Hjem
Det humanistiske fakultet

Privatisteksamen ved Det humanistiske fakultet

Dersom du ikkje er student ved UiB kan du søkje om å få avlegge eksamen som privatist.

Student som skriver
Dersom du ønskjer å prøve kunnskapane dine i eit emne ved Det humanistiske fakultet kan du søkje om å få avleggje særskilt eksamen som privatist.
Foto/ill.:
Emil W. Breistein

Hovedinnhold

Kva inneber privatistordninga?

Dersom du ønskjer å prøve kunnskapane dine i eit emne ved Det humanistiske fakultet kan du søkje om å få avleggje særskilt eksamen som privatist. Viss du får innvilga søknaden din, får du rett til å følgje opne førelesingar og rett til å møte til eksamen.

Merk deg at du som privatist ikkje får status som student eller tilgang til studenttenester gjennom Sammen. Du kan heller ikkje søke støtte frå Lånekassen. Som privatist har du heller ikkje rett til å delta i gruppe-/seminarundervisning, få rettleiing frå førelesaren, eller tilgang til UiBs datalæringssystem Mitt UiB.

Kva for emne kan du ta som privatist?

Sidan privatistar ikkje har rett på oppfølging frå lærar, er det i utgangspunktet berre emne utan obligatoriske arbeidskrav som er opne for privatistar. Vi kan heller ikkje ta imot privatistar på masternivå (emnekodar på 300-talet), eller emne som krev studierett på eit bestemt studieprogram.

Obligatoriske arbeidskrav og krav til studierett finn du i emneomtalen. I emneoversikten finn du til ein kvar tid emneomtaler og oversyn over kva emne som går i kva semester.

Dersom emnet du har søkt om ikkje kan takast av privatistar, vil søknaden din bli avslått. I så fall vil du få melding om det på e-post, med mogelegheit for å velje eit anna emne.

Kva kostar det å ta eksamen som privatist?

Avgifta for eksamensrett utan studierett er fastsett av universitetsstyret og er som følger:

  • Emner på totalt inntil 15 studiepoeng: 3000 kr
  • Emner på totalt inntil 30 studiepoeng: 5000 kr
  • Emner på totalt inntil 60 studiepoeng: 8000 kr

 
Ver merksam på at kandidatar ikkje blir melde til eksamen før eksamensavgifta er betalt. Avgifta gjeld for eitt semester, og ho vert ikkje refundert om du ikkje tar eksamen. Dersom grunnen til at du ikkje tek eksamen er dokumentert sjukdom, har du rett til å møte neste gang det blir sett opp eksamen i  emnet, utan å betale
ny eksamensavgift.

Korleis søkjer du?

Fyll ut det elektroniske søknadsskjemaet du finn til høgre på denne sida. Skjemaet og ev. dokumentasjonen blir sendt til Det humanistiske fakultet og saksbehandla der.

Fristen for å søkje er 15. august for eksamen i haustsemesteret og 15. januar for eksamen i vårsemesteret. Søknadane blir saksbehandla etter at søknadsfristen har gått ut.

Saman med søknaden må du sende denne dokumentasjonen:

  • Dokumentasjon på at du har generell studiekompetanse (sjå nettsidene til Samordna opptak for krav).
  • Namneendringsattest, dersom du har skifta namn sidan dokumentasjonen blei  skriven ut.
  • Dokumentasjon på forkunnskapar, dersom emnet du søker om å ta stiller krav til forkunnskapar.
  • Dersom du ikkje har generell studiekompetanse, men skal søke på grunnlag av realkompetanse, kontakt oss på post@hf.uib.no for å få informasjon om krav til dokumentasjon.

Alle kopiar må vere kopiert, stempla og attestert ved eit offentleg kontor. Vær vennleg og ikkje send originalar.