Hjem

Informatikk, master, 2 år

Vi lever i ei verd der folk flest går rundt med ei datamaskin i lomma. Fantastiske nyvinningar innan vitskap, teknologi og medisin er moglege på grunn av fagfeltet informatikk.
  • Lengde2 år
  • Plassar27
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Informatikkforsking prøver å finne svar på spørsmål som: 

  • Korleis formar vi nye språk for samhandling med datamaskiner? 
  • Korleis heng matematiske modellar saman med byggesteinane i databehandling? 
  • Korleis kan vi verne datamaskiner og smarte dataeiningar mot skadelege angrep? 
  • Korleis kan vi får datamaskiner og nettverk til å yte betre og raskare, på fagområde som kommunikasjon, logistikk, finans og teknikk?  
  • På kva måte kan vi sikre framtidsretta lagring av informasjon for komande generasjonar?  

Med masterprogram i informatikk kan du forme framtida ved å forstå og ta del i forsking på eksisterande teknologi.  

Du kan velje å spesialisere deg innan AlgoritmarBioinformatikk, Logikk, MaskinlæringOptimeringSikker og påliteleg kommunikasjon  eller Visualisering.

Meir informasjon under

Informatikk gir spennende jobber

Produsent:
Joakim Birkelund
 

Jobb

Kandidatar frå dette masterprogrammet finn jobbar både i Noreg og i utlandet, i privat og offentleg sektor.  

Moglege yrkesvegar: 

  • programutviklar innan teknologi, bankverksemd og medisin 
  • konsulent/rådgivar 
  • arbeide for statlege organisasjonar 
  • ... berre for å nemne nokre 

Arbeidsgivarar omtalar kandidatar frå masterprogrammet som dedikerte, dyktige og alltid førebudde. 

Nokre kandidatar held fram med doktorgrad (ph.d.) for å satse på ei forskarkarriere.  

Meir informasjon under

Oppbygging   

Studieprogrammet startar vår og haust. 

Emne: Emnet Algoritmar INF234, på 10 studiepoeng, er obligatorisk. Dei resterande emna på 50 studiepoeng skal vere på 200- eller 300-nivå, og heng saman med kva spesialisering og masteroppgåvetema du vel. Du vel emne i samarbeid med rettleiaren din. 

Studieretningar: 

Masteroppgåve: Masteroppgåve i informatikk INF399 er på 60 studiepoeng og skal skrivast dei to siste semestera. I samråd med rettleiaren kan du også velje å skrive ei masteroppgåve på 30 studiepoeng, og utvide emnedelen tilsvarande.   

Studiekvardag  

Ved Institutt for informatikk vil du oppleve eit hyggeleg, internasjonalt miljø. Du blir del av eit studiefellesskap for masterstudentar frå Noreg og mange andre land, med internasjonal forskings- og lærarstab.  

Undervisingformene er ei blanding av førelesingar, seminargrupper og datalabøvingar, om lag 12 timar per veke. Sjølv om det ikkje er krav om obligatorisk frammøte, tilrår vi at du tek del i all undervising slik at du får mest mogleg ut av studieprogrammet. Du får også eigen lesesalsplass ved instituttet.  

Vi oppmodar masterstudentar til å vere med i ei av forskingsgruppene ved instituttet. Det første semesteret skal du også velje individuell rettleiar og masteroppgåvetema. 

Kva lærer du   

Du tileignar deg brei og oppdatert kunnskap innanfor fagfeltet informatikk og teknologi, og utviklar di eiga forståing av korleis informatikk kan medverke til problemløysingar i samfunnet. Du får kunnskap og ferdigheiter som gjer at du kan analysere mange ulike problemstillingar, og du kan bruke kunnskapen innanfor teknologi og metodar til å drøfte måtar å løyse problema på. Du får også innsikt i dei vitskaplege og etiske problemstillingane innan fagfeltet informatikk. 

Du kan velje masteroppgåvetema frå eit av desse fagområda: 

  • Algoritmar 
  • Bioinformatikk  
  • Logikk  
  • Maskinlæring  
  • Optimering  
  • Sikker og påliteleg kommunikasjon  
  • Visualisering 

Du utviklar djuptgåande kunnskap og innsikt innanfor fagområdet ditt. Du lærer avanserte metodar både innanfor spesialiseringa og andre forskingsspørsmål du skal handtere. Om du for eksempel vel spesialisering innan visualisering, inngår også innføring i relevante fagområde innan medisin og biologi. 

Fullstendig liste over læringsutbytte. 

Utveksling   

Du kan bruke eit semester som utvekslingsstudent ved eit av partneruniversiteta våre i utlandet.

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her