Home
History

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Emner

HIS301 og HIS303

Dei to obligatoriske semesteroppgåvene på HIS301 og HIS303 dannar to innleiande tekstar som førebur MA-avhandlinga, HIS350. Det er viktig å vere merksam på at tekstane likevel ikkje kan gjenbrukast direkte i MA-avhandlinga. I HIS303 skal studenten sjå framover innan eit forskingsfelt og førebu eige forskingsprosjekt gjennom utarbeiding av konkrete problemstillingar, utgreiing av relevante kjelder og metodar. I HIS301 er studenten vend mot fortida innan forskingsfeltet. Oppgåva går ut på å kartleggja kva andre forskarar har skaffa fram av teoriar, metodar, faktakunnskapar og innsikt på det valde feltet for slik å bli i stand til å vurdere fruktbare problemstillingar. HIS301 omhandlar med andre ord forskinga på eitt bestemt felt, og skil seg dermed frå ei bacheloroppgåve i historie (HIS250/HIM250). Den sistnemnde gjer greie for eit historisk tema/ein problematikk ved hjelp av forskingslitteratur.

Retningsskilt
Photo:
Javier Allegue Barros på Unsplash

Main content

HIS301 Historisk Forskingslitteratur

Beskrivelse av innhald (frå emneskildringa til HIS301)

Fagleg innhald

Emnet gir studentane ei innføring og orientering i eit forskingsfelt i historiefaget som kan vere relevant for ei masteroppgåve. Emnet tek sikte på å gi eit godt startgrunnlag for arbeidet med ei masteroppgåve gjennom kritisk analyse og diskusjon av sentral litteratur innafor eit forskingsfelt.

Kunnskapar

Studenten har grunnleggjande kunnskapar innan eit tematisk avgrensa forskingsfelt og oversikt over den viktigaste litteraturen. Studenten kjenner til dei mest sentrale synspunkta, teoriane og metodane innan feltet.

Ferdigheiter

Studenten kan formulere problemstillingar og finne fram til relevant forskingslitteratur i tilknyting til desse. Studenten kan sjølvstendig analysere grunnlaget for dei forskjellige synspunkta, teoriane og metodane i denne forskingslitteraturen.

Generell kompetanse

Gjennom det skriftlege arbeidet har studenten demonstrert evne til å analysere og dokumentere vitskapleg. Studenten har evne til å presentere faglege problemstillingar munnleg og i diskusjonar med faglærarar og medstudentar.

HIS301-oppgåva skal altså handle om forskingslitteratur innan eit forskingsfelt, og ikkje vere ei empirisk framstilling av historiske hendingar/fenomen, eller vere ei drøfting av kjelder. Eit fokus på kjelder kan likevel vere relevant der desse er problematiske og slik avfødd ein forskingslitteratur der kjeldedrøftinga står spesielt sentralt. Oppgåva kan ha ulike hovudtilnærmingar, anten vere historiografisk og vise korleis forskingslitteraturen har endra karakter over tid, eller vere ein meir reindyrka diskusjon av forskingsfronten innan eit felt, eller meir naturleg vere ein kombinasjon av desse.

Naturlege moment for studenten å gripa fatt i vil vere:

Tematisk perspektiv. Kva har forskingslitteraturen vore opptatt av innanfor feltet? Økonomisk historie, sosialhistorie, kjønnshistorie, lokalhistorie, globalhistorie, politisk historie etc.?

Teoretisk perspektiv. Kva slags syn har litteraturen på dei sentrale samanhangane? Korleis forklarer litteraturen historiske hendingar/fenomen/strukturar etc.

Metodisk tilnærming. Korleis har litteraturen kome fram til konklusjonane/synsmåtane sine? Komparasjon, diskursanalyse, statistikk, munnlege kjelder, retrospektiv metode, historisk antropologi etc.? Kva har vore det sentrale kjeldegrunnlaget i forskingslitteraturen, og har det eventuelt endra seg over tid?

Historiografiske perspektiv? I kva grad er forskingslitteraturen i dialog med annan forskingslitteratur på feltet? Finst det det etablerte standardverk på feltet? Blir tidlegare forsking diskutert, kritisert, problematisert, støtta?

