Hjem

Utøvande musikk eller komposisjon, bachelor, 4 år

Griegakademiet tilbyr ei av dei beste musikkutdanningane i landet. I eit kreativt miljø får du utvikle dine ferdigheiter, kunstnariske potensiale og fordjupe deg i enten instrumentet ditt eller komposisjon.
  • Lengde4 År
  • Plassar25
  • Studiepoeng240
  • StartHaust

Hovedinnhold

Bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon er delt i fire studieretningar:

  • utøvande klassisk
  • utøvande jazz
  • utøvande tradisjonsmusikk
  • komposisjon

Gjennom det fireårige programmet legg du grunnlaget for ei karriere som utøvande og skapande musikar, og eit grunnlag for vidare studium innan høgare utøvande musikk eller komposisjon. Utdanninga legg til rette for undersøkande og eksperimentelle tilnærmingar, og din eigen praksis og den individuelle rettleiinga er kjernen i utdanningsløpet.

Griegakademiet - Institutt for musikk tilbyr fagfolk og fasilitetar som hjelper deg å utforske eit breitt spekter av kunstnariske praksisar, metodar og uttrykk. Hos oss vektlegg vi kritisk tenking og sjølvstendig tilnærming. Undervisninga skjer individuelt og i grupper i hovuddisiplinen din. Du deltar i skapande aktivitet der du får høve til å utvikle og tilpasse din personlege stil i et allsidig kunstnarisk miljø. Studiet inneheld også emne som plasserer musikk i konteksten tid, kultur og samfunn, og du får innføring i relevant musikkteori og utøvande støttedisiplinar.

Studiet passer for deg som ynskjer å bli utøvande musikar, komponist eller arbeide i musikklivet.

Karriere

Bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon er relevant for arbeidslivet. Dette er ei utdanning som gir tryggleik og individualitet til å skape.

Med denne utdanninga er du godt rusta for å arbeide som

  • frilansmusikar
  • frilanskomponist
  • orkestermusikar
  • undervisar

Etter bestått bachelorutdanning kan du søke opptak til UiBs masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller praktisk-pedagogisk utdanning. PPU i utøvande musikk eller komposisjon kan også gjennomføras integrert i bachelorprogrammet over programmets 3. og 4. studieår.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon er eit fireårig fulltidsstudium, som startar i august.

1. og 2. studieår

Hovudinstrument eller komposisjon blir kombinert med musikkteoretiske emne.

Studiet av hovudinstrument omfattar mellom anna

  • utvikling av teknikk og personleg uttrykk
  • interpretasjon
  • repertoarkunnskap
  • ensembleaktivitetar
  • fellesprosjekt
  • instrumentkunnskap/stemmefysiologi

3. og 4. studieår

I det tredje og fjerde året kan du velje emne etter kva du interesserer deg for.

Sjå oversikt over alle emne

Slik kan studiet sjå ut:

1. år

  • Utøvande hovuddisiplin - 25 studiepoeng
  • Utøvande støttedisiplin - 5 studiepoeng
  • Akademisk skriving - 5 studiepoeng
  • Musikkhistorie - 10 studiepoeng
  • Musikkteori I - 15 studiepoeng

2. år

  • Utøvande hovuddisiplin - 25 studiepoeng
  • Utøvande støttedisiplin - 5 studiepoeng
  • Musikk, kultur og samfunn - 15 studiepoeng
  • Musikkteori II - 15 studiepoeng

3. år

  • Utøvande hovuddisiplin - 25 studiepoeng
  • Utøvande støttedisiplin - 5 studiepoeng
  • Valemne - 30 studiepoeng

eller

  • Utveksling - 60 studiepoeng

4. år

  • Utøvande hovuddisiplin - 25 studiepoeng
  • Utøvande støttedisiplin - 5 studiepoeng
  • Valemne - 30 studiepoeng

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardagen

Griegakademiet tilbyr ei utdanning i eit kreativt miljø på tvers av studieretningar. Du blir godt kjend med medstudentane dine og vil arbeide saman med alle årstrinn i forskjellige settingar.

Undervisninga er lagt opp av:

  • forelesingar
  • seminargruppar
  • praktiske øvingar
  • feltkurs
  • sjølvstudium
  • forum basert på instrument og instrumentgruppe/sjanger
  • konsertar

Undervisninga er på norsk og engelsk.

Dei to første åra brukar du tid på både hovudinstrument og grunnleggande musikkteori. Dei to siste åra brukar du på spesialisering gjennom hovudinstrument og valemne.

Hovudinstrument/disiplin-emna legg til rette for at du kan fokusere på interesser og repertoar som er relevant for ditt instrument. I tillegg består studiet av 60 frie studiepoeng som skal fyllast med valemne. Griegakademiet tilbyr ei rekke musikkfaglege valemne, i tillegg kan du velje blant mange andre opne emne som UiB tilbyr.

Som student vil du halde mykje til på Griegakademiet – Institutt for musikk, og SV-biblioteket, der musikkbiblioteket ligg. Du vil òg ha forelesningar på Sydneshaugen skole og prosjekt i Møllendalsveien 61 (Institutt for design og Kunstakademiet – Institutt for kunst)

Kva lærar du?

Ein student med ein bachelorgrad i utøvande musikk eller komposisjon:

  • har kunnskap om musikken sine funksjonar i eit kulturelt og samfunnsmessig perspektiv, og i høve til musikklivet og -bransjen sine krav og forventningar til ein profesjonell musikar
  • kan oppdatere eigen kunnskap, reflektere rundt eigen praksis og faglege problemstillingar, og slik ta ansvar for eiga fagleg utvikling
  • kan arbeide målretta og sjølvstendig, åleine og saman med andre

Sjå heile læringsutbyte for dette programmet

Utveksling

På utøvende musikk eller komposisjon er det vanleg å reise på utveksling i femte og sjette semester.

Vi har utvekslingsavtalar med universitet i mange land, som til dømes Sverige, Danmark, Tyskland, Frankrike og USA.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Slik søker du om å reise på utveksling

Søknad og opptak

For å få opptak til dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Du må i tillegg bestå utøvande opptaksprøvar innan din hoveddisiplin/hovedinstrument.

Sjå meir informasjon om søknad og opptak til programmet

Søknadsfristen er 15. desember.

Søk her