Hjem

Aktuelt

ERC Starting Grant

Stipendvinnar valde UiB

Forskaren Saket Saurabh får eit ERC Starting Grant på 13 millionar. Han vel Institutt for informatikk ved UiB når han skal etablera ei forskargruppe.

Saket Saurabh har fått ERC Strating Grant, og skal forska ved UiB.
Saket Saurabh har fått ERC Strating Grant, og skal forska ved UiB.
Foto:
Walter N. Wehus

Indiske Saurabh får eit ERC Starting Grant på kring 13 millionar kroner. Forskingsstipendet skal gå til unge forskarar som er i oppstartsfasen og skal etablera eigne forskarteam som skal driva uavhengig forsking i Europa.  I følgje ERC sine heimesider varer stipendet i fem år og går berre til forskarar som kan visa til eksepsjonelle forskingsresultat.

Saurabh har vore postdoc ved Institutt for informatikk ved UiB, og har vore tilknytta Algoritmegruppen ved instituttet. Dei siste to åra har han derimot vore tilknytta The Institute of Mathematical Sciences (IMSc) i India. Forskargruppa skal derimot etablerast ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Bergen. Frå før har Fedor Fomin ved Algoritmegruppen fått ERC Advanced Grant.

– Kunne reist kor som helst

Pinar Heggernes, professor ved instituttet, er glad for at Saurabh skal vera i Bergen og forska dei neste fem åra. 

– Han kunne i utgangspunktet reist kor som helst, men han har valt å vera her hjå oss, seier ho til uib.no. 

Rektor Sigmund Grønmo gratulerer både Saurabh og instituttet med ERC-løyvinga. 

– Dette er svært bra for heile UiB. Eg er svært glad for at han vil koma hit, det tyder på at han er nøgd med si tidlegare tilknyting til UiB og instituttet. Det er også eit teikn på at instituttet held høg internasjonal kvalitet og at me markerer oss internasjonalt, meiner rektor.

Effektiv problemløysing

Forskingsprosjektet kjem til å etablera tre stillingar i tillegg til Saurabh si, to stipendiatstillingar og ein postdoc. I sitt forrige opphald i Bergen var Saurabh tilknytt Algoritmegruppa ved instituttet. Gruppa forskar på korleis ein kan løysa problem raskast mogleg på ei datamaskin.

Til dømes har eit flyselskap nytte av å finna den mest praktiske og ressurssparande drifta: kor mange pilotar treng ein, kor stort mannskap, kor mykje brennstoff og sjølve logistikken er ting eit dataprogram kan finna ut av.

Saurabh og forskargruppa skal forska på korleis ein kan gjera slike prosessar raskare ved å identifisera unødvendige aspekt i problematikken og kutta dei ut. Ei slik effektivisering kan få store konsekvensar for heile samfunnet, fortel Heggernes.

– Ved å få ting til å gå raskare kan ein få meir ut av avgrensa ressursar, seier ho.

– Forpliktande

I det siste har Institutt for informatikk opplevd fleire suksessar. Mellom anna er Instituttet skildra som det beste i landet og internasjonalt leiande.

Rektor Grønmo trur Institutt for informatikk har oppnådd gode resultat ved ei langsiktig satsing på kvalitet, noko som til dømes viser seg i den tidlegare ERC-løyvingane som har kome instituttet til gode.

– I tillegg har instituttet eit utprega internasjonalt miljø, både mellom stipendiatar, forskarar og studentar. Det er svært verdifullt. Det er all grunn til å gratulera dei med den suksessen dei har og den høge kvaliteteten dei har utvikla.

– Det er velkjent at Bergen er ein av dei aller beste stadane å vera om ein skal forska på algoritmer, meiner Heggernes. Ho trur at eit nytt ERC Grant og Saurabh si forsking vil både motiverande og forpliktande for forskinga ved instituttet.

– Alle vil få eit puff ved å få jobba saman med ein slik ressurs som Saket, slike personar dreg ei heil gruppe opp. På lengre sikt er dette svært forpliktande, no må me jobba endå hardare for å behalda posisjonen vår. Dette tyder mykje for instituttet, men det er også viktig for heile universitetet, meiner Heggernes.

Det har diverre ikkje lukkast uib.no å innhenta kommentarar frå Saket Saurabh sjølv.