Konklusjonar/resultat. Kva er dei heilt sentrale funna til litteraturen på området? Nyttar forskingslitteraturen sjølv syntesar, eller kan ein sjølv gi syntetiserande skildringar av den? Kva er det me veit/ikkje veit innan feltet, kva er me usikre på, kva er litteraturen generelt samd/usamd i, kan ein identifisere ”skular” eller retningar innan litteraturen?

Eigen vurdering. Studenten si samla vurdering av forskingslitteraturen. På kva område av forskingsfeltet er den sterk? Kor er manglane tematisk, metodisk og teoretisk etc. – Kan ein drøfte kvifor det eventuelt oppstår usemje/skular? Er det grunn til å drøfte definisjonar, premiss, avgrensingar i forskingslitteraturen? Denne delen kan munne ut i formulering av førebelse problemstillingar som er fruktbare for ei masteroppgåve.

Det er viktig at framstillinga ikkje ber preg av å vere verken ein leserapport eller ein leseplan, altså ei udrøftande opplisting av kva litteratur ein har lest eller kva litteratur ein har tenkt å lese. Dei gode oppgåvene maktar å drøfte momenta over på ein sjølvstendig måte, og få fram både skilnader og likskapar i litteraturen. Det er naturlegvis ikkje noko krav til kor mange moment som må vere med i ei god oppgåve, det vil variere frå forskingsfelt til forskingsfelt kva som er relevant og fruktbart å ta opp. Likeins vil plassomsyn ofte gjere det nødvendig å avgrensa drøftinga. Oppgåva må innleiingsvis gjere greie for kva tilnærming til forskingslitteraturen ein sjølv vel.

I løpet av semesteret bør studenten presentere utkast til HIS301-oppgåva på masterseminar, og kommentere medstudentar sine utkast. Om innlevering og kommentering – sjå under.

HIS303 Forskingsproblem og Kjeldearbeid  

Beskrivelse av innhald (frå emneskildringa til HIS303

Kunnskap 

Studenten har djupare innsikt i historisk metode knytt til bruken av ulike kjeldetypar innan eit historisk tema. 

Ferdigheiter 

Studenten kan utvikle og formulere historiske problemstillingar innan eit avgrensa tema. Studenten er i stand til å klargjere og avgrense kva litteratur og kjelder som kan nyttast til å løyse problemet. Studenten kan studenten analysere forskingslitteratur/kjelder sjølvstendig og trekkje eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid. 

Generell kompetanse 

Studenten har grunnleggande kompetanse i å kartlegge og vurdere kjeldemateriale for historisk forsking og formulering av eit sjølvstendig forskingsprosjekt innan ei avgrensa tidsramme. Studenten viser sjølvstendige evner gjennom dei skriftlege arbeida til å analysere, syntetisere og dokumentere vitskaplege framstillingar. 

I HIS301 er studenten vend mot fortida. HIS301-oppgåva går ut på å kartleggja kva andre forskarar har skaffa fram av teoriar, metodar, faktakunnskapar og innsikt på eit visst emnefelt. Feltet vil vera det same som studenten sjølv skal arbeida i på eit seinare tidspunkt. I HIS303 snur studenten seg mot framtida. Her skal han/ho førebu sitt eige forskingsprosjekt gjennom å formulera ei eller fleire problemstillingar, vurdera mogleg kjeldemateriale og gjerne gi eksempel på korleis dette kjeldematerialet kan brukast til å gi svar på problemstillinga(ne) – altså på metodane han/ho har tenkt å ta i bruk.  

Problemstillingar 

Å ha funne eit emne for prosjektet (gjerne uttrykt i eit emneord, ei tidsavgrensing og ei geografisk ramme) tyder ikkje automatisk at ein har ei problemstilling. Emnet legg ei yttergrense omkring eit felt som skal studerast. Problemstillinga derimot har å gjera med korleis ein går opp tenlege vegar innanfor dette feltet. 

