Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
SKok-debatten 2019

Staten og reproduksjon under lupa

Bør norske kvinner føde fleire barn? I fylgje statsminister Erna Solberg bør dei det, og nettopp hennar nyttårstale sette startskuddet for å diskutere ulike aspekter av reproduksjon i staten si tjeneste. Eit ungt og engasjert publikum tok turen til Litteraturhuset for å ta del i debatten.

Panelet SKOK-debatten 2019
Panelet 2019: filosof Espen Gamlund, gynekolog og samfunnsdebattant Mette Løkeland og sosialantropolog Guro Korsnes Kristensen.
Foto/ill.:
Nina Bergheim Dahl

Hovedinnhold

Nok ein gong var det duka for SKOK-debatten i regi av Senter for kvinne- og kjønnsforsking, for å lyfte fram særleg viktige, samfunnsaktuelle spørsmål knytta til kjønn.

Statsminister Erna Solberg sa i sin nyttårstale at norske kvinner bør føde fleire barn. Kva meinte ho eigentleg med det og korleis kan vi forstå ytringa i ei samfunnspolitisk og historisk kontekst? 

Bærekraftsperspektiv, abortrett og ekskludering

Arrangørane for årets SKOK-debatt hadde invitert panelistar med ulike bakgrunnar til diskusjon: sosialantropolog Guro Korsnes Kristensen, gynekolog og samfunnsdebattant Mette Løkeland og filosof Espen Gamlund. 

Debatten kasta lys på mange sider omkring fertilitet, reproduksjon og likestilling i dagens Noreg. Gynekolog og samfunnsdebattant Mette Løkeland gav publikum eit globalt og historisk perspektiv på fertilitetsrata i Noreg. Ho peika på at både fertiliteten og antal abortar blant kvinner går nedover i alle vestlege land. Til dømes er New Zealand sin statistikk dei siste tiåra nesten identiske med utviklinga i Noreg. Ein viktig faktor meinte ho kunne vere at folk i dag er mykje meir opptekne av å planlegge, og at ingen viktige avgjersler i livet skjer "på slump".

Filosof Gamlund la vekt på spørsmålet om staten i det heile kunne meine noko om folk sitt kanskje viktigaste val i livet: skal ein ha barn eller ikkje? Vidare vart det tatt opp mange sidar ved debatten, som å sjå fertilitet ut frå eit globalt bærekraftsperspektiv, abortrettar og sorteringssamfunn og kven som eigentleg inkluderast i oppfordringa om at "vi" må ta betre var på "våre" barn. 

SKOK-debatten spelar ei sentral rolle for SKOK si formidling og kor viktig det er å sjå dagsaktuelle problemstillingar i eit kjønnsperspektiv

senterleiar Christine M. Jacobsen

SKOK-debatten spelar ein sentral rolle for å vise SKOK's formidlingsevne og kor viktig det er å sette sjå dagsaktuelle problemstillingar i eit  kjønnsperspektiv, seier senterleiar Christine M. Jacobsen. Ho peikar på at kjønnsperspektivet ofte gløymes i samfunnsdebatten. Ho og medarrangør og ordstyrar vitskapleg assistent Sigrid Sandal er svært nøgde med årets debatt. 

Paneldeltakarane 

Guro Korsnes Kristensen er professor ved Institutt for tverrfaglige kulturstudier, NTNU, og forsker på likestilling, integrering og familieliv. Mellom anna har Kornes Kristensen forska på migrasjon og reproduksjon som biopolitikk i Noreg.  

Espen Gamlund er førsteamanuensis i Filosofi ved Universitetet i Bergen. Han er særleg opptatt av etikk, moralfilosofi, politisk filosofi og en anvendt etikk. Tidleg på nyåret fekk Gamlund merksemd med sitt innlegg i debatten om Solberg sin nyttårstale, der han hevda at statsministeren si oppfordring reduserar kvinner til fødemaskinar som skal redde velferdsstaten.

Mette Løkeland er utdanna gynekolog og tilsett ved Folkehelseinstituttet. Ho er nettredaktør for norsk gynekologisk forening og ein aktiv samfunnsdebattant. Sjølv omtalar ho seg som gynekolog, feminist, målmenneske og EU-motstandar. Løkeland har debattert spørsmål om abort, kvinnehelse og reproduksjon lenge før Solberg sin kontroversielle nyttårstale.