Studieplan for BAHF-RELV Religionsvitskap, bachelor, 3 år, vår 2024
Namn på grad
Bachelor i religionsvitskap
Omfang og studiepoeng
Bachelorprogram i religionsvitskap har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.
Fulltid/deltid
Fulltid 3 år/deltid 6 år
Undervisningsspråk
Dei fleste emna i programmet vert tilbydd på norsk, men enkelte emne vert tilbydd på engelsk.
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Studieprogrammet gir kunnskap om religion som eit globalt fenomen. Målet med studiet er å kunne forstå og analysere religion som meiningsberande og identitetsdannande system. Innhaldsmessig fokuserer studiet på religiøst mangfald i fortid og notid. Det gir kunnskap om religion i sine mange utformingar, som varierer med tid og stad, men også inneheld fellestrekk. Tilnærminga er samanliknande og religiøst sett nøytral. Studenten vert kjent med ulike metodar og teoriar som er tatt i bruk i aktuell religionsforsking. Studiet set søkelys på religion som ei dynamisk kraft i samspel med blant anna etikk, kjønn, økonomi, politikk, populærkultur og migrasjon. Eit utvekslingsopphald ved eit utanlandsk universitet er ein integrert del av studiet.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- har kunnskap om eldre og nyare religionar og deira roller i samfunn og kultur i historie og notid
- har kunnskap om sentrale vitskaplege forskingsperspektiv på religion og ulike forståingar av religion
- har innsikt i sentrale religionsvitskaplege omgrep og teoriar
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan kritisk drøfte religionsvitskaplege problemstillingar
- kan kritisk analysere religionshistoriske kjelder
- kan sjå samanheng mellom teori og data frå ulike kontekstar
- kan sjølvstendig teoretisk tenking
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan forstå menneskeleg åtferd i sine kulturelle og religiøse kontekstar
- kan handsame store informasjonsmengder
- kan argumentere munnleg og skriftleg med utgangspunkt i dokumentasjon og vitskapleg forsking
- kan utvikle perspektiv på religion og samfunn som ikkje tar det eurosentriske verdssynet for gitt
- kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk er ein føremon.
Innføringsemne
Bachelorgraden skal innehalde examen philosophicum (10 studiepoeng) og innføringsemne (10-20 studiepoeng), og det er sterkt tilrådd å ta desse emna i det første semesteret. Studentar skal velje eitt av innføringsemna EXFAC00AS - Akademisk skriving eller EXFAC00SK - Språkkunnskap. I tillegg er RELV100 - Religion, kultur og samfunn tilrådd i det første semesteret.
Obligatoriske emne
I tillegg til emna omtalt i avsnittet «Innføringsemne» er følgjande emne obligatoriske i programmet: RELV101, RELV102, RELV103, RELVI250.
Spesialisering
Det vert kravd til saman minst 90 studiepoeng i religionsvitskap. RELV101, RELV102 og RELV103 er obligatoriske emne, saman med RELVI250 (bacheloroppgåve). RELVI250 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.
Spesialiseringa må vidare innehalde to av emna RELV202, RELV202SEM, RELV208, RELV213, RELV221, RELV222, RELV223, RELV224, RELV228, RELV230, RELV232, RELV233, RELV234, RELV236, RELV237, RELV238, RELV239, RELV240, RELV241, eller RELV242.
Etter søknad til instituttet er det mogleg å skifte ut eitt av desse med fagleg relevante emne frå andre fag.
Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.
Tilrådde valemne
Bachelorprogrammet i religionsvitskap har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor fag som er relevante for studentens vidare utdanning eller yrkesplanar. Studentane tek normalt eit semester med frie studiepoeng på utveksling ved eit utanlandsk universitet. Dersom ein ynskjer å gå vidare med lærarutdanning er det tilrådd at ein tek dei 60 frie studiepoenga i eit undervisningsfag.
Rekkefølgje for emne i studiet
Studiet startar med innføringsemne i første semester (haust).
Fagemna vert tilbydd slik:
Vår:
RELV101 Kva er religionsvitskap?*
RELV105 Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion
RELV202/202SEM Spesialiseringsemne±
RELV221 Nyreligiøsitet
RELV224 Hinduism
RELV230 Religion and Media
RELV232 Verdsfilosofiar
RELV236 Reformations in Europe
RELV239 Islamic Religious Thought and Practice
RELV241 Norrøne religionar
RELV242 Religion i kontekst: Sør-Asia og Øst-Europa
RELVI250 Bacheloroppgåve i systematisk religionsvitskap*
Haust:
RELV102 Kristendommen, jødedommen og islam*
RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar*
RELV202/202SEM Spesialiseringsemne±
RELV208 Sami Religion
RELV213 Religion and Science
RELV222 Religionar i antikken
RELV223 Buddhism and Jainism
RELV228 Religion and Politics
RELV233 Religion and Art
RELV234 Religion and Music
RELV237 Religion and the City
RELV238 Religion and World Literature
RELV240 Christians under Islamic Rule
RELV242 Religioni kontekst: Sør-Asia og Øst-Europa
* = obligatorisk emne
± = Det vert tilbydd fleire fordjupingsemne under RELV202/202SEM; sjå UiB og AHKR sine nettsider for oppdatert oversikt .
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
RELV101 bør tas i det første semesteret i ei spesialisering i religionsvitskap. RELVI250 legg til grunn at studenten har tatt minst 45 studiepoeng i religionsvitskap.
Delstudium i utlandet
Eit utvekslingsopphald ved eit universitet i utlandet er ein integrert del av studiet. Utvekslinga går normalt føre seg i det femte semesteret. Ein kan òg velje å vere på utveksling eit heilt år. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet gir både breidde og djupne i læringsutbytet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Eksempel på avtalar som programmet vil trekke fram er:
Aarhus Universitet
Syddansk Universitet
University of Bremen
University of Groningen
School of Oriental and African Studies (SOAS)
Utanlandsopphaldet vert planlagt i god tid på førehand, med hjelp frå studieadministrasjonen. Det blir òg gitt informasjon om utveksling gjennom informasjonsmøte og rettleiing i løpet av studietida. Sjå www.uib.no/utveksling
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisningsformene får studentane moglegheit til å studere faget på ulike måtar, noko som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.
Vurderingsformer
Gjennom programmet vert studentane prøvde på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skuleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.
Vurderingsformene er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei moglegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmet vert éin av to karakterskalaer nytta:
1) A-F der F er stryk
2) greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.
Grunnlag for vidare studium
Ein bachelorgrad i religionsvitskap gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i religionsvitskap.
Relevans for arbeidsliv
Personar med bachelorgrad i religionsvitskap arbeider i mange ulike yrke. Mange arbeider som lærar i ungdomsskulen, i den vidaregåande skulen eller i andre utdanningsinstitusjonar. Andre arbeider i offentleg forvalting, i innvandringsrelatert arbeid, med bistand og nødhjelp, med sakshandsaming, på museum, i reiseliv, i media, i organisasjonsliv, utanriksteneste og humanitært arbeid. Den internasjonale erfaringa eit utvekslingsopphald gir, vert òg etterspurt av arbeidslivet.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@ahkr.uib.no