Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i norsk som andrespråk

Omfang og studiepoeng

Programmet er normert til 3-årig fulltidsstudium og 180 studiepoeng (sp.), normalt fordelt på 30 sp. innføringsemne, 90 sp. spesialisering og 60 sp. valfrie emne.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium. Etter avtale med studierettleiar kan heile eller delar av programmet takast på deltid, kor ein tar minimum 15 sp. (50 %) i semesteret.

Undervisningsspråk

Norsk eller anna skandinavisk språk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studiet i norsk som andrespråk skal gi ei brei orientering om dei spørsmåla som reiser seg når personar med andre førstespråk skal lære seg norsk språk. Studiet skal òg gi grunnlag for betre skrivedugleik i både bokmål og nynorsk.

Faget er i første rekkje tenkt for studentar som planlegg å undervise i norsk som andrespråk for elevar frå språklege minoritetar i ulike skuleslag.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Kandidaten

  • har brei kunnskap om typiske trekk ved språket og utviklinga til andrespråksinnlærarar
  • har brei innsikt i andrespråkslæringsteori og språkdidaktiske spørsmål
  • har brei kunnskap om norsk lydlære, grammatikk og ordforråd
  • har kunnskap om moderne skriftspråkshistorie (bokmål og nynorsk)
  • har kunnskap om fleirspråklegheit på individ- og samfunnsnivå
  • har noko kunnskap om vurdering og testing av språkleg dugleik hos fleirspråklege personar
  • har kjennskap til bruken av ulike slag tekstar i andrespråkstileigning og -undervisning
  • har brei kunnskap om nordisk, særleg norsk, skjønnlitteratur, med vekt på 1900-talet
  • kjenner dei episke, lyriske og dramatiske hovudsjangrane og viktige undersjangrar av dei
  • kjenner sentrale nordiske forfattarskapar

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • kan skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt
  • kan skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om andrespråksrelaterte og nordiskfaglege emne
  • kan analysere og drøfte problemstillingar innanfor norsk som andrespråk, og nordisk, på ein fagleg måte
  • kan hente inn fagleg informasjon innanfor norsk som andrespråk, og nordisk, og vurdere han kritisk

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • kan kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar som gjeld nordisk, og særleg norsk som andrespråk og andrespråkstileigning og -undervisning
  • kan arbeide aktivt for å styrke sine eigne kunnskapar og ferdigheiter i nordisk, og særleg norsk som andrespråk
  • kan planlegge og gjennomføre eit forskingsarbeid av avgrensa omfang innanfor norsk som andrespråk
  • kan gi opplæring og rettleiing i bruken av norsk som andrespråk
  • kan rettleie lærarar med elevar i norsk som andrespråk

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar og skriftlege ferdigheiter i bokmål og nynorsk, helst karakteren 4 eller betre frå vidaregåande skule.

Gode leseferdigheiter i engelsk.

Innføringsemne

Obligatoriske emne

  • EXPHIL
  • EXFAC00SK eller EXFAC00AS
  • NORD100 Innføring i nordistikk (10 studiepoeng)
  • NOSPAN101 Moderne norsk (15 studiepoeng)
  • NORAN105 Fonologi og grammatikk i andrespråksperspektiv (5 stp)
  • NORAN106 Tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv (10 studiepoeng)
  • NORAN107 Fleirspråklegheit i sosiolingvistisk perspektiv (10 studiepoeng)
  • NORAN109 Testing og vurdering av språkferdigheiter (5 studiepoeng)
  • NORAN104 Andrespråkslæring og -undervising (15 studiepoeng)
  • NORAN250 Andrespråkslingvistikk med bacheloroppgåve (15 studiepoeng)
  • NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 studiepoeng)

Spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering på 90 studiepoeng. Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. Spesialiseringa skal innehalde minimum ei sjølvstendig, rettleidd oppgåve med omfang på minimum 10 studiepoeng (bacheloroppgåve).

