Hjem

Sosialantropologi, bachelor, 3 år

Sosialantropologi handlar om det kulturelle mangfaldet i verda. På dette studiet får du konkret, forskingsbasert kunnskap om menneske, kultur og samfunn verda over.
  • Lengde3 år
  • Ordinær39.8
  • Primær35.8
  • Plassar86
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Forskingsmetoden er feltarbeid, der ein bor blant folk over lang tid for å få ei djup forståing av dei sosiale prosessane som bind oss menneske saman. På bachelorstudiet lærer du å sjå tema som politikk, religion, makt, slektskap, identitet, konflikt og kommunikasjon i ein større sosial samanheng:

  • Kva er forholdet mellom individ og samfunn?
  • Korleis er makt fordelt, kven sitt med definisjonsmakta og kva konsekvensar får ulike avgjerder for kven?
  • Kva er det som gjer oss menneske like på tvers av sosiale og kulturelle bakgrunnar – og kva gjer oss forskjellige?

Gjennom studiet lærer du å sjå bak polariserte meiningar og nyansere korleis tematikk vert framstilt, til dømes i media.

Sosialantropologi er eit breitt fag både når det gjeld tema og region. Antropologar forskar på eksotiske stillehavsøyar, konsekvensane av klimaendringane, på digitale nettsamfunn, og på asylmottaket i bygda.

Studiar i utlandet er noko som vil gje antropologistudentar endå meir utbytte av det dei lærer hos oss. Vi oppmodar difor alle våre studentar å reise på utveksling. Du kan reise kvar som helst i verda og vere ute eit heilt år om du vil.

7 grunnar til å studere sosialantropologi

Jobb

Arbeidslivet speglar den omskiftelege verda vi lever i. Stadig høgare krav blir sett til fleksibilitet, kritisk tenking og det å sjå andre sine perspektiv. Kompetansen du får gjennom antropologistudiet gjer deg rusta til å jobbe i dei fleste delar av samfunnet.

Nokon får jobb på grunn av den generelle kompetansen og den kvalitative metoden ein tileignar seg i faget, mens andre først og fremst blir anerkjent for sine region-, språk- og/eller temakunnskapar.

Våre tidlegare studentar jobbar i alle sektorar, med alt frå

  • antropologisk forskingsarbeid i internasjonale organisasjonar som Røde Kors eller FN
  • kulturomsetjing av ulik art, også innanfor flyktning- og innvandringsfeltet
  • helsearbeid som barnevern eller rusomsorg
  • privat og offentlig administrasjon som NAV, UDI, Politiet og UiB

Etter bachelor kan du gå vidare til masterprogrammet i sosialantropologi ved UiB der du får utvikle ditt eige forskingsprosjekt.

Antropologar i arbeidslivet

Meir informasjon under

Oppbygging

Bachelorprogrammet i sosialantropologi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.

Slik er studiet bygd opp:

1. semester, haust:

  • SANT100 Examen facultatum - Invitasjon til sosialantropologi (10 studiepoeng)
  • SANT150 Akademisk skriving, teori og metode: antropologiske tilnærmingar (10 studiepoeng)
  • EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (ex.phil) (10 studiepoeng)

2. semester, vår:

  • SANT102 Sosialt liv i globalt perspektiv (15 studiepoeng)
  • SANT103 Materialitet: miljø, stad og økonomi (15 studiepoeng)

3. semester, haust:

  • SANT104 Culture, Meaning and Communication (15 studiepoeng)
  • SANT105 Makt: uttrykk og tilsløring (15 studiepoeng)

4.-5. semester

  • Frie studiepoeng/utveksling (til saman 60 studiepoeng)

6. semester, vår:

  • SANT215 Komparativ regional etnografi (15 studiepoeng)
  • SANT260 Bacheloroppgåve (15 studiepoeng)

Bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i fyrste semester. Dei obligatoriske emna SANT102, SANT103, SANT104, SANT105, SANT215 og SANT260 utgjer spesialiseringa i sosialantropologi, på til saman 90 studiepoeng.  

60 av studiepoenga er såkalla frie studiepoeng. Dette gir deg eit år der du kan reise på utveksling, ta opne emne frå andre fagområde ved UiB eller fordjuping av antropologiske interessefelt. Slik kan du forme innhald og oppbygging av graden. 

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardag

Bachelorprogrammet i sosialantropologi er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Ei typisk veke har du forelesningar, seminargrupper og oppgåveskriving. I starten av studiet får du tett oppfølging og mykje undervisning, rundt 13-15 timar i veka. Utover i studiet har du rundt 6 timar undervisning i veka og desto meir tid til sjølvstudium, som lesing og kollokviegrupper. Undervisninga  og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene. 

Som bachelorstudent skal du gjere eit minifeltarbeid i grupper allereie første semester. Feltarbeidet går over to-tre dagar og alle moglege stader der menneske møtast vert studert før resultatet blir presentert for resten av studentane.  

I siste semester skal du skrive ei bacheloroppgåve over eit sjølvvald tema.

Sosialantropologi har eit godt studentmiljø, gjennom aktive studentorganisasjonar som til dømes Fagutvalet og Etnografisk filmklubb. Faget er ein augeopnar, og studentane har livlege diskusjonar og viktige problemstillingar å bryne seg på. Det er eit fag du vil ha  med deg heile livet.

Instituttet held til i SV-bygget Lauritz Meltzers hus, som ligg rett ved sida av både biblioteket og Ulrike Pihls hus med undervisingsrom og lesesalplassar. Det er ei kantine i SV-bygget, og i nabobygga finst tre kaféar som er populære for både studentar og tilsette ved UiB. Bygga ligg på Nygårdshøgda i Bergen sentrum.

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva lærer du

Ein student med bachelorgrad i sosialantropologi:

  • kan gjere greie for alternative kulturelle forståingar og praksisar på ei rekkje livsområde
  • meistrar tekstanalyse og akademisk skriving på ein sjølvstendig måte
  • kan gjere bruk av analytiske omgrep og perspektiv til å reflektere over lokale og globale samfunnsprosessar

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester, det vanlegaste er å dra i det fjerde og/eller femte semesteret.

Vi har avtalar med universitet i blant anna Australia, Sør-Afrika, India, Bolivia, Mexico, Fiji, Ghana, Danmark, Nederland, Spania og England. Om du vil reise andre stader kan du nytta deg av dei andre utvekslingsavtalane UiB har.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søk her