Her er nokre svært forsøksvise formuleringar av kva ei problemstilling er: 

  • Eit perspektiv eller ein innfallsvinkel til det emnet ein skal arbeida med 

  • Ei støtte i arbeidet med å disponera ei avhandling 

  • Ein reiskap til å minska og tilpassa eit granskingsfelt 

  • Eit hjelpemiddel til å laga skilje mellom vesentleg og uvesentleg i emnet 

  • Ei hjelperåd til å finna veg gjennom emnet 

  • Eit vilkår for å dra ein konklusjon av ei vitskapleg undersøking 

  • Sjølve det som undersøkinga skal tena til å finna ut av 

Formelt kan problemstillinga framtre på minst tre ulike måtar: som eit oppstilt mål, som eitt eller fleire spørsmål, eller som ein eller fleire påstandar. 

Problemstillinga i si enklaste form finn ein i formuleringar av denne typen: «Målet for denne undersøkinga er å studera befolkningsutviklinga i Lindås mellom 1660 og 1801.» I røynda gjer utsegna ingenting ut over å gjenta emnet.  

Den spesifikke problemstillinga innanfor emnet er lettare å få fram dersom ein forsøker å uttrykkja henne i spørsmåls form. Spørsmålet forventar eit svar, og dermed er det gitt kva undersøkinga skal styra mot. Det er på denne måten problemstillinga verkar til å avgrensa og målretta prosjektet. 

Sjølvsagt er det mange måtar å spørja på: «Korleis var befolkningsutviklinga i Lindås mellom 1660 og 1801?» Dette vil i røynda berre vera ei omformulering av emnet, og heller ikkje no utgjera ei problemstilling. Men straks vi veit litt, til dømes at folketalet i Lindås stagnerte mellom 1660 og 1750, kan vi gå til undersøkinga med ei meir målretta problemstilling: «Var det sviktande næringar eller epidemiske sjukdomar som gjorde at folketalet stagnerte?» No har også ambisjonen blitt å forklara det som skjedde. 

Eit språkleg knep kan brukast til å skjerpa problemstillinga ytterlegare. Det er når ein prøver å formulera henne som ei forventing, eller endå betre, som ein påstand: «Eg reknar med å finna at ... fordi ...»  Forventinga om kva ein vil finna og kvifor vil oftast ha sin basis i den kunnskapen om emnet som ein har skaffa seg under arbeidet med historiografien i HIS301. Men også meir generell historisk eller samfunnsvitskapleg teori kan dragast inn, og stundom jamvel vanleg sunn fornuft. 

No kan det tilsynelatande verka punkterande på oppdagargleda både for forskaren og lesaren at «resultatet» vert hengt ut alt før undersøkinga er komen i gang. Men i hovudet har forskaren nesten alltid ein ide‚ om kvar han/ho vil hamna. Spenninga gjeld om forventinga slår til. Derfor er det problemstilling og konklusjon må spela saman. Er problemstillinga forma som eit spørsmål, må konklusjonen innehalda svaret. Er problemstillinga forma som ein påstand, må konklusjonen bli ei drøfting og vurdering av kor vidt påstanden slo til og kvifor/kvifor ikkje. 

Under alle omstende vil ei god problemstilling vera ei som losar forskaren effektivt gjennom ei undersøking og som gir avklarande resultat. Avklaring kjem ikkje nødvendigvis berre gjennom nye faktakunnskapar eller gjennom stadfesting av oppstilte hypotesar. Også forkasta samanhengar og omformulerte problemstillingar flyttar forskingsfronten framover. Det same gjer faktisk også resultat av typen «dette let det seg ikkje gjera å finna noko ut om».  

Problemstillingar kan altså spreia seg over ein vid skala frå opne (der dei er meir eller mindre lik «emnet») til tronge (der dei gradvis sterkare avgrensar og målrettar prosjektet). Vi har sett at spørsmålet og påstanden kan brukast som teknikkar til å skjerpa problemstillinga. Ein vil alltid vinna på å prøva å arbeida seg frå ei open mot ei trongare problemstilling. Men det er ingen regel at den trongaste er den beste. Alt avhengig av kva som føreligg av tidlegare forsking på feltet og av kva tid og ressursar som er tilgjengelege, må det for det einskilde prosjektet vurderast kva type problemstilling som vil fungera best. 

