Hjem
Aktuelt
Forsking | Sosiologi

Spanjolar vil ikkje heim

Den norske arbeidsmiljølova gjer at høgt utdanna migrantar ønsker å bli i Noreg. Her får dei muligheit til å leve normale familieliv, noko som er svært vanskeleg i Spania.

Familie på kjøkken
Det spanske arbeidslivet er vanskeleg å kombinere med å ha familie. Derfor velger mange spanske arbiedsmigrantar å bli i Noreg.
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

– Det grenselause Europa, der menneske villig reiser frå land til land, er langt på veg ei myte, seier Susanne Bygnes, postdoktor ved Det sosiologiske institutt ved Universitetet i Bergen. I følgje Bygnes er mykje av forskinga som er gjort på arbeidsmigrasjon innad i Europa gjort på unge folk, og er ikkje nødvendigvis representativ for migrantar som gruppe.  

Susanne Bygnes og hennar kolleger har studert spanske og polske migrantar til Noreg og finn at dei har mange fellestrekk. I ein ny artikkel viser dei at majoriteten av arbeidsmigrantar frå Spania, og særleg dei høgt utdanna, ønsker seg stabile, trygge og godt forankra liv i Noreg. Dei vil ikkje returnere til Spania. Men dette gjeld også for mange av polakkane som har slått seg til i Noreg. Det er ikkje berre sviktande og hardt arbeidsmarked som får menneske til å forlate heimlandet. Migrasjonen er også ein protest mot samfunn med dårlege framtidsutsikter og særleg for spanjolane er det djup mistillit til dei som styrer landet. Først og framst er det likevel kvaliteten på arbeidslivet her, som lokkar folk til Noreg.

Ønsker ikkje flytande liv

Familieliv, økonomiske faktorar og tilhøve i arbeidslivet er sentrale faktorar når migrantane planlegg framtida si. Etter at dei har vore her nokre år finn dei ro, arbeidslivet her gjer at dei tør å stifte familie, dei får venner og knytter seg til den nye plassen. Mange av av dei ender derfor opp med å ønske å bli i Noreg.

– I forskingslitteraturen om migrasjon innad i Europa har mange hevda at arbeidsmigrantar utviklar ein ”migrasjonshabitus”, sagt med andre ord, dei har svak tilknytning til landa dei arbeider i og flyttar seg lett vidare til nye ”jaktmarker”, men vi argumenterer for at dette ikkje er tilfelle med våre informantar. Vi trur at det med å forflytte seg frå land til land, frå stad til stad mykje meir er knytt til livsfase. Dei vi har intervjua med er i tretti og førtiåra, dei ønsker å slå seg ned ein stad, seier Susanne Bygnes. Sjølv har ho jobba særleg med spansk migrasjon til Noreg.

To vekers kontrakter

Arbeidslivet i Spania var allereie før krisa i 2008 det hardaste i Europa, med svært stor makt hos arbeidsgjevarane. Heilt sidan 1990-talet har ein tredjedel av spansk arbeidsstokk bestått av midlertidig tilsette, dette talet er no endå større. Det gjer at det for ein svært stor andel unge er lite forutsigbarheit i arbeidsmarknaden.

– I Spania er det vanleg med arbeidskontrakter som varer i to veker. Det er svært høge krav til kva ein skal yte for arbeidsgjevar, vi har snakka med informantar som må jobbe om nettene, og dermed til dømes ikkje får fri for å ta sjuke barn med til lege. Viss du har ein jobb, er det forventa at du skal leve for jobben. I dette prekariserte (oppsplitta red.mrk) arbeidslivet er vernet for arbeidstakarar svakt, det er knapt mulighet for å ha ei fritid og det vi her i Noreg ser på som eit normalt familieliv.

Polakkar ønsker også å bli i Noreg

Bygnes har også sett på polske arbeidsmigrantar. Dei er svært mange, og driv i større grad enn dei spanske med transnasjonal pendling. Mange av dei kjem til Noreg for ei kort periode. Men rettighetsvernet for arbeidstakarar er ikkje særleg godt i Polen, heller, sjølv om det særleg er økonomiske årsaker til at dei velger å flytte for å arbeide.

– Vi snakkar om ”billige hjerner” frå syd og ”billige hender” frå aust. Men i stor grad er mykje likt, det er mykje av dei same dynamikkane, og vi finn det same harde arbeidslivet i Polen.

Så sjølv om mange nyankomne innvandrarar jobbar i dei meir utsette delene av det norske arbeidsmarkedet, får dei også tilgang til eit arbeidsliv som er forutsigbart og der bedre vilkår er innen rekkevidde for mange.

Baksida av fri flyt

Å heile tida flytte seg til nye land, misser dei fleste lyst til etter ein viss alder. Mens det kanskje startar ut med fridom og sjølvrealisering får mange EU-migrantar over tid ei rekke utfordringar knytt til aukande alder, einsemd, mangel på familieliv og praktiske problem med pensjonar og tilgang til velferdsstaten.

– Forskingsresultata og ideen om ”liquid lives” bygger oppunder at unge elskar det frie grenselause Europa, og blir brukt for å oppretthalde ideen om fri flyt som eit gode. Det legg og eit press på dei unge; om dei ikkje får jobb i heimlandet, kva så, dei har jo muligheten til å jobbe kvar de vil i Europa? Men vårt materiale viser at det unge vaksne ønsker seg aller mest er ”normale” liv, seier Bygnes. Ho slår fast at dersom vi ønsker å behalde høgt kvalifisert utanlandsk arbeidskraft er det beste vi kan gjere å behalde eit godt vern for arbeidstakarar.

– Vi må hugse at Noreg ikkje er noko naturleg førsteval, det er ein utpost, der klimaet kanskje er det største hinderet for spansk trivsel.