Hjem
Universitetshagene

Japanske sitjebord

I Japanhagen står det no to "sitjebord" som med fyrste augekast ser ut som låge bord utan benker attåt. Meininga med desse er at du skal kunne sitja på desse "borda" med utsyn i ulike retningar i hagen. Eit sitjebord står på Meditasjonshøgda og eit nytt står no på toppen av steinknausen på sørsida av Vågelva.

Ny sitjebenk i Japanhagen
Den nye sitjebenken står på knausen som viser den geologiske formasjonen "Bergensbogene". Gartnarane Paul Edmund Odfjell (t.v.) og Stefan Reimann nyter utsynet etter at dei har laga ferdig plassen for bordet.
Foto/ill.:
Alf Helge Søyland

Hovedinnhold

Det fyrste sitjebordet fekk me til opninga av hagen i 2008 og står i skogen på toppen av Elvehaugen, det høgste punktet som vert kalla Meditasjonshøga. Plankane til denne bordplata er laga av eit brunt plastmateriale som er slitesterkt og ser heilt naturleg ut.

Det nye bordet er plassert på sørsida av Vågelva nær Steinpagoden, og vi har fått det i gave frå Olaf Grolle Olsens legat.

Bordet er eit solid norsk handverk laga av haldbare tresortar av John Johansen. Det er nytta ”rødt cedertre” (Thuja plicata) på toppen og douglasgran ”Oregon Pine” (Pseudotsuga menziesii) som bein. Fordi dei er låg glir dei japanske sitjeborda fint inn i terrenget.