Hjem

HMS-portalen

Farleg avfall

Avhending av farleg avfall skal skje i høve til UiBs retningslinjer og lokale prosedyrar. Alt farleg avfall skal deklarerast. UiB praktiserer et null-utslipp til avløp. Med andre ord, INGEN farlige kjemikalier eller miljøskadelige stoffer skal skylles ned i vasken.

Alt farlig avfall i Norge skal fra 01. mai 2016 deklareres elektronisk (avfallsdeklarering.no). UiB har gitt fullmakt til BiR som deklarerer avfallet for oss, allikevel så medfører endringen noen organisatoriske og praktiske endringer for UiB.

Hvert institutt, avdeling og senter ved UiB må ha en avfallskontaktperson.  UiB-bygg som har rom for lagring av farlig avfall må i tillegg ha romansvarlig for avfallsrommene.

Avfallskontaktene ved hvert institutt/avdeling/senter vil få ansvar for opplæring av egne ansatte, studenter og gjesteforskere. Opplæringen går ut på korrekt utfylling av deklarasjonsskjema, hvilke beholdere som skal benyttes og rett kategorisering av det farlige avfallet. Feil eller mangelfull deklarering som avfallsmottaket må korrigere, vil medføre et ekstra gebyr som blir belastet instituttet/avdelingen/senteret.

Når man skal avhende farlig avfall skal deklarasjonsskjema fylles ut. Skjemaet er elektronisk og sendes automatisk både til utfyller samt til romansvarlig for det gitte avfallsrommet. Skjemaet man får tilsendt på mail må printes ut og legges ved avfallet.

Romansvarlige for avfallsrommene er:

  • Det nye odontologibygget ,Årstadveien 19: Siren Hammer Østvold
  • BB-bygget: Bossrom i 1.etg: Emil Hausvik
  • Thormøhlens gate 55 (HIB): Paul Løvik
  • Thormøhlens gate 53 B: Evy Foss Skjoldal
  • Realfagbygget: Lisbeth Glærum

Kontaktperson ved BIR er Sissel Borgen Tel: 55277054.

Kva er farleg avfall?

Kjemikaliar

Dette gjeld det meste ein kan koma på av kjemikalieavfall frå laboratorie- og klinikkmiljø. Nokre døme er: Etsande syrer og basar, desinfeksjonsvæsker, kvikksølvhaldig- og cyanidhaldig avfall, tungmetall, organiske løysemiddel med og utan halogen, reaktive stoff og cytostatika.

Men ikkje eksplosive og ioniserande strålekjelder.

Ved avhending av kjemikalier er det en arkiveringsplikt på sikkerhetsdataplad på 10 år (REACH).

Tomme (avdampede) glassflasker skal avhendes som problemavfall.

Kvikksølv

Det er per i dag forbudt å produsere, importere, eksportere, omsette og bruke stoff eller stoffblanding som inneholder kvikksølv eller kvikksølvforbindelser. Forbudet omfatter også stoff og stoffblandinger til analyse- og forskningsformål. Utfyllende opplysninger finnes i forskriftene om begrensning i bruk av helse- og miljøfarlige kjemikalier og andre produkter (produktforskriften).

Batterier

Alle type batterier.

Oljeavfall

Her er det fleire typar, som til dømes spillolje, oljeemulsjonar, råolje osb.

Plantevernmidlar

Plantevernmidlar er stoff eller preparat som kan nyttast for å verna mot, hemma eller førebyggja angrep på levande plantar, plantedelar, såvarer og tømmer.

Maling

Alt av maling og lakkrestar - inklusive sprayboksar, samt lim og trykkfargar.

Fotokjemikaliar

Her har ein framkallingsbad, bleikebad, fikseringsbad, sølvhaldige stabilisatorar osb.

 

Emballering

Så langt det er praktisk mogeleg er det ønskjeleg at alt farleg avfall vert levert i originalemballasjen og med minst mogeleg blanding, både av kjemikaliane og dei ulike farlege avfallstypane. Dersom dette ikkje er mogeleg må ein sjølv passa på å nytta eigna behaldarar som tilfredsstiller dei krav som vert stilt til oppbevaring av det enkelte avfallet.

Hugs: Det er svært viktig at emballasjen vert merka grundig og utvitydig med namn og konsentrasjon.

Originalemballasjen eller anna høveleg konteinar som inneheld avfallet og er merka vert sett i raude plastkassar med lokk. Plastkassane til dette føremålet finn ein i romma for mellombels lagring av farleg avfall.

For oppsamling av brukte løysemiddel, sjå under løysemiddeldunkar.

Løysemiddeldunkar

Brukte løysemiddel vert samla i plastdunkar. De skal ikkje fyllast opp meir enn 3/4. Det er to ulike fargar på dunkane, alt etter kva avfallet inneheld:

  • BLÅ-dunkar: Til halogenerte løysemiddel, det vil seia avfall som inneheld fluor (F), klor (Cl), brom (Br) og jod (I).
  • Blanke-dunkar (har tidlegare vore merka med raudt): Til løysemiddel som ikkje inneheld halogen.

Viss ein skal bestilla henting av løysemiddeldunkar, ynskjer Bir å vite kor mange liter som skal hentast og om dei er med eller utan halogen. Dette er viktig informasjon for Bir, slik at dunkane skal kunne transporterast på en sikker og forsvarleg måte

Det er svært stor skilnad på kostnadane for deponering av løysemiddel med og utan halogen - så ikkje bland dei.

Bland heller ikkje reine løysemiddel med andre stoff, som til dømes syrer og basar, så langt råd er. Slike blandingar gjev høgare prisar.

Mest mogleg reine kjemikaliar er difor god økonomi!

Deklarering

Farleg avfall går til midlertidig lagring hjå BIR Avfallshandtering, Avdeling for farleg avfall på Flesland. Avfallet skal deklarerast ved hjelp av "Deklarasjonsskjema for farleg avfall ved UiB". Skjemaet er elektronisk og sendes automatisk både til utfyller samt til romansvarleg for det gitte avfallsrommet.

Avfallsprodusent/brukar er sjølv ansvarleg for å deklarera avfallet.

Registreringsskjemaet ein får tilsendt på mail må skrivas ut og skal festas på løysemiddeldunkane eller leggas oppi kassane.

Mellombels lagring/hentestadar

Brukar set det deklarerte avfallet i hyllene for farleg avfall på romma for farleg avfall og problemavfall. Ikkje sett kassane med avfall rundt på golvet!

Hentestader for farleg avfall og problemavfall ved UiB:

  • Det nye odontologibygget ,Årstadveien 19, avfallsrom ved varemottak.
  • BB-bygget: Bossrom i 1.etg.
  • BB-bygget: Dyrestall 7.etg. syd.
  • Fellesbygget, Årstadveien 21: bossrom, innkjøring fra Alrek
  • Thormøhlens gate 55 (HIB): bossrom, inngang fra kaisiden
  • Thormøhlens gate 53 B
  • Realfagbygget: spesialrom i kjelleretasjen

Hentetider for farlig avfall er det samme som for problemavfall. Dersom det er mykje farleg avfall på rommet ved levering gjev beskjed til kontaktperson for avfall ved ditt institutt/avdeling.