Relgion i kontekst: Sør-Asia og Øst-Europa

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset tilbyr ein komparativ diskusjon av religionsvitskaplege relevante tema, basert på historisk og samtidig materiale frå Sør-Asia og Aust-Europa. Kurset inkluderer utvalde tema frå disse to områda, og gir ei innføring i systematiske og komparative tilnærmingar innanfor religionsvitskapen. Tema innanfor emnet, vil vanlegvis alternere kvar gong det vert gitt, og inkluderer eit breitt utval: religiøst mangfald, religion og etnisitet, religiøse handlingar, religiøs mobilitet, nyreligiøsitet, religion og materialitet, religion og litteratur, kunst og musikk, og andre tema.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne, ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • har generell kunnskap om dei diskuterte tema og deira kulturelle kontekstar
  • har gerenell kunnskap om viktige omgrep innafor dei tematiske områda i emnet
  • har generell kunnskap om komparative og systematiske tilnærmingar til religionsvitskapen

Ferdigheiter

  • har evne til å trekke eigne konklusjonar om komplekse tema
  • har lært å skrive akademiske tekstar

Generell kompetanse

  • har erfaring med å handtere store mengder materiale innanfor ein gitt tidfrist
  • har evne til å syntetisere, analysere og skriftleg presentere det bearbeidda materialet

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og vår, men ikke fast

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga redusert med 15 studiepoeng om det vert kombinert med RELV342.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer normalt i form av 10 forelesingar (20 timer)
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Omtale av ei bok frå litteraturlista (ca. 800 ord). Dato for innlevering vert kunngjort på Mitt UiB.

Obligatoriske undervisningsaktivitet vert vurdert med "godkjent/ikkje godkjent."

Vurderingsformer

Vurderingsformer

  • eit essay (om lag midt i semester) på omlag 3000 ord
  • ein 5-dagars heimeeksamen på omlag 3000 ord på slutten av semesteret

Begge eksamensdelane tel 50% kvar av den endelege karakteren.

Begge eksamensdelar må vere avlagt og bestått i eitt og same semester

Eksamensoppgåva vil bli gitt på engelsk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Haust og vår, men ikkje fast.

Det er òg vurdering tidlig vår-/haustsemester (for dei med gyldige obligatoriske undervisningsaktivitetar), dersom emnet hadde undervisning semesteret før.

Litteraturliste

Pensum vert utarbeidd av instituttet og er på omlag 1200 sider.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for religionsvitskap, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)
Administrativt ansvarleg
Instiutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)