Kor stor del av den ferdige semesteroppgåva på 15-20 sider bør brukast på problemstillinga? Også her blir svaret avhengig av det gjevne emnet og kva som er gjort på feltet før. Men som ein tommelfingerregel kan ein seia at 5 sider er minimum. Omfanget vil sjølvsagt også avhenga av kor mykje plass kjeldene vil krevja. Dei er vi komne til no. 

Kjeldemateriale og kjeldeeksempel 

Den første sentrale oppgåva i kjeldearbeidet vil vera å kartleggja, vurdera og eventuelt avgrensa eit kjeldemateriale for det føreståande MA-prosjektet. Dette arbeidet må utførast med prosjektets problemstilling for auga. Det er heilt avgjerande at kjeldetilfanget blir i stand til å kasta lys over dei spørsmåla eller påstandane som ligg innbakte i problemstillinga. 

I kartlegginga av moglege kjelder vil til dømes arkivverkets katalogoversikter og handbøker gi god hjelp, både trykte og katalogar på Digitalarkivet. For prenta materiale vil ein kunna nytta til dømes Oria, Nasjonalbibliotekets bokhylle, og liknande basar. Kjeldene kan sjølvsagt også byggje på andre typar materiale, til dømes intervju eller andre former for muntlege kjelder. 

Å vurdera ei kjelde vil seia å finna ut kva ho fortel om, kor påliteleg ho er, og gjerne også kva historikarar tidlegare har brukt henne til. Her må fokus haldast på den påtenkte bruken og ikkje bli ei omfattande beskriving av likt og ulikt.  

Talet på kjeldetypar som ein tek i bruk, vil kunna variera mykje frå undersøking til undersøking. Men gjennomgåande vil det gjelda at kjeldearbeidet ikkje må sprengja rammene for det som er mogeleg å innpassa i eit to semesters gransking- og skrivingsprosjekt. Dette tilseier ei drøfting av arbeidsoperasjonar og eventuelle kvantitative avgrensingar av kjeldematerialet.  

Den andre oppgåva går ut på å gi eksempel på korleis den eller dei utvalde kjeldene kan utnyttast i praksis. 

Dersom emnet for undersøkinga til dømes er Bergens Tidendes syn på bygging av Hardangerbru 1995-2000, er det sjølvsagt stoff frå avisa som er kjeldetilfang. Dette stoffet kan delast i redaksjonsstoff (leiarar), journaliststoff (artiklar) og innlegg frå utenforståande (lesarbrev). Ved å ta ut eitt døme på kvar av desse typane vil studenten kunna gjera ein prøve på korleis ein reint teknisk kan identifisera og karakterisera «meiningar» i ein tekst, og eventuelt om det er skilnader mellom dei tre typane. 

Studenten kan på grunnlag av eit slikt døme også vurdera den praktiske tilrettelegginga av kjelda: Kva opplysningar bør takast ut av kvar aktuell tekst frå avisa? Korleis organiserer ein desse opplysningane med tanke på analysen i stort? Er det aktuelt å leggja dei i ein database? Ved å gå inn på slike praktiske spørsmål forflytter forskaren seg frå kjeldebeskriving til refleksjon over dei teknikkar og hjelpemiddel som skal utgjera hans/hennar historiske metode. Igjen bør dette skje med eit vakent auga for kva som tener prosjektets problemstilling.  

Krav til semesteroppgåva i HIS303 

Det må vera argumentert for at problemstillinga er relevant og fruktbar i forhold til forskingsstatus på feltet. Problemstillinga kan plasserast på ein skala mellom vid og snever tilskjering. Det er viktig at kandidaten synleggjer og vurderer sine val her, dels i lys av tidlegare forsking på feltet (jmf. HIS301) og dels i forhold til kva som er mogeleg å utretta i denne konkrete undersøkinga, tid og ressursar tekne i betraktning.  

I den monn prosjektet støttar seg til tidlegare formulert historisk eller samfunnsvitskapleg teori, skal dette nemnast. 

