Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål at studenten gjennom studiet skal tileigna seg eit oversyn over nokre av dei viktigaste religionane i Midtausten, Middelhavslanda og Norden i eldre tid. Studenten skal også tileigna seg ytterlegare kunnskap gjennom studiar av eit utval tekstar knytt til dei enkelte religionane.

Innhald:

Emnet gir ei innføring i Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, herunder egyptisk og mesopotamisk religion, gresk og romersk religion, og norrøn og samisk religion.

RELV105 er ein tilrådd del av spesialiseringa i religionsvitskap, men kan der faglege grunnar tilseier det, søkast om å skiftast ut med eit anna fagleg relevant 15 stp.-emne frå eit anna fag. Emnet kan inngå som ei sjølvstendig eining i ein bachelorgrad

Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har tileigna seg kunnskap om dei viktigaste religiøse førestellingane og rituala i mesopotamisk, egyptisk, gresk og romersk religion, religionane i hellenistisk tid og den romerske keisartida, samt norrøn og samisk førkristen religion.
  • har blitt kjend med eit utval tekstar knytte til dei einskilde religionane.
  • har kjennskap til dei viktigaste religionsvitskaplege problemstellingane knytte til studiet av desse religionane.

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan analysera fagstoff på norsk og engelsk om desse religionane og trekkja eigne slutningar.
  • kan søkja, vurdera og gjera bruk av informasjon om desse religionane.
  • kan skriva ein resonnerande tekst innan dette fagfeltet.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan utvikla vidare dei kunnskapane, dugleik og innsiktene som studiet har gjeve gjennom vidare studiar og arbeidsliv.
  • kan bringa vidare til andre informasjon og teoriar frå dette kunnskapsfeltet.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ein stor del av pensumlitteraturen er på engelsk. Studenten bør ha gode engelskkunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer normalt i form av 15 forelesingar á to timar og gruppeundervisning (om lag 12 dobbelttimar).
Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Studentane skal til fastsett tid levere inn ei skriftleg oppgåve på Mitt UiB. Frist blir oppgitt på Mitt UiB. Oppgåva skal vere på om lag 1000 ord og studentane får to veker til å skrive oppgåva.

2) Deltaking i gruppeundervisning er obligatorisk og det blir kravd minst 50 % frammøte for å få gå opp til eksamen.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer
Eksamen består av ei munnleg prøve.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Vår.

Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1000 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret for religionsvitskap
Emneansvarleg
Programstyret for religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap