Kriminalisering av unge menn i Iran
Shahram Khosravi frå Stockholms universitet er aktuell med si nye bok Precarious Lives: Waiting and Hope in Iran.
Hovedinnhold
Boka er eit etnografisk verk der han flettar saman innsikt frå urban ungdomskultur i Iran og migrasjonsstudier for å danna eit samansett og nyansert samtidsbilete av Iran.
Khosravi er tilknyta forskningsprosjektet “WAIT - I vente på en usikker fremtid: temporaliteter rundt irregulær migrasjon,” og var innom SKOK i slutten av mai for eit møte med prosjektgruppa til WAIT, og for å presentere boka si for det lokale kjønn- og migrasjonsforskningsmiljøet i Bergen. Han har tidlegare publisert bøkene The ‘Illegal’ Traveler: an auto-ethnography of borders (2010), og Young and Defiant in Teheran (2008), og arbeidt med desse verka ligg tydeleg til grunn for forteljingane og analysa han presenterer oss for i Precarious Lives.
– Eg har etter kvart blir klar over at dei to felta mine, unge menn i Iran og irregulære migrantar i Europa, eigentleg er eitt og same felt. Begge handlar om grenser, marginalisering og venting, sa Khosravi då han la fram boka si for eit stort publikum i Ida Bloms Hus.
Der Khosravi si første bok, Young and Defiant in Teheran, fokuserer på dei romlege og geografiske rammene for Iransk ungdomskultur, ser han i Precarious Lives nærmare på tid, venting og førestillingar om framtida blant unge iranske menn. Saman fortel bøkane samtidshistoria til Iran.
– Ei av utfordringane i arbeidt med boka har vært dei etiske aspekta knyta til å studere iranske menn i ei tid prega av islamofobi, hevda Khosravi. Korleis skrive om vanskelege tema, som vald i heimen og kjønnsskilnader utan å reprodusere dominerande representasjonar av iranske menn som «ville maskuliniteter»? Forsøket på å unngå stereotype framstillingar av Iran er sentralt i Khosravi sitt verk.
Eit av tema som han fokuserer på i Precarious Lives er Iransk kjønnspolitikken knyta til inntoget til nyliberalismen på 80-talet. Khosravi skildrar korleis det han kallar ein revolusjonær maskulinitet (sentral under den Iranske revolusjonen), der den heroiske, sjølvoppofrande, undertrykkja og audmjuke mannen er idealisert, gradvis har blitt erstatta av nye former for maskulinitet, der suksess, entreprenørskap og forbruk er sentralt. I kjølvatnet av denne endringa, og i kontrast til nyliberale førestillingar om kva det vil seie å være mann, oppstod også ein form for mislukka maskulinitet og mislukka borgarar. Unge ugifte menn frå arbeidarklassen, som oftast utan jobb, eller med dårleg lønna, midlertidig arbeid – resultat av ein nyliberalistisk arbeidsmarknadspolititkk – blir framstilt som ein risiko for samfunnet, og utsett for systematisk undertrykkjing og forfølging av politiet. Slike menn blir i Iran kalla arazel owbash – kjeltringar – og er sentrale i konstruksjonen av eit narrativ om kriminalitet.
Dei siste åra har dette narrativet rettferdiggjort valdelege politiaksjonar i dei fattige områda av Teheran. Khosravi viser til eit tilfelle der to unge menn blei arrestert for å stele 30 dollar: i løpet av ein månad hadde dei blitt stilt for retten, dømt til dauden og avretta. I andre høver er straffa mindre radikal, og fokuserer i staden på offentleg uthenging av unge menn gjennom å angripe deira maskuline ære og manndom. Mennene blir tvungne til å bruke kvinneklede, og politi og publikum roper de-humaniserande skjellsord etter dei, der dei samanliknar mennene med dyr.
– Gjennom framstillinga av den unge fattige mannen som ein truande figur, auker ønske om meir politi i gatene. Slik lukkas staten med å få Iranarane til å tru at trusselen mot dei kjem frå arazel owbash, og ikkje frå den politiske undertrykkjinga og valden til staten, forklarar Khosravi. Han meiner det er klare parallellar mellom situasjonen til desse unge mennene i Iran, og irregulære immigrantar i Europa. Sinnet som mennene uttrykkjer som eit resultat av å bli kriminalisert, er det same sinnet som mange immigrantar uttrykkjer. Sentralt i erfaringa til begge desse gruppene, er førestellingar om mannleg ære, og angrep på denne. Slik kan valden som desse mennene utøver, sjåast som ein respons eller reaksjon på valden som dei blir utsett for gjennom kolonielle strukturar for undertrykkjing.
Khosravi skal i åra som kjem forske på irregulære immigrantar i Stockholm, og deira erfaring av tid og venting som forskar i WAIT-prosjektet, og vil samarbeide tett med forskargruppa ved SKOK i tida som kjem.