  • NOSPAN101 Moderne norsk (15 studiepoeng)
  • NORAN105 Fonologi og grammatikk i andrespråksperspektiv (5 stp)
  • NORAN106 Tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv (10 studiepoeng)
  • NORAN107 Fleirspråklegheit i sosiolingvistisk perspektiv (10 studiepoeng)
  • NORAN109 Testing og vurdering av språkferdigheiter (5 studiepoeng)
  • NORAN104 Andrespråkslæring og -undervising (15 studiepoeng)
  • NORAN250 Andrespråkslingvistikk med bacheloroppgåve (15 studiepoeng)
  • NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 studiepoeng)

Tilrådde valemne

Studenten kan velje valemne eller såkalla frie studiepoeng i ein bachelorgrad, fritt blant alle emne ved Universitetet i Bergen så framt det er plass og studenten har opptaks- og forkunnskapskrava som gjeld for emnet. Ein kan også bruke emne ein har fullført tidlegare som frie studiepoeng i ein bachelorgrad. EXFAC00S, EXFAC00AS og EXPHIL kan ikkje brukast som frie studiepoeng.

Snakk med studierettleiar om du er usikker på korleis du vil legge opp valemna dine. Ein tilrår generelt at studenten vel emne med tanke på si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Dersom ein planlegg ein karriere som lærar, bør ein ta omsyn til dette ved val av frie emne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studieløpet i bachelorprogrammet i norsk som andrespråk kan til dømes sjå slik ut:

1. semester (haust)

  • Examen philosophicum (10 sp.)
  • EXFAC00SK Språkkunnskap (10 sp.)
  • NORD100 Innføring i nordistikk (10 sp.)

2. semester (vår)

  • NOSPAN101 Moderne norsk (15 sp.)
  • NORAN105 Fonologi og grammatikk i andrespråksperspektiv (5 sp.)
  • NORAN106 Tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv (10 sp.)

3. semester (haust)

  • NORAN104 Andrespråkslæring og -undervising (15 sp.)
  • NORAN107 Fleirspråklegheit i sosiolingvistisk perspektiv (10 sp.)
  • NORAN109 Testing og vurdering av språkferdigheiter (5 sp.)

4. og 5. semester (vår og haust)

6. semester (vår)

  • NORAN250 Andrespråkslingvistikk med bacheloroppgåve (15 sp.)
  • NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 sp.)

Ei generell tilråding er at ein bør ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå før ein tar fatt på 200-nivå. Sjå tabell for detaljerte opplysingar om kvart emne. Snakk med studierettleiar om du treng råd rundt studieløpet ditt.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

Les meir om utveksling.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar for dette studieprogrammet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Informasjon om undervisningsform for kvart emne står i emneplanen.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er hovudsakleg skriftleg og munnleg vurdering. Informasjon om vurderingsform for kvart emne står i emneplanen.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk, er å finne digitalt på www.vitnemalsportalen.no når krava til graden er oppfylt.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad gir mellom anna grunnlag for å søke opptak til masterprogrammet i same fagområde ved Universitetet i Bergen.

Relevans for arbeidsliv

Utdanningar ved Det humanistiske fakultet gir mange ulike moglegheiter i arbeidsmarknaden avhengig av kva for emne den einskilde studenten har i graden sin, men også kva for interesser og engasjement studenten har i tillegg til graden. Kompetanse i språk og litteratur er etterspurd i mange ulike yrke og bransjar, både private og offentlege.

I private føretak, skulen og i vaksenopplæringa er det i dag eit stort behov for kompetanse i korleis barn, unge og vaksne lærer norsk som andrespråk, og korleis leggje til rette for at læring skal skje.

Generelt gir studiet ein praktisk og teoretisk tekst- og språkkompetanse som, kombinert med annan relevant kompetanse, kan kvalifisere for arbeid overalt der det krevst evne til språkleg formidling og til vurdering og utvikling av tekst, t.d. i undervisnings- og informasjonsarbeid, i forlag og kulturinstitusjonar, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

Evaluering

Studentane, programstyret og ekstern fagfelle skal kontinuerleg evaluere emne og program i tråd med kvalitetssystem for utdanning ved Universitetet i Bergen. Tidlegare emne- og programevalueringar finn ein på www.kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for innhald, struktur og kvalitet i programmet og tilhøyrande emne.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

www.uib.no/hf/24361/infosenteret-ved-hf

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.lle@uib.no

Tlf: 55 58 24 00