Bachelorprogram i informatikk-matematikk-økonomi
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Studieopphald i utlandet
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Kontakt
- Oppbygging
- Studieløp
Introduksjon
Kva vil renta på studielånet ditt vere når du er ferdig med studia? Kor mykje torsk er det i Norskehavet om tjue år? Kva skjer med kronekursen dersom vi har høgare inflasjonsrate enn i utlandet?
I statistikk brukt på økonomi ønskjer vi å skildre samanhengar kvantitativt med matematiske uttrykk. På det grunnlaget lagar vi så prognosar. Dei fleste konstantane som inngår i formlane, er funne ved å studere korleis fenomena har utvikla seg i fortida. Det er klart at dei er usikre, og denne uvissa forplantar seg inn i prognosane. Statistiske metodar hjelper oss til å ha ei meining om kor sikre slike prognosar er.
På studiet vil du lære korleis du kan modellere ulike problemstillingar ved bruk av datamaskiner. Vi legg vekt på programmering og utvikling av effektive metodar for å løyse problema. Modelleringa kan utformast ved hjelp av eit datamaskinprogram eller som ei matematisk formulering. Implementering av løysingsmetodane på datamaskin står sentralt i studiet.
Visste du at ...
Forsikring var eitt av de første områda der ein tok i bruk statistiske metodar for å analysere og berekne risiko?
Studievegar
- Bachelor
I det treårige studiet inngår emne som velferd og økonomisk politikk, modellering og optimering, lineær algebra, mikroøkonomi, marknadsteori, programmering, sannsynlegheitsteknikk og statistikk.
- Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i informatikk, statistikk eller samfunnsøkonomi. Vel du statistikk kan du få aktuarkompetanse.
- Forsking
UiB har gode forskingsmiljø innanfor alle fagretningane som er ein del av studiet, slik som optimering, forsikringsmatematikk og statistikk, finansteori og økonomi.
- Sjå også desse studia
Datateknologi, datavitskap, informasjonsvitskap, informasjons- og kommunikasjonsvitskap, kognitiv vitskap.
Utveksling
Dersom du ønskjer å ta delar av studiet i utlandet, vil vi rå deg til å gjere dette i sjette semester. Vi har i dag avtaler med mellom anna Lunds universitet (Sverige), University of Waterloo (Canada) og University of Newcastle (Australia). UiB har også mange andre avtaler både i og utanfor Europa.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Yrkesvegar
Både offentleg og privat sektor treng personar med solid bakgrunn innanfor matematikk, informatikk, statistikk og økonomi. Naturlege arbeidsplassar for ferdige kandidatar er bank- og forsikringsnæringa, oljesektoren, IKT-næringa, offentleg forvalting, samt forsking og undervising.
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart
Oppstart haust
Mål og innhald
På bachelorstudiet i informatikk-matematikk-økonomi, lærer du korleis du modellerer økonomiske problemstillingar med metodar frå matematikk, statistikk, informatikk og samfunnsøkonomi. Utdanninga gir deg innsikt i alle desse faga slik at du kan analysere og modellere ein konkret situasjon. I dei tre første semestra følgjer du emne frå alle dei tre fagområda, og i dei tre siste semestra spesialiserer du deg i samfunnsøkonomi, statistikk eller informatikk.
Samfunnsøkonomi dreier seg om korleis vi faktisk brukar ressursane våre, som til dømes arbeidskraft og produksjonsutstyr. Men faget tar også opp korleis vi bør bruke ressursane våre. Døme på problemstillingar er kva som er samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon, og kva som er "rett" billettpris på bussen. I statistikk brukt på økonomi ønskjer vi å beskrive samanhengar kvantitativt med matematiske uttrykk. På det grunnlaget lagar vi så prognosar. Det kan gjelde renta på studielånet eller mengda av torsk nokre år fram i tida. Dei fleste konstantane som inngår i formlane, er funne ved å studere korleis fenomena har utvikla seg i fortida. Det er klart at dei er usikre, og denne uvissa forplantar seg i prognosane. Statistiske metodar hjelper oss til å ha ei meining om kor sikre slike prognosar er. På studiet i informatikk lærer du korleis du kan modellere ulike problemstillingar ved bruk av datamaskinar. Vi legg vekt på programmering og utvikling av effektive metodar for å løyse problema. Modelleringa kan utformast ved hjelp av eit datamaskinprogram eller som ein matematisk formulering. Implementering av løysingsmetodane på datamaskin står sentralt i studiet.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY
Obligatoriske emne / spesialisering
Krav til bachelorgraden i informatikk, matematikk og økonomi er følgjande emne:
Dei tre første semestra består av innføringsemnet Ex.phil. og følgjande fagemne: MAT111, INF100, MAT112, MAT121, ECON110, STAT110, ECON 210, INF170.
Frå fjerde semester velgjer studentane ei av tre fordjupingar som gir grunnlag for å søke opptak til mastergrad.
