Hjem
Utdanning

Studieplan for BAHF-TEAT Teatervitskap, bachelor, 3 år, vår 2022

Namn på grad

Bachelor i teatervitskap

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i teatervitskap har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til tre år.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter melding til instituttet også takast som eit 50 % deltidsstudium.

Undervisningsspråk

Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet i utdanninga.

Studiestart - semester

 Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i teatervitskap gir ei grunnleggande og brei akademisk innføring i historisk og teoretisk forståing av teater og anna performativ kunst. Teatervitskap sett studentane i stand til å forstå og analysere teater frå nåtid og fortid. Studiet omfattar emne om teaterhistorie, skodespelarkunst, dramaturgi, regikunst, estetisk teori, framsyningsanalyse og teaterkritikk. Studiet inneheld òg praksiselement som gir studentane kunnskapar og kompetanse om utøvande teater. Gjennom studiet lærer studentane å forstå og analysere teateret sine ulike element, korleis dei er samansett og samverkar i ei teaterframsyning og fungerer i møtet med publikum Den samfunnsmessige samanhengen som teaterframsyninga er ein del av er òg viktig for teaterforståinga. Teaterframsyningar og teaterpraksisar blir gjennom studiet kontekstualisert i høve til samfunn og kultur i nåtid og fortid. Studiet gir ein grunnleggjande forståing av tverrfaglege samanhengar mellom teater og andre kunst- og kulturuttrykk.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Kandidaten

  • har brei kunnskap om teateret si historie
  • har gode kunnskapar om skodespelarkunst, dramaturgi og regikunst
  • har grunnleggjande kunnskapar om teaterteoriar og estetiske teoriar
  • har grunnleggjande kunnskapar om teatervitskaplege analyse- og forskingsmetodar
  • har kunnskapar om faget si relevans i høve til teaterproduksjon, historiografi, kritikk og formidling.

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan laga ei akademisk tilfredsstillande utgreiing om eit emne innom europeisk teaterhistorie
  • kan analysere ei teaterframsyning i høve til bruk av virkemedel, dramaturgi og samfunnsmessig kontekst
  • kan lage ein dramaturgisk analyse av ein teatertekst
  • kan gi ei akademisk tilfredsstillande utgreiing om eit teaterteoretisk emne
  • kan finne og oppdatere eigne teaterkunnskapar og vurdere den teatervitskapelige relevans av desse.

 

 

Generell kompetanse
Kandidaten

  • har innsikt i etiske problemstillingar innanfor humanistiske fag
  • kan formulere ei teatervitskapeleg problemstilling og planleggje innsamling av litteratur og kjelder for handsaming av problemstillinga
  • kan drøfte faglege problemstillingar innan teaterforsking, praktisk teater og teaterpolitikk
  • kan drøfte tverrestetiske problemstillingar mellom teater og andre kunst- og kulturområde

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen

Innføringsemne

Det første semesteret i bachelorprogrammet i teatervitskap skal innehalde 10 studiepoeng Examen philosophicum og 20 studiepoeng Examen facultatum:

  • Examen philosophicum 10 stp
  • EXFAC00SK: Språk kunnskap (10 sp) og
    EXFAC00AS: Akademisk skriving (10 sp).

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 10 studiepoeng Examen philosophicum og maksimum 20 studiepoeng Examen facultatum.

Spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering i teatervitskap på 90 studiepoeng.

Følgjande emne er obligatoriske i spesialiseringa i teatervitskap:


TEAT111: Eldre teaterhistorie (15 stp)
TEAT112: Moderne teaterhistorie
TEAT113: Dramaturgi i teori og praksis (15 stp)
TEAT115: Framsyningsanalyse og teaterkritikk (15 stp)


TEAT211: Teaterestetikk og teaterteori (15 stp)

I tillegg må ein velje eitt av desse emna:


TEAT252: Teoribasert bacheloroppgåve (15 stp)
TEAT253: Praksisbasert bacheloroppgåve (15 stp)

I emna TEAT252 og TEAT253 skriv ein ei rettleia oppgåve (bacheloroppgåve).

Dette tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jfr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Tilrådde valemne

Graden inneheld 60 frie studiepoeng, som studenten sjølv kan velge ut frå interesser og karriereplanar. Generelt tilrår ein å velge emne frå kunst- og kulturfag, medievitskap, historie eller språkfag. Faglærarane kan rådgje studentane om emneval i frie studiepoeng.

Rekkefølgje for emne i studiet

Normalt studieløp:

Normalt studieløp:

  • 1. semester (haust): Examen philosophicum, Examen facultatum og Examen facultatum
  • 2. semester (vår): TEAT112 og TEAT115
  • 3. semester (haust): TEAT111 og TEAT113
  • 4. semester (vår): (a) TEAT252 eller TEAT253 og (b) TEAT211
  • 5. og 6. semester (haust og vår): Frie studiepoeng (valemne) eller utveksling

Alternativt studieløp:

  • 4. og 5. semester (vår og haust): Frie studiepoeng (valemne) eller utveksling
  • 6. semester (vår): (a) TEAT252 eller TEAT253 og (b) TEAT211

Ei generell tilråding er at før ein tar fatt på 200-nivået bør ein ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå.

Delstudium i utlandet

Studentane kan ta delar av bachelorprogrammet som utvekslingsstudent i eit anna land. Teatervitskap har tilrådde avtaler (Erasmus+) med Vytautas Magnus-Universitetet i Kaunas (Litauen), Justus-Liebig-Universitetet i Giessen (Tyskland), Hildesheim Universitet (Tyskland), Universitetet i Antwerpen (Belgia), Universitetet i Louvain (Belgia) og Universitetet i Pelopones (Hellas). Vidare har faget Norplus-avtale med Dramaturgi ved Århus Universitet.

Utvekslingsopplegg skal godkjennast av instituttet (LLE) i forkant av utvekslinga.

Arbeids- og undervisningsformer

Programmet omfattar ulike undervisningsformar som til dømes forelesingar, seminar, gruppearbeid, individuell og gruppebasert rettleiing, munnlege studentframlegg, arbeid med semesteroppgåve og bacheloroppgåve.

Vurderingsformer

Hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande vurderingsformer: heimeeksamen, skriftleg skuleeksamen, semesteroppgåve, bacheloroppgåve, munnleg eksamen, justerande munnleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorgraden i teatervitskap gir grunnlag for å søkje opptak til masterprogrammet i teatervitskap.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i teatervitskap gir kompetanse i teaterhistorie, estetisk teori, dramaturgi i teori og praksis, munnleg og skriftleg arbeid med analyse og kritikk av scenekunst og andre performative uttrykksformer. Kompetansen er etterspurt i teaterinstitusjonar og det frie scenekunstfeltet, i offentleg kulturforvaltning, mediebransjen og innan undervisning og opplæring. Gjennom utdanninga får studentane høve til å knyte kontaktar med det utøvande scenekunstfeltet, som kan vere av stor nytte i høve til framtidig karriereutvikling.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

 Programstyret for teatervitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@lle.uib.no

Tlf 55 58 24 00