Hjem

Italiensk, bachelor, 3 år

Italienskfaget passar for deg som har interesse for språk, litteratur og kultur, og som vil jobbe med til dømes italiensk kultur- eller næringsliv. Italia er ein viktig handelspartnar for Noreg, og det finst derfor mange ulike jobbar du kan få med denne bachelorgraden.
  • Lengde3 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar8
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Du får innsyn i korleis viktige hendingar har prega landet politisk og kulturelt, og kunnskap om korleis arven frå den italienske renessansen har sett sitt preg på den europeiske kulturen. Du blir kjend med eit rikt utval tekster frå ny og eldre litteratur. 

Italienskfaget er delt i tre greiner:  

  • Litteratur, som inkluderer eldre og moderne litteratur.  
  • Språk, som blant anna inkluderer evna til å bruke italiensk, munnleg og skriftleg i ulike samanhengar, og område som språkutvikling, dialekter og fleirspråklegheit.  
  • Kultur, som gastronomi, kunst, film, TV-seriar.  

Studiekvardagen 

Bachelorprogrammet i italiensk er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Oppstart er både august og januar.  

I tillegg til sjølvstudium, vil ei typisk veke innehalde både forelesningar og seminargrupper.  

Det vil variere litt frå semester til semester kor mange timar undervisning du har. For emna som inngår i italiensk spesialisering, er det om lag 12-14 timar undervisning i veka. Det er færre undervisningstimar når du skriv bacheloroppgåve.  

Vi held til på HF-bygget i Bergen sentrum, der vi har eit datarom studentane kan bruke. Lesesalane er like ved, på Sydneshaugen skole. Det er mogleg å booke eigne rom om de ønsker å jobbe i grupper.  

Dersom du er interessert i å ha praksis som del av bachelorprogrammet, kan du ta praksisemne som ein del av dei frie studiepoenga i graden. Eit eksempel på eit slikt relevant emne er PRAKTINF - Praktisk informasjonsarbeid. Emnet er aktuelt for studentar på femte eller sjette semester, og praksisplassar vert tildelt studentane etter interesser og evner.  

Meir om studiekvardagen ved HF-fakultetet.  

Karriere  

Italia er eitt av dei leiande landa i den industrialiserte verda, og sentral i europeisk migrasjonspolitikk. Italia er òg eit turistmål for arkeologi, historie, kunst, arkitektur, gastronomi og naturattraksjonar.  

Norge har sterke økonomiske forbindelsar med Italia, som inkluderer blant anna import/eksport og partnarskap i investeringar, forsking og turisme. Med ein bachelor eller master i italiensk kan du jobbe som kontaktpunkt mellom desse aktørane.  

Gode kunnskapar i italiensk språk, kultur og samfunn gir moglegheiter til å arbeide i offentlege eller private institusjonar, med til dømes 

  • sosialpolitikk 
  • handel 
  • kommunikasjon 
  • media 
  • kulturliv 
  • turistnæringa 
  • omsetting 

Du kan òg jobbe som lærar: Italienskstudiet, kombinert med eit anna skolefag og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), kvalifiserer for undervisning i skolen.  

UiB tilbyr masterprogram i italiensk, om du ønsker vidare studiar hos oss.  

Kva lærer du?  

Med denne bachelorgraden får du ein solid kompetanse i det italienske språket, både munnleg og skriftleg. I tillegg får du kunnskap om sentrale tema, problemstillingar og metodar innan språk, litteratur og kultur- og samfunnstilhøve.  

Du får inngåande kjennskap til eit utval litterære tekstar, og dei språkkunnskapane som trengst for å skjøne dei litterære verka.  

Sjå full liste over læringsutbyte.

Oppbygging 

Bachelorprogrammet i italiensk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august og januar.  

Alle bachelorstudentar må ta Ex.Phil. (examen philosophicum) og Ex.Fac. (Examen Facultatum)

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Vi tilrår denne rekkefølga for studiet:  

1. semester (haust) 

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 studiepoeng) 
  • EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 studiepoeng) 
  • ITAL100 Innføring i Italiensk (10 studiepoeng) 

2. semester (vår)

  • ITAL121 Italiensk språk I (10 studiepoeng) 
  • ITAL123 Munnleg italiensk med fonetikk (10 studiepoeng) 
  • ITAL125 Moderne italiensk kortprosa (10 studiepoeng) 

3. semester (haust) 

  • ITAL122 Italiensk litteratur (10 studiepoeng)  
  • ITAL124 Italiensk språk II (10 studiepoeng) 
  • SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium (10 studiepoeng) 

4. semester (vår) 

  • ITAL203 Italiensk språk og lingvistikk (15 studiepoeng)  
  • ITAL250 Eldre italiensk litteratur (10 studiepoeng) 
  • LITTIF200 Litteraturteori (5 studiepoeng) 

5. semester (haust)

6. semester (vår)

Sjå oversikt over alle kurs

Utveksling 

Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i utlandet, og du får finansiering frå Lånekassa. UiB har utvekslingsavtaler med fleire italienske universitet, i blant anna Firenze, Venezia og Roma. 

Du kan vere ute eitt eller to semester, etter eige ønske. Dei fleste vel å dra på utveksling når dei skal ta frie studiepoeng, altså i 5. og 6. semester.  

Det er mogleg å reise på utveksling tidlegare om ein vil ta emne som kan svare til italienskemna i spesialiseringa ved UiB. Studierettleiar kan hjelpe med å sette opp ein plan for utveksling som passar din situasjon og ønskjer.  

Slik søker du om å reise på utveksling. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her