem
Det psykologiske fakultet
Student

Avslutningsseremoni ved Det psykologiske fakultet

Studenter med diplom og ros utenfor aulaen
Studenter foran museet etter seremonien
Foto/ill.:
Tor Brødreskift

Hovedinnhold

Kandidatar som har fullført ein grad ved Det psykologiske fakultet blir invitert til ei markering for å feire dette.

Det er vanlegvis to seremoniar i året, éin i januar og éin i juni. På avslutningsseremonien kan kandidatane feire at dei har fullført ein utdanning saman med medstudentar, vener, familie og representantar frå institutta og fakultetet.

Våren 2023 vil seremoniane på grunn av høge studenttal gå over to dagar.

Bachelorseremoni:

Onsdag 14. juni kl. 12.00-14.00 i Egget på Studentsenteret.

  • Bachelor i generell psykologi   
  • Bachelor i arbeids- og organisasjonspsykologi   
  • Bachelor i pedagogikk   
  • Bachelor i spesialpedagogikk

Enkel servering etter seremonien i Dialogen i Christies gate 12.

Kvar student kan invitere med seg to gjester.

Masterseremoniar:

Det blir to seremoniar torsdag 15. juni i Universitetsaulaen:

Kl. 10.00-12.00

  • Master i psykologi   
  • Master i arbeids- og organisasjonspsykologi   
  • Master i pedagogikk   
  • Master i pedagogikk deltid   
  • Master i spesialpedagogikk

Kl. 13.00-15.00

  • Master i barnevern   
  • Master in Global Development Theory and Practice   
  • Master i helsefremmende arbeid og helsepsykologi   
  • Master i logopedi   
  • Profesjonsstudiet i psykologi

Enkel servering etter kvar seremoni i Dialogen i Christies gate 12.

Kvar student kan invitere med seg maksimum to gjester.

Meld deg inn i UiB Alumni – så kan vi halde kontakten vidare!

PPU og lektorutdanninga har eigen seremoni.