Hjem
Utdanning

Studieplan for BAMN-MATEK Matematikk for industri og teknologi, bachelor, 3 år, haust 2020

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studiet tek for seg både det teoretiske og metodiske grunnlaget for anvend matematikk, og korleis problem innan naturvitskap og teknologi kan klargjerast med matematiske teknikkar og simuleringar. Denne løysingsprosessen går frå fysisk fenomen via matematiske modellar til løysingsmetodar som er eigna for datamaskiner. Ved å fokusere på matematikken som ligg bak kvart av trinna, gjev studiet ei grunnleggjande forståing av korleis matematikk kan verke som ei drivkraft innan ulike fagfelt.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har tileigna seg kunnskap innan grunnleggjande matematisk teori som kalkulus, lineær algebra og differensiallikningar.
  • Har utvikla innsikt i forskjellege utrekningsmetodar i numerisk matematikk.
  • har kjennskap til grunnleggjande metodar i statistikk og informatikk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan gjennomføre matematisk modellering av prosessar i naturvitskap, industri og ressursforvaltning.
  • Kan vurdere modellar og utrekningsverkty med omsyn på bruk innan andre fagområde.
  • Kan bruke metodar for analyse og kvantitativ løysing av matematiske modellar.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere vitskaplege problemstillingar og løyse komplekse problem innan matematikk og programmering.
  • kan formulere vitskaplege tekster på ein hensiktsmessig måte
  • kan arbeide sjølvstendig og i gruppe.
  • Demonstrerer forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) + R2 og i tillegg enten:

Fysikk 1 + 2 eller

Kjemi 1 + 2 eller

Biologi 1 + 2 eller

Informasjonsteknologi 1 + 2 eller

Geofag 1 + 2 eller

Teknologi og forskningslære 1 + 2

Meir informasjon finn du her: https://www.uib.no/utdanning/48685/opptak-til-grunnstudier-samordna-opptak

Innføringsemne

Ex.phil

Obligatoriske emne

Krav til bachelorgraden i matematikk for industri og teknologi er ei spesialisering på til saman 100 studiepoeng som består av følgjande emne: MAT111 Grunnkurs i matematikk I, MAT112 Grunnkurs i matematikk II, MAT121 Lineær algebra, MAT131 Differensiallikningar I, STAT110 Grunnkurs i statistikk, INF100 Grunnkurs i programmering, MAT212 Funksjonar av fleire variable, MAT160 Reknealgoritmar I og PHYS111 Mekanikk I (som i enkelte tilfelle kan erstattast med eit anna naturvitskapleg kurs).

I tillegg er det krav om eit prosjektskrivekurs MAT264/MAT292, eller eit tilsvarande prosjektarbeidkurs av eit omfang på 10 studiepoeng.

Tilrådde valemne

Studentane står fritt når det gjeld val av andre emne, men ein bør velje støttefag med tanke på kva som trengst på arbeidsmarknaden, eller med tanke på fagleg retning på det vidare studiet. Valemne bør veljast i forhold til planlagt masterstudium. Det er tilrådd at studentane tar kontakt med studierettleiar allereie tidleg i studiet.

 

Tilrådde valemne for bachelorprogrammet med tanke på master i anvend og utrekningsorientert matematikk eller medisinsk biologi er MAT213 Funksjonsteori, MAT252 Kontinuumsmekanikk, MAT260 Reknealgoritmar 2 og minst eit av MAT211 Reell analyse, MAT230 Ikkje-lineære differensiallikningar eller MAT234 Partielle differensiallikningar.

Avhengig av valemner vil bachelorprogrammet kunne kvalifisere for opptak til masterprogram i statistikk, petroleumsteknologi, energi, matematikk (algebra/algebraisk geometri, matematisk analyse, topologi og skoleretta matematikk) eller nanovitskap. Nærare informasjon er å finne under dei einskilde masterprogramma.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje av emne er gitt i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt krav til forkunnskap eller tilrådde forkunnskapar på emna.

Delstudium i utlandet

Valfridommen i slutten av programmet kan nyttast til å ta eit studieopphald i utlandet. Det finst i dag mange alternativ for studentar som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. På bachelorprogrammet i matematikk for industri og teknologi er det valt ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for studentane våre. På den måten er det mogleg å få tilbod om eit tilrettelagd utanlandsopphald som blir integrert i graden.

Sjå http://www.uib.no/math/utdanning/utveksling for meir informasjon.

Vurderingsformer

Vurderingsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet kan være muntlig eller skriftlig eksamen. De fleste emner har også innleveringer av oppgaver gjennom semesteret. Vurderingsformen for hvert emne er omtalt i emnebeskrivinga.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må studenten oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Kunnskapane studenten tileignar deg på studiet kan verte anvend i heilt ulike fagfelt. Dette gjer stor fleksibilitet med tanke på jobbmoglegheiter. Bachelorprogrammet kan byggast ut med eit masterstudium i Anvend og utrekningsorientert matematikk eller andre masterprogram.

Anvendte matematikar jobbar med blant anna teknologiutvikling, risikoanalyse, ressursforvalting, forsking, undervising og leiing. Nokre veljar ein forskingskarriere innan universitet, høgskule eller forskingsinstitutt. Andre aktuelle arbeidsplassar er til dømes Statens kartverk, Det Norske Veritas og Statistisk sentralbyrå

Trenden med eit aukande fokus på kvantitativ informasjon vil i framtida gi stor moglegheit innan nye fagfelt som forvaltning og samfunnsplanlegging. Nettstaden http://www.uib.no/math/utdanning/karriereportalen gjer informasjon og eksempel på kva for arbeid ein kan få med ei utdanning innan matematikk.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret ved Matematisk institutt har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Matematisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Eventuelle spørsmål kan sendes til studierettleiar: Studierettleiar@math.uib.no

Tlf 55 58 28 34.