Dei som bad Roma om hjelp
Historikar Ingrid Kibsgård jaktar på offer for den spanske inkvisisjonen i arkivet til det pavelege pønitentiariet.
Hovedinnhold
Å hamna på radaren til den spanske inkvisisjonen var ingen spøk. Det å verta mistenkt var nok til å gjera livet vanskeleg, ikkje berre for ein sjølv, men òg for den næraste familien.
I doktorgradprosjektet sitt leitar Ingrid S. Aakre Kibsgård (27), ph.d.-stipendiat i historie ved Universitetet i Bergen, etter materiale som kan kasta lys over slike lagnader og korleis kurien handterte dei. Sidan ho byrja som stipendiat i fjor haust, har ho vore på to forskingsopphald i Roma, der det fyrste varte frå oktober til november og det noverande frå mai til starten av juli.
Eit kontor for synd
– Kva gjer du i ph.d.-prosjektet ditt?
– Eg undersøkjer arkivet til det apostoliske pønitentiariet – eit paveleg kontor ved den romerske kurien som folk kunne venda seg til for å få tilgjeving for synder dei hadde gjort, eller for å få løyve til å gjera ting som i utgangspunktet ikkje var lov, som å skifta kloster eller til og med skriftefar. Arkivet har brev frå folk i alle samfunnslag, men dei eg studerer, er skrivne av spanske kristne på 14- og 1500-talet som hadde fått problem med inkvisisjonen.
Pønitentiararkivet inneheld fleire brev frå personar som har vorte dømde eller mistenkte av inkvisisjonen, eller har nære familiemedlemmer, oftast foreldre eller besteforeldre, som dette har skjedd med. Søkjarane ber kurien om forlating, anten det er for noko dei sjølve har vorte skulda for, eller for synder som dei har «arva» etter familiemedlemmene.
Ingrid er dimed mellom dei få som faktisk forventar å treffa på den spanske inkvisisjonen – om enn berre i kjeldene.
– Kor ofte høyrer du Monty Python-vitsar?
– Ofte! ler Ingrid. – Veldig ofte, til og med frå studentar. Det er det som oftast skjer når eg fortel folk om prosjektet mitt.
Arbeidsfordeling eller maktkamp?
Doktorgradsstipendiat Ingrid S. Aakre Kibsgård på terrassen til Det norske institutt i Roma.
Sjølv om pønitentiariet går tilbake til slutten av 1100-talet, manglar kjeldene frå den eldste tida, og dei eldste registera er dimed frå 1400-talet. Dette påverkar ikkje arbeidet til Ingrid, sidan den spanske inkvisisjonen vart oppretta fyrst i 1478.
– Kva håpar du å finna ut i løpet av prosjektet?
– Det spanske materialet som omhandlar inkvisisjonen, har aldri tidlegare vore kartlagt i stor skala. Eg vil gjerne vita meir om korleis pønitentiariet handterte slike brev; det har vore gjort for andre område, inkludert Skandinavia. Og sambandet mellom inkvisisjonen og kurien er òg veldig interessant.
Ingrid fortel at inkvisisjonen var underlagt den spanske monarken, og at pønitentiariet dimed ikkje hadde nokon direkte kontroll over organet.
– Det er ganske mykje me framleis ikkje veit om korleis forholdet var mellom desse institusjonane, men bevis tyder på at det ofte kunne vera ein maktkamp mellom dei. Til dømes er det fleire brev der søkjaren har fått innvilga dispensasjon, som inneheld ein beskjed til den lokale biskopen om å passa på at dispensasjonen faktisk vert fylgd opp, og ikkje sabotert av inkvisisjonen.
Prosjektet påverkar sightseeinga mi
Å leita etter materiale knytt til den spanske inkvisisjonen i eit arkiv som høyrer til den pavelege kurien – det gjev litt assosiasjonar til Dan Brown. Men ifylgje Ingrid er pønitentiararkivet ingen mørk og mystisk stad, sjølv om ho forstår at det kan høyrast slik ut.
– Då eg var i Vatikanarkivet i haust, hadde eg sett føre meg djupe kjellarar og høge bokhyller, men det var faktisk veldig ope der.
Pønitentiararkivet høyrer til Vatikanet, men er eit sjølvstendig arkiv. Om arkivet er relativt lite, er materialet frå perioden Ingrid studerer, ganske omfattande. Ho kan dimed ikkje utelukka at det kan verta bruk for å koma tilbake seinare, noko ho etter kvart har lang erfaring med: Ingrid var nemleg på forskingsopphald i Roma alt som masterstudent, ved hjelp av stipend frå Det norske instituttet.
Instituttet har òg vore ein base for Ingrid under det noverande og førre opphaldet. Ho set pris på å ha ein arbeidsplass i byen utanom arkivet, og meiner opphalda i Roma er viktige for forskinga hennar, ikkje berre når det gjeld sjølve undersøkingane.
– Prosjektet har styrt mesteparten av sightseeinga mi, for når eg ikkje arbeider, har eg prøvd å oppsøkja kyrkjer som er omtala i materialet mitt. Det å oppleva staden der kjeldene eg arbeider med, stammar frå, har vore veldig viktig i seg sjølv.