Isbrear er klimabarometer
Folgefonna pryder forsida av rapporten frå FNs klimapanel, som vart offentleggjort fredag 27. september. Brear som Folgefonna speglar endringar i klimaet.

Hovedinnhold
Fredag 27. september legg FN sitt klimapanel (IPCC) fram den mest oppdaterte og heilskaplege kunnskapen om endringane i klimasystemet.
Norske forfattarar presenterer hovedfunn frå rapporten i Oslo parallelt med den internasjonale pressekonferansen i Stockholm. Professor Eystein Jansen ved UiB og Bjerknessenteret er hovudforfatter på rapporten.
IPCC har valt å illustrera rapporten med eit bilete av isbreen Folgefonna, som ligg i Hordaland.
Folgefonna fungerer som ein passande illustrasjon for dei siste endringane i klimaet vårt. Isbrear fungerer som eit slags barometer for klimaendringar, skriv professor Jostein Bakke og stipendiat Benjamin Robson i ein artikkel.
Ved hjelp av ulike data viser det seg at isbreen sidan rundt 1850 har vore påverka av dei vekslande vintrane i Europa. Varme og våte vintrar med snø gjer at breen veks. Dei siste 15 åra har breen likevel vorten mindre, trass varme og våte vintrar.
”Dette tyder at me går inn i ein ny fase i klimahistoria, der det me gjer har omskrive klimamessige forhold”, skriv Bakke og Robson.