Hjem
Universitetshagene

Hovedinnhold

Dette vintergrøne treet finst viltveksande i Vest-Europa med utløparar langs fjellkjedene gjennom Lilleasia og Kaukasus til Nord-Iran. Kristtorn er krev varme sumrar og tåler ikkje sterk vinterkulde. Her i landet veks han i vintermilde område langs kysten frå Kragerø til Smøla.

Blada hos kristtorn er blanke og læraktig med spisse tornar langs randen. Bæra, som utviklast på hotrea, er røde og mognast seint på hausten. Dei vert etne av trost og annan fugl og kan spreiast over ganske store avstandar. Frøet er beskytta av eit hardt skall, og slepp uskadde gjennom fugletarmen, medan fruktkjøtet vert smelta.

Til jul er det populært å pynte med kristtorn i dekorasjonar og kransar, og nokre stadar har han vore nytta som juletre. Denne tradisjonen har me nok helst innført frå England, medan namnet «kristtorn» er kome via dansk og tysk med kristendomen. I meir enn hundre år har det vore hausta bukettar av kristtorn i kystdistrikta på Vestlandet, og mange gardbrukarar har tatt vare på og stelt dei beste trea sine med tanke på dette. Nokre av produksjonstrea er formerte opp med stiklingar, og i seinare år har somme gått i gang med å plante utvalde sortar til produksjon av snittgrønt i større skala. 

Eit utbreidd namn på kristtorn i norske dialektar er «beinved», som viser til den ekstremt harde og gråkvite veden. Han har lite teikningar og minner om bein. På gunstige stader kan kristtorn nå opp i dugande dimensjoner med stammar som måler opp mot 3 m i omfang og meir enn 12-15m i høgd.

Veden har då også vorte mykje nytta til finare snikkararbeid og treskurd, der ein trengte eit hardt materiale som kunne formast fint.

Tekst: Per H. Salvesen