Kontakt:
Fagkoordinator
Ingvar Mæhle, førsteamanuensis
E-post: Ingvar.Mahle@ahkr.uib.no
Tlf.: 55 58 23 05
Studierettleiar
Anne Mailin Selland
E-post: Anne.Selland@ahkr.uib.no
Tlf.: 55 58 23 09
Kompetansekatalog
To professorar og tolv nyfikne studentar var starten på historisk institutt i 1957. I dag er historie ved AHKR eit av dei større faga ved Universitetet i Bergen, med utdanning på alle nivå. Historie ved AHKR har lenge vore kjenneteikna ved stor tematisk, geografisk og kronologisk spennvidde. Spennvidda strekkjer seg frå bronsealderen til notida, med fokus på Noreg, Norden, Europa, USA og Midtausten/Afrika. Breidda av fagspesialitetar både med omsyn til tid og tema er ein del av fagkulturen.
Fagmiljøet er opptekne av å formidle historie i skrift og tale, og vere synleg i media og samfunnsdebatten. Historie er eit populært fag fordi vi har satsar på godt organisert undervising, har engasjerte førelesarar og lang satsing på studentevaluering. Ved historie er forsking, formidling og undervising tett integrert. Historie som undervisningsfag har endra seg dei 10-20 år siste åra og har no varierte undervisingsformer og -tilbod. Historie var eit av dei første faga som tok i bruk mapper og digital læringsplattform (1993). Historie som fag har vore og er nyskapande.
Nye publikasjonar
Per Kristian Sebak og Jacob Lothe:
Titanic. Historie, myte, litteratur og film
Pax forlag, 2012.
Ida Blom:
Medicine, Morality, and Political Culture. Legislation on venereal disease in five Northern European countries, c. 1870 – c. 1995.
Nordic Academic Press, 2012
Om etikette i Kongsspegelen (ca. 1250):
"Når du kjem føre kongen, skal du bøye deg audmjukt for han og helse han med desse orda: ‘Gud gje Dykk ein god dag, herre konge!’ Men om kongen sit til bords når du kjem fram for han, så la ikkje det hende deg som hender mang ein fåviting, at du stør deg på kongens bord, og endå mindre at du legg deg framover det, som vanseda toskar gjer (…) Om det skulle hende at kongen seier noko til deg som du ikkje skjønar, så skal du nødest til å spørje opp att, då skal du korkje seie ‘hå?’ eller ‘kva?’. Du bør helst ikkje seie noko anna enn det ordet ‘herre’."
Stipendiat i historie Pål Berg Svenungsen byr jamnleg på fleire små notisar frå fortida.
