Hjem
HMS-portalen

Eksplosivt avfall

Eksplosivt avfall skal handsamast med særs merksemd. Då eksplosive sambindingar kan ikkje leverast som farleg avfall må dei destruerast.

Alle som arbeidar med kjemiske sambindingar som potensielt kan vera eksplosive enten ved innkjøp eller ved lagring over tid, skal syna særs merksemd i høve til desse kjemikaliane.

Brukar skal prøva å finna erstatningsstoff der det er mogeleg, jf. substitusjonsplikta. Dersom ein må nytta stoffa skal ein kjøpa inn minst mogeleg kvantum og inspisera sambindingane jamleg, kvart kvartal skal stoffa undersøkjast for vassinnhald og alder. Dei potensielt eksplosive stoffa skal avhendast som farleg avfall der det er mogeleg og før dei vert eit signifikant tryggleiksproblem.

For å unngå problem på grunn av potensielt eksplosive kjemikaliar skal ein fylgja rutinane for handtering av peroksiddannande kjemikaliar og sambindingar som er eksplosive ved innkjøp.

Avhending av peroksiddannande kjemikaliar

Test alle peroksiddannande kjemikaliar før mogeleg bruk og avhending. Dersom testen er positiv med omsyn til danna peroksid må ein fastslå konsentrasjonen før ein kan avgjera kva ein skal gjera:

  • Konsentrasjon mindre enn 400 ppm (mg/l): Stoffet kan nyttast dersom ein fjernar peroksidet fyrst. Stoff med konsentrasjon over 400 ppm peroksid kan sendast som farleg avfall dersom ein ikkje ynskjer å fjerna peroksid, sjå under).
  • Konsentrasjon mellom 400-3000 ppm (mg/l): Stoffet kan leverast som farleg avfall.

(Kan senda kjemikaliar som maksimalt inneheld 0,3 % peroksid - svarande til 3000 ppm. ADR bestemminga kap. 2.2.3.2.1, side 181)

 

Avhending av sambindingar som er eksplosiv ved innkjøp