Hjem

Samfunnsøkonomi, master, 2 år

Ein mastergrad i samfunnsøkonomi gir ei solid fagleg fordjuping. Du får inngåande kunnskap om både økonomisk teori og empiriske metodar, og utviklar kompetanse i å gjere sjølvstendige samfunnsøkonomiske analysar.
  • Lengde2 År
  • Plassar27
  • Karakterkrav3,0
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Med denne utdanninga får du kunnskap som bidrar til at samfunnet kan bruke ressursane sine på ein effektiv og berekraftig måte. Det viktigaste du lærer er å  

  • analysere økonomiske prosessar og verknader av økonomisk politikk 
  • bruke avanserte matematiske og statistiske metodar 
  • gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt  

Med ei brei forståing av tal, analyse og økonomiske samanhengar, blir du godt rusta til å møte arbeidslivet.  

Meir informasjon under

Velg samfunnsøkonomi ved UiB

Produsent:
UiB

Studiekvardag

Som masterstudent i samfunnsøkonomi blir du del av eit godt studentmiljø. Instituttet har eigne lesesalplassar og grupperom for masterstudentane. 

Undervisninga og litteraturen i emna er på norsk og engelsk. Du bruker ca. ti timar i veka på undervisningsaktivitetar som forelesingar, seminargrupper og praktiske øvingar. Ut over dette utgjer sjølvstudium ein stor del av studiekvardagen. 

Ved instituttet er det sterke fagmiljø, og vi tilbyr innovative valemne. Det er forventa at du tar aktivt del i undervisninga. Du får god kontakt med og oppfølging frå dei som jobbar her. 

Når du skal skrive masteroppgåva, får du tilgang til ein prosjektkatalog med eit stort utval av tema. Prosjektskissa leverer du inn i slutten av andre semester på masterstudiet. På bakgrunn av prosjektskissa di får du tildelt rettleiar. Deretter skjer rettleiinga i samband med Førebuingsemne for masteroppgåva (ECON380) og Masteroppgåva (ECON391). 

Tidligare masteroppgåver i samfunnsøkonomi

Kva kan du jobbe som? 

Samfunnsøkonomar er ettertrakta på arbeidsmarknaden. Du kan rekne med godt betalte og utfordrande analysejobbar innan ei rekke ulike bransjar:    

  • Departement, direktorat, Norges Bank, Statistisk sentralbyrå, kommune og fylkeskommune og andre delar av offentleg forvaltning
  • Privat næringsliv som bank, konsulentbransjen, oljebransjen eller industri 
  • Forsking og undervisning 
  • Konsulentselskap innan analyse og utgreiing
  • Nasjonale organisasjonar som LO, NHO
  • Utanrikstenesta og internasjonale organisasjonar som EU, FN, OECD 

Les kva tidlegare studentar arbeider med

Opptakskrav og søknadsfrist

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging

Mastergradsstudiet i samfunnsøkonomi er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.  

1. semester

  • ECON310 Mikroøkonomisk analyse (10 studiepoeng)
  • ECON330 Makroøkonomisk analyse (10 studiepoeng)
  • ECON340 Økonometri I (10 studiepoeng) 

2. semester

3. semester

4. semester

  • ECON391 Masteroppgåve (30 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Vi anbefaler deg å reise på utveksling i andre semester. På utveksling får du sjansen til å studere økonomifag ved ein annan europeisk utdanningsinstitusjon av høg kvalitet. Instituttet har fleire spennande utvekslingsavtalar i blant anna Frankrike, Tyskland, Italia, Portugal, Spania. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter at du har tatt mastergraden i samfunnsøkonomi, kan du søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.). Dette gjer deg endå meir attraktiv på arbeidsmarknaden, ikkje minst dersom du ønsker å gå vidare innan akademia eller forsking.

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 92 00 

E-post: studieveileder.econ@uib.no 

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen

Søk her