Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Nyhende

UiB-historikar evaluerer grunnlovsjubileet

Jubileet i 2014 er truleg det mest omfattande som nokon gong er gjennomført i Noreg.

Historieprofessor Svein Ivar Angell har vært med på et forskingsprosjekt som evaluerer Noregs grunnlovsjubileum i 2014.
Historieprofessor Svein Ivar Angell er med på et forskingsprosjekt som evaluerer Noregs grunnlovsjubileum i 2014.
Foto/ill.:
Joakim Dahl Haaland

Hovedinnhold

Svein Ivar Angell, professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) var med på eit forskingsprosjekt om grunnlovsjubileet, leia av Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning i Oslo. Stortinget var oppdragsgjevar for prosjektet, og ein del av resultata vart nyleg presentert på seminaret «Kunsten å jubilere» ved Universitetet i Bergen.

Angell har studert satsingane under jubileet retta mot barn og unge, som vart definert som den viktigaste målgruppa.

– Under jubileet vart det gjennomført ei rekkje tiltak retta mot barn og unge. Det viktigaste enkelttiltaket var nettstaden «Min stemme», som inneheldt ei rekkje undervisningsressursar som kan nyttast i heile opplæringsløpet frå barnehage til vidaregåande skule, fortel Angell.

Problematisk utføring

Andre sentrale tiltak var «Demokratisenter for unge» ved museet Eidsvoll 1814 og Stortinget si jubileumsgåve til skulane.

– Satsingane mot barn og unge var mynta på å visa fram historia om folkestyret og å legitimera Noreg som liberalt demokrati. Sentrale mål var såleis å fremja demokratisk medborgarskap og kritisk refleksjon, seier historieprofessoren.

Det var likevel ein del aspekt ved måten desse måla vart omsett i praksis på som var problematisk, ifølge Angell.

– Tiltaka retta mot barn og unge var premissbundne på særskilte måtar - dei la til dømes ikkje opp til at den kritiske refleksjonen skulle problematisera det liberale demokratiet eller dei verdiane dette representerer i seg sjølv.

Bok

I ein del av satsingane mot barn og unge var dessutan sjølve utføringsinstruksjonane så detaljerte at dei tenderte mot det illiberale. Dette galdt særleg Stortinget si jubileumsgåve til skulane.

– Hovudproblemet i tilknyting til grunnlovsjubileet var slik sett at målet om å fremja kritisk refleksjon ikkje utan vidare let seg foreina med den institusjonen eit grunnlovsjubileum eigentleg er, konkluderer UiB-historikaren.

Resultata frå prosjektet om grunnlovsjubileet er samla i antologien Kunsten å jubilere. Grunnlovsfeiring og minnepolitikk, redigert av Olaf Aagedal, Pål Ketil Botvar og Ånund Brottveit.