Studiestart ved Det psykologiske fakultet
Velkommen som ny student til Det psykologiske fakultet! Det er mange ting å passe på, og mykje informasjon å sette seg inn i når semesteret tar til. På desse sidene finn du viktig informasjon som hjelper deg til ein god semesterstart.
___________________________________________
Desse sidene vert kontinuerleg oppdaterte og supplerte med informasjon om studiestarten 2013 etter kvart som denne vert klar. Dersom det er noko du lurer på eller du treng rettleiing i samband med studia, kan du òg kontakte oss i Informasjonssenteret.
Sjå òg uib.no/utdanning sine sider med informasjon til nye studentar.