Hjem
Stiftelsen Det norske arboret
Arrangement

Frukostmøte: Ei framtid utan bit-for-bit-nedbygging av verdfull natur?

Verdfull natur vert bygd ned bit for bit, og artar forsvinn i aukande tempo. For å få til berekraftig verdiskaping må vi lukkast med å balansere miljømessige, sosiale og økonomiske mål.

Bilde arrangement
Verdfull natur vert bygd ned bit for bit, og artar forsvinn i aukande tempo. Forskarar varslar om endringane rundt oss, og konsekvensane av tapt natur.
Foto/ill.:
Bergen Næringsråd

Hovedinnhold

Verdfull natur vert bygd ned bit for bit, og artar forsvinn i aukande tempo. Forskarar varslar om endringane rundt oss, og konsekvensane av tapt natur.

All natur finst i ein kommune, og i alle kommunar er det bedrifter som vil skape verdiar. 

For å få til berekraftig verdiskaping må kunnskap omsettast til praksis. Vi må balansere miljømessige, sosiale og økonomiske mål. 

Kan vi saman utforske korleis framtida vil sjå ut?

På frukostmøtet blir det: 

  • Korte føredrag frå leiande ekspertar og akademikarar på feltet
  • Panelsamtale med representantar frå næringsliv og offentleg forvaltning
  • Framtidsverkstad der vi saman definerer ulike scenario for korleis vi kan redusere bit-for-bit-nedbygginga av natur i Bergens-regionen

Frukostmøtet er initiert av Universitetsmuseet, Senter for berekraftig arealbruk ved UiB og Stiftelsen Det norske arboret, og vert arrangert i samarbeid med Bergen næringsråd.

Klikk her for fullt program og påmelding.