Hjem
Globale samfunnsutfordringer
MØTESERIE PÅ LITTERATURHUSET

Korleis riggar vi oss for framtida?

Forskarar kjem til Bergen for å løyse dei store samfunnsutfordringane. Simon Øverland har invitert nokre av dei til å fortelje om framtidas løysingar.

Simon Øverland
SIMON INVITERER I ein ny møteserie på Litteraturhuset fortel fire stipendiatar om korleis forskinga deira bidrar til å løyse globale samfunnsutfordringar.
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

– Utfordringane samfunnet står overfor kan verke uoverkommelege. Med denne samtaleserien ønsker eg å få fram korleis forskarar likevel jobbar med løysingar, steg for steg, fortel Simon Øverland, leiar for UiB sitt satsingsområde Globale samfunnsutfordringar og Senter for internasjonal helse

Han har invitert fire stipendiatar frå ulike fagfelt til å fortelle om forskinga si. Dei jobbar med demens, krigens reglar, byplanlegging og eit klimavennleg helsevesen. Ved første augekast kan det høyrast ut som heilt ulike ting, men Simon ser ein klar raud tråd: dei forskar alle på problem som påverkar oss direkte og som må løysast i nær framtid. 

Fersk og forståeleg forsking  

Simon har bevisst vald å invitere forskarar som er tidleg i karrieren. Stipendiatane står midt i forskingsfronten. Ved å invitere dei får vi altså høyre rykande fersk forsking, meiner han. 

Simon, som sjølv har doktorgrad i psykologi, legg ikkje skjul på at forskarane han har invitert ikkje er tilfeldig utvalde.

– Sjølv om du er akademikar kan det vere vanskeleg å henge med når forskarar på andre felt snakkar. Dei globale samfunnsutfordringane kan ikkje løysast av eitt felt aleine, difor er det viktig at vi forstår kvarandre på tvers av disiplinane. Stipendiatane som deltek i denne møteserien er alle særleg dyktige til å snakke om feltet sitt på ein måte som er mogleg å forstå for oss utanfor. 

Ut av Universitetet, inn på Litteraturhuset 

Simon har vald å arrangere møteserien på Litteraturhuset i Bergen. Slik håper han å også nå publikum utanfor akademia. 

– Ei av dei viktige oppgåvene til Universitetet er å dele kunnskap, og det må og gjerast på fellesarenaer utanfor campus, seier han.  

Sjølv om møta er del av ein serie er det ikkje naudsynt å komme på alle møta. 

– Ingen forkunnskap er naudsynt, og ein kan komme på eitt, to eller sjølvsagt alle møta. 

Forskarar, studentar og andre interesserte bergensarar – alle er velkomne. Når praten først kjem i gong er Simon budd på at det kan bli vanskeleg å halde seg til berre ein time. 

– Heldigvis er det gode moglegheiter for å vere igjen på Litteraturhuset etterpå og diskutere vidare!