Hjem

Filosofi, bachelor, 3 år

Filosofi stiller nokre av dei mest grunnleggande spørsmåla ved det menneskelege tilværet. Studiet er fleksibelt og gir deg stor grad av fridom både når det gjeld val av fordjuping og innhald i studiekvardagen.
  • Lengde3 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar35
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Velkommen til studiestart på bachelorprogrammet i filosofi, eit studium ved Det humanistiske fakultet. 

Frammøte: Du møter måndag 12. august kl. 09.00 i Rom 208/209 Sydnesplassen 12-13

Ta med: Du treng ikkje ta med deg noko spesielt den første dagen, men noko å notere på kan vere greit. 

Program: Her finn du fullt program for studiestarten.

Sjekkliste: Bruk uib.no/sjekkliste for å bli klar for studia. Du treng ikkje gjere alt før du møter opp den første dagen. 

Har du spørsmål? Ta kontakt med Infosenteret ved HF på 55 58 93 70 eller studierettleiar@hf.uib.no.

På filosofi diskuterer vi store spørsmål som: 

  • Kva kjenneteiknar eit rettferdig samfunn?  
  • Er det berre vitskapen som gir oss påliteleg kunnskap?  
  • Burde eg frykte min eigen død?  
  • Er det mogleg å bli einige om moralske spørsmål?  
  • Kva vil det seie å tenke logisk? 

Som filosofistudent blir du del av eit aktivt fagmiljø som er kjenneteikna av refleksjon og diskusjon. Du lærer kritisk tenking og øver opp dei analytiske evnene dine ved å studere både klassikarane og moderne filosofi. Dette vil gi deg nyttig kunnskap og sette deg i stand til betre å forstå mange av utfordringane vi står overfor innanfor aktuelle tema som til dømes klima og miljø, helse og velferd, interkulturell kommunikasjon og global rettferd

Noko av det viktigaste du lærer er å argumentere og resonnere, og å vere open og nysgjerrig.  

Samanheng og djupn vert etterlyst overalt i samfunnet i dag, og her kan filosofien verkeleg bidra. Vi har stadig fleire ekspertar på ulike område, men filosofien tek for seg grunnstrukturane i vitskap og samfunn. Heller enn å svare på korleis ein kan få rettferd, til dømes, spør filosofane om kva rettferd eigentleg er. Filosofi stiller spørsmål ved etablerte sanningar, og er difor ein spore til endringar og gjennomtenking av kva som verkeleg betyr noko vesentleg.  

Fagside for filosofi. 

Meir informasjon under

Studer filosofi i Bergen

Karriere 

Folk med utdanning i filosofi vert særs gode i å sjå det vesentlege i store informasjonsmengder, og å tenke kritisk, analytisk og å løyse problem av ulike slag. Dei er òg trena i å kommunisere klart og presist både munnleg og skriftleg. 

Dei fleste som har studert filosofi finn jobbar innan  

  • undervisning 
  • forsking 
  • offentleg administrasjon 
  • media  
  • organisasjonar 

Av dei som ikkje arbeider med undervisning eller forsking, er mange rådgjevarar og konsulentar av ulike slag.  

Etter fullført bachelorgrad kan du søke deg vidare til masterprogram i filosofi

Meir informasjon under

Oppbygging 

Bachelorprogrammet i filosofi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex.phil. (Examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved UiB.   

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp:  

1. semester (haust)   

  • Ex.phil: enten EXPHIL-HFSEM Examen philosophicum seminarmodell eller EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum eksamensmodell (10 studiepoeng) 
  • Ex.fac enten EXFAC00AS Akademisk skriving eller EXFAC00SK Språkkunnskap (10 studiepoeng) 
  • FIL124 Introduksjon til praktisk filosofi (10 studiepoeng) 

2. semester (vår)  

  • FIL120 Filosofihistoria frå antikken til opplysningstida (10 studiepoeng) 
  • LOG110 Introduksjon til formallogikk (5 studiepoeng) 
  • LOG112 Introduksjon til filosofisk logikk (5 studiepoeng) 
  • Valemne i filosofi (10 studiepoeng) 

3. semester (haust)  

  • FIL121 Filosofihistoria frå opplysningstida til 1900-talet (10 studiepoeng) 
  • FIL125 Introduksjon til teoretisk filosofi (10 studiepoeng) 
  • FIL129 Filosofiske klassikarar (10 studiepoeng) 

4. semester (vår)  

5. semester (haust)  

6. semester (vår)  

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardagen 

Bachelorprogrammet filosofi er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som  lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 6-12  timar med undervising i form av forelesningar og seminargrupper. Du skal òg skrive ei bacheloroppgåve. 

Undervisninga  og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag)(lenke).   

Vi held til på Sydnes på universitetsområdet i Bergen sentrum. Vi har undervisning ulike plassar i området, som Sydneshaugen skule, HF-bygget, Sydnesplassen 12-13, Dragefjellet skule og Jussbygget. Vi har lesesalar på Sydneshaugen skule. Mange bruker òg Universitetsbiblioteket

Dersom du ønsker å ha praksis som del av studiet, kan du velje eit praksisemne i dei frie studiepoenga. Eit eksempel på eit slikt emne er PRAKTINF – Praktisk informasjonsarbeid

Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng (tre års fulltids studium). 110 av desse studiepoenga er obligatoriske

  • Førstemesterstudiet som består av ex.phil og ex.fac (20 studiepoeng) 
  • Spesialiseringa i filosofi (90 studiepoeng - 1 ½ år) som er sett saman av obligatoriske emne på (70 studiepoeng) og valfrie filosofiemne (20 studiepoeng). 

70 studiepoenga i programmet er såkalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for vidare utdanning eller yrkesplanar. Du har altså stor fridom til å forme innhald og oppbygging av graden. I tillegg er det fritt val av tema og form på mange oppgåver. 

På filosofi legg vi stor vekt på diskusjon og deltaking. Studiet gir eit særs godt grunnlag for kritisk analyse av tekst og tale av alle slag. Studentane på faget set pris på eit aktivt fagmiljø, dyktige førelesarar, og at studiet er så samtidsrelevant. 

Følg Filosofi på Facebook for faglege nyheiter og arrangement. 

Kva lærer du? 

Med denne utdanninga: 

  • Får du oversikt over sentrale filosofar og problemstillingar frå antikken og fram til i dag 
  • Lærer du å trekkje ut relevant stoff frå ei større mengd litteratur  
  • Får du erfaring med kritisk analyse og drøfting av komplekse problem, ofte på høgt abstraksjonsnivå 

Sjå heile lista over læringsutbyte.  

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i femte semester. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i bl.a. Tyskland, Storbritannia, Frankrike eller Italia. 

Korleis søke om å reise på utveksling

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her