Kjeldesituasjonen skal utgreiast: Kva som finst av moglege kjelder, og kva det er overkomeleg å bruka i prosjektet her. Kvaliteten på det aktuelle kjeldematerialet skal vurderast opp mot spørsmåla ein skal stille til kjeldene. 

Det skal gjerast greie for teknikkar og metodar som er tenkt nytta på dei utvalde kjeldene. 

Det skal liggja føre eitt eller nokre få døme på konkret utnytting av kjeldematerialet. Prøven skal brukast til å drøfta kor vidt resultata av undersøkinga er relevante i forhold til den oppsette problemstillinga. 

I løpet av semesteret bør studenten presentere utkast til HIS303-oppgåva på masterseminar, og kommentere medstudentar sine utkast. Om innlevering og kommentering – sjå under. 

Lesetips  

Melve, Leidulf og Teemu Ryymin (red.). 2018. Historikerens arbeidsmåter. Oslo: Universitetsforlaget, kapitlene 1–3.  

Kaldal, Ingar. 2003. Historisk forsking, forståing og forteljing. Oslo: Samlaget, kapittel 2 «Å tenke og spørje historisk». 

Kjeldstadli, Knut. 2000. Fortida er ikke hva den en gang var. En innføring i historiefaget. Oslo: Universitetsforlaget, kapittel 2, «Hva er historie?».  

Om å levere og å kommentere oppgaver 

Den som leverer manuskript må gjøre klart hvilke type oppgave det er (HIS301, HIS303 eller HIS350), huske å skrive navnet sitt i manuset og sette inn sidetall. Om det er en HIS350-oppgave, er det veldig fint om det følger med en disposisjon over hele oppgaven, slik at leseren kan se hvordan det innleverte manuskriptet tenkes plassert i en større helhet. At dette gjøres klart, er viktig både for den som skal kommentere og for at diskusjonen i seminaret kan dreie seg om det innleverte manuskriptet, ikke om ting som egentlig hører hjemme et annet sted. 

Kommentatoren må også ha klart for seg hva som er målet med de ulike oppgavetypene, og kommentere det aktuelle manuskriptet ut fra om det ser ut til å «passe» med målet.  

  • Kommentatoren må vurdere om det klart framgår hva manuskriptet skal handle om (hva er tema, hva er problemstillingen?) 

  • Følger skribenten opp det hun/han sier manuskriptet skal handle om – altså: er det samsvar mellom innledning og hoveddel, og videre, konklusjon? 

Nå er det klart at mange av de manuskriptene som diskuteres, ikke er ferdige kapitler/oppgaver, men det er likevel en fordel om de bygges opp på en slik måte at det er mulig å vurdere nettopp forholdet mellom tema/problem og den drøftingen som føres. 

Det kan videre være nyttig å tenke i følgende stikkord: innhold, struktur, språk, notehenvisninger og helst også litteraturliste/referanser.  

  • Innhold. Utover å vurdere teksten i forhold til tema/problemformulering, kan det være nyttig å se nærmere på hvordan argumentasjonen er bygd opp. Er den logisk, solid og begrunnet, eller er det ting som savnes/er uklart? Er dessuten eventuelle begreper/teorier presentert og forklart på en god måte? 

  • Struktur. Er oppgaven logisk oppbygd i forhold til kronologi eller tema? Behandles de ting som hører sammen på samme sted, og er det god sammenheng og flyt mellom de ulike delene? Er det andre måter å strukturere på som klarere ville ha formidlet innholdet? Er det ting som savnes? Eller er det ting som ikke passer inn? Under dette punktet kan det også være aktuelt å se nærmere på hvordan overskrifter er brukt. 

  • Språk. Er språket godt, klart og presist?  

  • Noter. Er det noter på de «riktige» stedene, og er notene skrevet etter samme modell gjennom hele teksten? 

  • Litteraturliste/referanser 

Hele formålet med å legge frem og kommentere manuskripter, er at teksten skal bli så god som mulig. Det som da trenges er konstruktiv kritikk, så ikke bare tenk på hvilke svakheter som finnes, men på hvilke grep som kan tas for at den skal bli bedre, og på hva det er i teksten du liker.