I fordjupingane inngår desse emna i spesialiseringa:
- Statistikk: STAT111, MAT160, ECON340, STAT220, STAT210, MAT131.
- Samfunnsøkonomi: STAT200/STAT111, ECON130, ECON340, ECON230, ECON290. I tillegg må eit av valemna være eit ECON-emne.
- Informatikk: MNF130, STAT111, INF101, ECON310, INF270, INF102. I tillegg må eit av valemna være eit INF-emne.
Studenter som tar MAT101 istedenfor MAT111 i første semesteret må regne med å bruke noe mer tid på studiet. Det er utarbeidet forslag til alternativt studieløp for disse studentene.
Rekkefølje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna.
Delstudium i utlandet
Viss du ønskjer å ta delar av studiet i utlandet, vil vi rå deg til å gjere dette i sjette semester. Vi har i dag avtalar med mellom anna Lunds universitet (Sverige), University of Waterloo (Canada) og University of Newcastle (Australia). Universitetet i Bergen har også mange andre avtalar både i og utanfor Europa.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudier i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Vurderingsformer
Obligatorisk undervisning og vurderingsformer er omtalt under kvart enkelt emne.
Kompetanse for vidare studium
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.
Yrkesvegar
Både offentlig sektor og privat sektor har behov for økonomar med solid bakgrunn innanfor matematikk, informatikk, statistikk og økonomi. Naturlege arbeidsplassar for ferdige kandidatar er bank- og forsikringsnæringa, IKT-næringa, offentlig forvaltning, forsking og undervisning.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.
Fagansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativ ansvarleg
Institutt for informatikk har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studieveileder@ii.uib.no
Søknadsprosedyre
For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?3S29o
Tilrådde forkunnskapar
Bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi bygger på Matematikk R1+R2. Dersom du ikkje har desse forkunnskapane må du rekne med lengre studietid.
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkarar fekk tilbod om studieplass.
Poenggrenser er oppgitt der talet på søkarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
20
Overgangsordninger
Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva
for program som er opne for intern overgang og korleis du søker, finn du på uib.no/utdanning.
Meir informasjon
Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.mnfa@uib.no
55 58 30 30
Oppbygging
Bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (medrekna ex.phil.) og 120 studiepoeng (2 års studium) med spesialisering i ein godkjent fagkombinasjon.
Du vel mellom 3 ulike retningar i siste del av studiet. Dei ulike retningane har ulike obligatoriske emne og gir grunnlag for opptak til ulike masterprogram.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, høst | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, vår | - | - | ||||||||||
| Søknad om permisjon fra bachelorstudier ved MN-fakultetet | - | - | ||||||||||
| Innføringsemne (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| INF100 | Grunnkurs i programmering (Programmering 1) | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Felles del (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT112 | Grunnkurs i matematikk II | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| ECON110 | Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori | 10 | 1-6 | 2 | ||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| ECON210 | Velferd og økonomisk politikk | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| INF170 | Modellering og optimering | 10 | 1-6 | 3 | ||||||||
| Veivalg | ||||||||||||
| Spesialisering i statistikk (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| STAT111 | Statistiske metodar | 10 | - | 4 | ||||||||
| MAT131 | Differensiallikningar I | 10 | - | 4 | ||||||||
| MAT160 | Reknealgoritmar 1 | 10 | - | 5 | ||||||||
| ECON340 | Økonometri I | 10 | - | 5 | ||||||||
| STAT220 | Stokastiske prosessar | 10 | - | 5 | ||||||||
| STAT210 | Statistisk inferensteori | 10 | - | 6 | ||||||||
| Valfrie emne (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Spesialisering i informatikk (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MNF130 | Diskrete strukturar | 10 | - | 4 | ||||||||
| STAT111 | Statistiske metodar | 10 | - | 4 | ||||||||
| INF101 | Vidaregåande programmering (Programmering 2) | 10 | - | 4 | ||||||||
| ECON310 | Mikroøkonomisk analyse | 10 | - | 5 | ||||||||
| INF102 | Algoritmar, datastrukturar og programmering | 10 | - | 5 | ||||||||
| INF270 | Lineær programmering | 10 | - | 5 | ||||||||
| Valfrie emne (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Spesialisering i samfunnsøkonomi (krav: 50 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| ECON130 | Makroøkonomi I | 10 | - | 4 | ||||||||
| ECON230 | Makroøkonomi II | 10 | - | 5 | ||||||||
| ECON340 | Økonometri I | 10 | - | 5 | ||||||||
| ECON290 | Bacheloroppgave | 10 | - | 6 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| STAT200 | Anvendt statistikk | 10 | - | 4 | ||||||||
| STAT111 | Statistiske metodar | 10 | 1-6 | 4 | ||||||||
| Valgfrie emner (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| Valfrie emne. Eit av emna må vere eitt ECON-emne. | ||||||||||||