Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i naturvitskap

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorstudiet gjev ei grundig innføring i modellering av økonomiske problemstillingar med metodar frå matematikk, statistikk, informatikk og samfunnsøkonomi.

Samfunnsøkonomi dreier seg om korleis vi bør nytte ressursane våre, som til dømes arbeidskraft og produksjonsutstyr, og korleis vi faktisk brukar ressursane. Statistikk brukt på økonomi skildrar samanhengar kvantitativt med matematiske uttrykk. Dette gjev grunnlaget for prognosar. Dei fleste konstantane som inngår i desse uttrykka er funne ved å studere korleis fenomena har utvikla seg i fortida. Konstantane er såleis usikre, og denne uvissa forplantar seg i prognosane. Statistiske metodar hjelper til å ha ei meining om kor sikre slike prognosar er.

Informatikk er læra om korleis man kan modellere ulike problemstillingar ved hjelp av dataprogram. Det vert lagt vekt på programmering og utvikling av effektive metodar for å løyse problem. Modelleringa kan utformast ved hjelp av dataprogram eller som matematisk formulering. Implementering av løysingsmetodane på datamaskin står sentralt i studiet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har brei kunnskap om fagfelta informatikk, statistikk og økonomisk teori.
  • og kan formidle grunnleggjande innsikt frå modellane på ein intuitiv måte.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • har matematiske, statistiske og programmeringsmessige ferdigheiter for å kunne modellere økonomiske og industrielle problemstillingar,
  • kan anvende eit bredt spekter av metodar frå statistikk og informatikk for analyse og modellbygging av økonomiske problemstillingar,
  • meistrer klassiske matematiske felt som kalkulus og lineær algebra, samt grunnleggjande programmering,
  • og kan delta i prosjekt i systemutvikling og programmering.

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • kritisk og analytisk vurdere eige og andre sitt arbeid,
  • arbeide både sjølvstendig og i grupper med andre,
  • på eigenhand utvide sitt kunnskapsfelt,
  • og vurdere juridiske og etiske sider ved arbeidet sitt.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og krav om realfag (REALFA).

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi bygger på Matematikk R1+R2. Gode mattekunnskapar er derfor tilrådd.

Innføringsemne

Ex.phil

Obligatoriske emne

For studenter med studiestart f.o.m. høsten 2019 er følgjande emne nå obligatorisk i studieprogrammet:

MAT101/MAT111/MAT105 , INF100, ECON116, ECON110, MNF130, INF101, ECON210, STAT110, INF102, ECON130, STAT111/STAT200, MAT121, INF140, INF170, Ex.Phil

Spesialisering

Tilrådd studieplan for studenter fra studiestart høsten 2021:

6. semester, vår: Ex.Phil, valemne, valemne

5. semester, haust: INF170, INF140, valemne

4. semester,vår: ECON130, STAT111/STAT200, MAT121

3. semester, haust: ECON210, STAT110, INF102

2. semester, vår: ECON110, MNF130, INF101

1. semester, haust: ECON116, MAT101/MAT111/MAT105*, INF100

*Studentar med R2 fra vidaregåande skule tilrås å velje MAT111

MAT111 er nødvendig for å gå vidare på master i statistikk.

Tilrådd studieplan for studenter med studiestart høsten 2020:

6. semester, vår: Ex.Phil, valemne, valemne

5. semester, haust: INF170, INF140, valemne

4. semester, vår: ECON130, STAT111, MAT121

3. semester, haust: ECON210, STAT110, INF102

2. semester vår: ECON110, MNF130, INF101

1. semester, haust: ECON116, MAT111/MAT105*, INF100

*Studentar med R2 fra vidaregåande skule tilrås å velje MAT111

MAT111 er nødvendig for å gå vidare på master i statistikk.

Tilrådd studieplan for studenter med studiestart høsten 2019:

6. semester, vår: valemne, valemne, valemne

5. semester, haust: INF170, INF140, valemne

4. semester, vår: ECON130, STAT111, MAT121

3. semester, haust: ECON210, STAT110, INF102

2. semester, vår: ECON110, MNF130, INF101

1. semester, haust: Ex.Phil, MAT111/MAT105, INF100

*Studentar med R2 fra vidaregåande skule tilrås å velje MAT111

MAT111 er nødvendig for å gå vidare på master i statistikk.

Tilrådde valemne

Følgjande emne er tilrådde valemne i studieprogrammet:

ECON230, ECON263, ECON290, MAT112, STAT210, STAT220, INF270.

Studentane står fritt til å gjere andre val av emne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta "spesialisering".

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved lærestader i utlandet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid og seminar. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.
Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk blir utstedt når kravene til graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet i informatikk:

Bachelorstudiet gjev grunnlag for masterstudiet i informatikk.

Masterstudiet i samfunnsøkonomi:

Kandidatar som fyller den valfrie delen av bachelorprogrammet med ECON290, ECON230, samt to andre valfrie ECON-emner, har gunnlag for å søke om opptak til masterstudiet i samfunnsøkonomi.

Masterstudiet i statistikk:

Kandidatar som vel MAT111 i 1 . semester, MAT112 i 6. semester, og STAT220 i 5. eller STAT210 i 6. semester, har grunnlag for søke om opptak til masterstudiet i statistikk.

Sjå elles eigne retningsliner for opptak til dei respektive masterprogramma.

Relevans for arbeidsliv

Både offentlig sektor og privat sektor har behov for økonomar med solid bakgrunn innanfor matematikk, informatikk, statistikk og økonomi. Naturlege arbeidsplassar for ferdige kandidatar er bank- og forsikringsnæringa, IKT-næringa, offentlig forvaltning, forsking og undervisning.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@ii.uib.no